NOFI210 omfattar eit spesialisert emne frå norrøn filologi, anten av språkleg art eller litterær art eller ein kombinasjon av dei to. Tilbodet av tema vil skifte frå semester til semester, og krava til forkunnskapar vil kunne varierte noko. Faglærar vil gje nærare råd om dette.
Målet med emnet er at studentane skal få høve til å fordjupe seg i eit norrønt tema gjennom eit heilt semester. Det fungerer dermed som ei forlenging av eitt eller fleire av NOFI-emna på 100-nivået. Det tilrådde startgrunnlaget inneber også at emnet kan takast av studentar på faget nordisk, dersom dei minst har kunnskapar som svarar til NOSP103.
Tema våren 2018: Nordiske mellomaldertekstar
Kunnskapar
Ein kandidat som har teke eksamen i NOFI210
- har fått ei djupare innføring i eit norrønfilologisk tema, der det blir lagt vekt på kjennskap til og bruk av primær- og sekundærlitteratur som er sentral for temaet
- har god kunnskap om det spesifikke temaet i kurset
- har innsikt i korleis eit norrønfilologisk tema skal formidlast munnleg og skriftleg
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan drøfte og analysere ei norrønfilologisk problemstilling
- kan velje ut og bruke primærkjelder med forstand
- kan søkje etter og hente inn nødvendig sekundærlitteratur
- kan dokumentere kjeldebruken på ein oversiktleg måte, både gjennom referansesystem og gjennom bibliografisk oppstilling
- kan organisere ei fagleg gransking i ei god, skriftleg form
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan uttrykkje seg klart, terminologisk korrekt og velstrukturert om faglege tema, både skriftleg og munnleg
- kan lese faglitteratur på skandinaviske språk og engelsk og har øvd seg i å lese tekstar på andre språk enn desse
- kan drøfte mellomalderfilologiske problemstillingar og ta sjølvstendig standpunkt
- kan halde fram med kompetanseutvikling og spesialisering på eiga hand
Undervisninga på 200-nivå vil i stor grad bli organisert som seminar med aktiv deltaking. Det blir derfor venta av studentane at dei utfører dei heimeoppgåvene (skriftlege og/eller munnlege) som blir gjevne som del av undervisninga.
Undervisninga i NOFI210 vil som oftast vere samanfallande med undervisninga i NOFI250, og kan også vere samanfallande med undervisninga i norrønfilologiske tema på 300-nivå. I så fall blir det teke individuelle omsyn til dei behova som studentane har på dei ulike kursa.
Omfanget er til vanleg om lag 2 timar i veka i om lag 12 veker. I alt om lag 24 timar undervisning. Dei som vel å skrive semesteroppgåve, får dessutan rettleiing av faglæraren.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan bli aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
1) Oppmøte på minst 75 % av førelesningane.
2) Studentane må halde ein presentasjon (15-20 minuttar) av eit fagleg tema på kurset. Temaet blir avtalt med faglærar, som også godkjenner presentasjonen.
3) Dersom studenten i samråd med faglærar legg opp eit anna pensum enn standardpensumet i emnet, må han levere og få godkjent pensumlista innan kunngjord frist.
4) For studentar som vel semesteroppgåve:
a) Rettleiing frå faglærar er obligatorisk. Studenten må sjølv søkje rettleiing og møte fram.
b) Frist for godkjenning av tema for oppgåva er fem veker før endeleg innlevering.
c) Frist for innlevering av førsteutkastet til oppgåva er tre veker før endeleg innlevering.
Dei obligatoriske arbeidskrava er berre gyldige i undervisningssemesteret.
Ved oppmelding kan studentane velje mellom to eksamensformer:
Anten:
Ein skriftleg skuleeksamen på 6 timar, utan bruk av hjelpemiddel. Eksamenssvaret skal skrivast på norsk, dansk, svensk, engelsk eller tysk.
Eller:
Ei rettleidd semesteroppgåve og ein justerande, munnleg eksamen.
Studenten vel tema for semesteroppgåva i samråd med faglærar. Omfanget av oppgåva skal vere på 13-17 sider (26000-34000 teikn inkl. mellomrom), litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna. Oppgåva skal leverast etter retningslinjer gjevne på Mitt UiB.
Semesteroppgåva skal skrivast på norsk, dansk, svensk, engelsk eller tysk.
Den munnlege eksamenen omfattar semesteroppgåva og pensumet i emnet. Den munnlege eksamenen er justerande i høve til karakteren på semesteroppgåva med inntil 1 karakter opp eller ned.
Under den munnlege eksamenen kan kandidaten bruke norsk, dansk, svensk eller engelsk. Det blir teke omsyn til at utanlandske studentar kan trenge ekstra tid til å formulere seg. Ingen hjelpemiddel er tillatne ved den munnlege eksamenen.
Det er ikkje høve til å bruke semesteroppgåva på nytt i eit seinare semester. Studenten må, i samråd med faglærar, velje eit nytt tema for semesteroppgåva i det aktuelle semesteret.
NOFI210 har eit pensum på 1000 sider av normal vanskegrad (vekta sider). Det er eigne brøkar for vekting av tekstar i original, i omsetjing og for ulike typar av sekundærlitteratur.
For kvart kurs vil det bli utarbeidd eit framlegg til pensum. Det er høve til å skifte ut delar av pensumlitteraturen i samråd med faglærar. I så tilfelle må kandidaten ta kontakt med faglærar så snart som råd og levere og få godkjend pensumlista innan oppgjeven frist.
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: