Emner: NOFI300 Norrøn filologi spesialisert emne I - Vår 2018




Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Norsk, dansk, svensk eller engelsk.

Undervisningssemester

Både vår- og haustsemesteret.

NOFI300 skal takast i det første semester av studiet.

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

NOFI300 omfattar eit tema frå norrøn filologi, anten av språkleg art eller litterær art eller ein kombinasjon av dei to. Tilbodet av tema vil skifte frå semester til semester. Eit særskilt føremål med NOFI300 er at det skal gje øving i vitskapleg metode og i søk av sekundærlitteratur. Derfor skal det takast i det første semesteret av studiet, og det omfattar skriving av ei rettleidd semesteroppgåve.

Målet med NOFI300 er at studentane skal få høve til ytterlegare fordjuping i norrønt, utover det dei har oppnådd i bachelorstudiet, og at emnet skal vere med på å skape breidd og kontrast i masterstudiet.

Tema våren 2018: Nordiske mellomaldertekstar

Læringsutbyte

Kunnskapar

Ein kandidat som har teke eksamen i NOFI300

- har fått innføring i vitskapleg arbeidsmåte på masternivå

- har overblikk over dei viktigaste hjelpemidla til sjølvstendig arbeid innanfor norrøn filologi

- har god kunnskap om det spesifikke temaet i kurset

- har innsikt i korleis eit norrønfilologisk tema skal formidlast munnleg og skriftleg

 

Ferdigheiter

Kandidaten

- kan drøfte og analysere ei norrønfilologisk problemstilling

- kan velje ut og bruke primærkjelder med forstand

- kan søkje etter og hente inn nødvendig sekundærlitteratur

- kan dokumentere kjeldebruken på ein oversiktleg måte, både gjennom referansesystem og gjennom bibliografisk oppstilling

- kan organisere ei fagleg gransking i ei god, skriftleg form

 

Generell kompetanse

Kandidaten

- kan uttrykkje seg klart, terminologisk korrekt og velstrukturert om faglege tema, både skriftleg og munnleg

- kan lese faglitteratur på skandinaviske språk og engelsk og har øvd seg i å lese tekstar på andre språk enn desse

- kan drøfte mellomalderfilologiske problemstillingar og ta sjølvstendig standpunkt

- kan halde fram med kompetanseutvikling og spesialisering på eiga hand

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

-

Studiepoengsreduksjon

Det kan oppstå fagleg overlapping mellom temaet for NOFI300 og NOFI210/211/250 eller NOFI302/303/304. I fall temaet for to kurs delvis er det same, må studenten avtale eit særskilt pensum med faglærar, slik at det blir tilstrekkeleg skilnad mellom tema for dei to kursa.

Krav til studierett

Opptak til masterstudiet i norrøn filologi, masterstudiet i nordisk språk og litteratur eller integrert lektorutdanning med master i nordisk.

Arbeids- og undervisningsformer

Emnet har felles undervisning med NOFI302, NOFI303 og NOFI304.

Undervisninga på masternivå vil i stor grad bli organisert som seminar der studentane må delta aktivt og kome med sjølvstendige bidrag til diskusjonen. Studentane skal utføre dei heimeoppgåvene (skriftlege og/eller munnlege) som blir gjevne som del av undervisninga.

Omfanget er til vanleg om lag 2 timar i veka i om lag 12 veker, i alt om lag 24 timar undervisning. For arbeidet med semesteroppgåva blir det gjeve rettleiing.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan bli aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

1) Oppmøte på minst 75 % av førelesningane.

2) Studentane må halde ein presentasjon (20-25 minuttar) av eit fagleg tema på kurset. Temaet blir avtalt med faglærar, som også godkjenner presentasjonen.

3) Dersom studenten i samråd med faglærar legg opp eit anna pensum enn standardpensumet i emnet, må han levere og få godkjent pensumlista innan kunngjord frist.

4) Utarbeiding av semesteroppgåva:

a) Studenten vel tema for semesteroppgåva i samråd med faglærar. Rettleiing frå faglærar er obligatorisk, men studenten må sjølv søkje rettleiing og møte fram.

b) Frist for godkjenning av tema for oppgåva er fem veker før endeleg innlevering.

c) Frist for innlevering av førsteutkastet til oppgåva er tre veker før endeleg innlevering.

Dei obligatoriske arbeidskrava er berre gyldige i undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Ei rettleidd semesteroppgåve og ein justerande , munnleg eksamen.

Studenten vel tema for semesteroppgåva i samråd med faglærar. Det blir lagt særleg vekt på vitskapleg metode og søk og bruk av sekundærlitteratur. Omfanget av oppgåva skal vere på 13-17 sider (26000-34000 teikn inkl. mellomrom), litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna. Oppgåva skal leverast etter retningslinjer gjevne på Mitt UiB.

Semesteroppgåva skal skrivast på norsk, dansk, svensk, engelsk eller tysk.

Den munnlege eksamenen omfattar semesteroppgåva og pensumet i emnet. Den munnlege eksamenen er justerande i høve til karakteren på semesteroppgåva med inntil 1 karakter opp eller ned.

Under den munnlege eksamenen kan kandidaten bruke norsk, dansk, svensk eller engelsk. Det blir teke omsyn til at utanlandske studentar kan trenge ekstra tid til å formulere seg. Ingen hjelpemiddel er tillatne ved den munnlege eksamenen.

Det er ikkje høve til å bruke semesteroppgåva på nytt i eit seinare semester. Studenten må, i samråd med faglærar, velje eit nytt tema for semesteroppgåva i det aktuelle semesteret.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Bokstavkarakterar A-F.

Vurderingssemester

Litteraturliste

NOFI300 har eit pensum på 1000 sider av normal vanskegrad ("vekta sider"). Det er eigne brøkar for vekting av tekstar i original, i omsetjing og for ulike typar av sekundærlitteratur. For kvart kurs vil det bli utarbeidd eit framlegg til pensum. Det er høve til å skifte ut delar av dette pensumet i samråd med faglærar. I så tilfelle må kandidaten ta kontakt med faglærar så snart som råd og levere og få godkjend pensumlista innan oppgjeven frist.

Emneevaluering

Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no