Mål:
Emnet skal gi ei grundig innføring i eit avgrensa temaområde innanfor nordisk språkforsking.
Innhald:
Kva fagområde emnet dekkjer, ligg ikkje fast, men varierer frå gong til gong emnet blir tilbode. Innhaldet vil vere av relevans for læraryrket.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
¿ har avansert kunnskap på det feltet av nordisk språkforsking som emnet omfattar
¿ har god kunnskap om teoriar og metodar på feltet
Ferdigheiter
Studenten
¿ kan bruke kunnskapen frå feltet i sjølvstendige språklege undersøkingar av avgrensa omfang
¿ kan bruke fagrelevante metodar og vanleg brukte digitale verktøy
¿ kan finne fram til og vurdere kvaliteten på faglitteratur
¿ skriv norsk korrekt og godt
Generell kompetanse
Studenten
¿ kan resonnere om fagrelevante etiske problemstillingar
¿ kan presentere og diskutere språkvitskapleg stoff klart og forståeleg
kan tileigne seg ny kunnskap på avansert fagleg nivå
Undervisninga blir gitt på tre samlingar på to dagar kvar og kombinerer førelesings- og seminarform. I tillegg er det nettbasert oppfølging.
Undervisningsopplegget har som føresetnad at studentane er til stades og deltek aktivt.
Rettleiing på mappeoppgåver.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen.
Frammøte til samlingane er obligatorisk.
Det er obligatorisk å levere utkast til mappetekstane (jf. Vurderingsformer) innan fristar som vert kunngjorde på Mi side, og å motta rettleiing på utkasta. Godkjend aktivitet er gyldig i undervisningssemesteret.
På emnet nyttar ein mappevurdering med tre tekstar på 1500¿2000 ord kvar. Tekstane kan ha ulike fristar for endeleg levering gjennom semesteret. Fristane vert kunngjorde på Mitt UiB. Det vert sett éin felles karakter på mappa på slutten av semesteret.
Mappa skal skrivast på nynorsk. I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.
Pensumet er på om lag 1000 sider av normal vanskegrad.
Litteraturlista vil vere klar innan 1. desember.
Den emneansvarlege fastset pensumet. Dersom dette overlappar i vesentleg grad med pensum som studenten har hatt før, må det leggast opp eit individuelt pensum som den emneansvarlege godkjenner.
Emnet blir evaluert kvar gong.
Studierettleiar kan kontaktast på: evu@lle.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@lle.uib.no