Emner: NOSP102-F Nordisk: Moderne språk (Fjernord) - Høst 2018




Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk. Dansk òg svensk kan og verte brukte i nokon grad.

 

Undervisningssemester

Vår, «partalsår»

Undervisningsstad

Bergen og nettbasert undervisning

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gi studentane eit felles utgangspunkt i studiet av moderne norsk brukt som første- og andrespråk. Det skal byggje opp ein grunnstamme av kunnskap som er naudsynt for norsklærarar, språkkonsulentar og andre som utøver yrke der gode norskspråklege kvalifikasjonar er eit krav. Emnet skal fremje studentane sine skriveferdigheiter i bokmål.

 

 

Innhald:

Emnet har fire hovudtema:

(1) moderne norsk grammatikk, dvs. morfologi (ordoppbygning) og syntaks (setningsoppbygning), både bokmål og nynorsk

(2) ordkunnskap (særleg ordbetydning)

(3) tekstkunnskap

(4) moderne skriftspråkshistorie (frå 1800-talet til moderne bokmål og nynorsk)

 

Dei tre første temaa har vinkling mot norsk både som førstespråk og andrespråk. Norsk språk blir studert som sjølvstendig system, men det blir òg sett inn i typologisk samanheng med tanke på korleis det liknar på og skil seg frå andre språk, og korleis det blir lært av innlærarar med andre førstespråksbakgrunnar.

 

Studiet av den moderne skriftspråkshistoria skal gi studentane forståing av korleis den moderne skriftspråkssituasjonen har oppstått, med to målformer og stor valfridom i rettskrivingane.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskap

Studenten

har brei og god kunnskap om moderne norsk grammatikk (morfologi og syntaks) og metodar for morfologisk og syntaktisk analyse

har god kunnskap om ordbetydning og strukturen i ordtilfanget

har kunnskap om språklege drag ved tekstar

har noko kunnskap om likskapar og skilnadar mellom norsk og andre språk, særleg innanfor grammatikken (morfologi og syntaks)

har noko kunnskap om andrespråkslæring, innlærarspråk og utfordringar i læring av norsk

har god kunnskap om den historiske utviklinga av målformene bokmål og nynorsk og om den systematiske valfridommen innanfor kvar av dei

 

Ferdigheiter

Studenten

kan bruke dei nemnde kunnskapane i praktiske oppgåver med språkleg materiale

skriv korrekt og godt bokmål

 

Generell kompetanse

Studenten

kan gjennomføre faglege oppgåver under rettleiing og formidle resultata skriftleg

kan finne, vurdere og referere til relevant faglitteratur

har innsikt i etiske problemstillingar knytte til handsaminga av språkleg materiale

kan delta i kunnskapsbaserte diskusjonar om norsk språk, om tilhøvet mellom målformene og om norsk som andrespråk

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ex.fac. Språk og kommunikasjon eller tilsvarande. Gode ferdigheiter i skriftleg bokmål.

Studiepoengsreduksjon

Det er full overlapping med NOSP102 og NOSPAN101.

Krav til studierett

Studenten må vere oppteken til NOSP102-F (Vidareutdanning).

Arbeids- og undervisningsformer

To helgesamlingar med førelesingar, til saman ca. 30 timar. Nettbasert undervisning.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei innleveringsoppgåve på bokmål på inntil 500 ord. Det blir gitt skriftleg tilbakemelding på innhald og språkføring.

Vurderingsformer

På emnet nyttar ein heimeeksamen på 7 dagar. Eksamenen skal skrivast på bokmål og bør vere mellom 2500 og 3000 ord. I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Bokstavkarakterar

Vurderingssemester

Vår i «partalsår» og haust i «partalsår»

Litteraturliste

Pensumet er på ca. 1000 sider av normal vanskegrad og vert fastsett av den emneansvarlege i samråd med andre vitskapleg tilsette i nordisk språk og norsk som andrespråk.

 

Litteraturlista vil vere klar innan 1. januar.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert kvar gong.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Programstyret for nordisk

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultetet ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium har det administrative ansvaret for emnet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her: evu@lle.uib.no

Eksamensadministrasjon: evu@lle.uib.no