Emner: RET205 Nordisk retorikk - Høst 2018




Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisningsspråk

Norsk. Dansk og svensk kan og verte brukte i nokon grad.

Undervisningssemester

Vår.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet Nordisk retorikk tar for seg historiske og systematiske aspekt ved retorikken innanfor nordiskfaget. Retorikken fokuserer på litteratur som kommunikasjon i eit samspel mellom avsendar, verk og mottakar. Kurset vil ha vekslande innhald. Dels vil ein fokusere på retorikken i produksjon og resepsjon av litteratur. Men nordiskfaget sin eigen retorikk, til dømes innan litteraturhistorieskriving, vil og vere eit tema. Det vil vere viktig å skapa dugleik i å nytte retoriske omgrep på analysedøme.

Emnet er ein del av bachelorprogrammet i retorikk. Studentar på dette programmet med enkel spesialisering i retorikk, kan ta RET205 som eitt av valemne på 200-nivå.

Studentar på bachelorprogrammet i nordisk, med spesialisering i nordisk språk og litteratur, kan ta RET205 som eit av valemna på 200-nivå i nordisk språk og litteratur.

RET205 kan også takast som frie studiepoeng.

Emnet kan òg inngå som valemne i masterprogrammet i nordisk språk og litteratur.

 

TEMA VÅREN 2018:

 

"Litteratur og demokrati: Offentlighet og deltakelse i samtidslitteraturen"

Emnet legger opp til å diskutere spørsmål om demokrati, deltakelse, klasse og smak i lys av spørsmålet om hvorvidt vi fremdeles kan forutsette at litteraturens rom er en opplyst, kritisk offentlighet. I en tid der den mediale utviklingen har ført til at de felles arenaene for intellektuell deltakelse er færre og ser annerledes ut enn for bare få år siden, spør vi hvordan det stiller seg for litteraturen: I hvilken grad kan vi i dag forutsette at en litterær ytring retter seg mot og blir mottatt i en felles litterær eller allmenn offentlighet? Hvordan og i hvilken forstand blir litteratur lest som samfunnskommenterende eller kritiske ytringer når offentligheten den vender seg mot er i stadig endring, eller ¿ som enkelte hevder ¿ i full oppløsning? Kurset undersøker disse problemstillingene gjennom diskusjoner av romaner, poesi, sakprosa, kritikk og debattekster.

Teoretisk vil emnet hente inspirasjon fra nyere offentlighetsteori, retorikk og kritikkhistorie, mens de litterære eksemplene i hovedsak vil hentes fra det nordiske språkområdet. Selv om emnet er orientert mot en aktuell, samtidig problemstilling, legges det også opp til at diskusjonene skal være historisk perspektivert.

 

Felles undervisning med NOLI212/NOLI312/RET255.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Etter fullført emne har studenten

¿ kunnskap om ulike litterære sjangrar og kva rolle retorikken spelar i dei

¿ oversyn over retorikken sin plass i den nordiske litterære offentlegheita

 

Ferdigheiter

Etter fullført emne kan studenten

¿ nytte retoriske omgrep på ulike tekstar frå nordisk litteratur

¿ analysere kritikk og annan litterær resepsjon retorisk

 

Generell kompetanse

Etter fullført emne kan studenten

¿ sjå og peike på retoriske mønster i nordisk skjønnlitteratur og sakprosa som ikkje er på pensum

¿ finne og forklare retoriske mønster og strukturar i andre nordiskfaglege samanhengar, til dømes knytte til nordisk som forskingsfag og skulefag.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Årsstudium i nordisk språk og litteratur eller RET101 (Allmenn og praktisk retorikk).

 

 

Studiepoengsreduksjon

RET205 og RET255 har full overlapping med kvarandre, slik at ein berre kan få utteljing for eitt av emna.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir normalt gjeve som førelesingar eller seminarundervisning kvar veke

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verta aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Innlevering av pensumliste er obligatorisk.

 

 

 

Vurderingsformer

Eksamenen er ei skriftleg prøve (skuleeksamen) på 6 timar.

I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Det vert nytta bokstavkarakterar frå A til F, der F er stryk.

 

 

Vurderingssemester

Litteraturliste

Pensum er ca. 1000 sider.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

 

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no