Emner: TEAT211 Teaterestetikk og teaterteori - Vår 2018
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor.
Undervisningsspråk
Norsk.
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Bergen.
Mål og innhald
Emnet skal gi studenten ei grunnleggande oversikt over teaterestetikk og teaterteoriar frå slutten av 1700-tallet til i dag. Sentrale teaterestetiske teoriar frå 19. årh. vert gjennomgått, men hovudfokus vil vere på teoriar frå 20. og 21. årh. I tillegg vil emnet også omfatte ei grunnleggande innføring i teatervitskapelig hermeneutikk og kritisk teori.
Formålet med emnet er å utvikle studentens teoretisk-kritiske refleksjonsevne i høve til teater i fortid og samtid.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Etter fullført emne har studenten
- gode kunnskapar om moderne teaterestetiske teoriar
- grunnleggjande forståing for sambandet mellom teori og praksis innan teater
- grunnleggjande kunnskapar om teatervitskapelig hermeneutikk.
Ferdigheiter
Etter fullført emne kan studenten
- gi ei skriftleg utgreiing om ei teaterteoretisk problemstilling
- vurdere og drøfte likskapar og skilnader mellom ulike teaterestetiske teoriar
- drøfte relevansen av ein estetisk teori i høve til ein bestemt teaterpraksis.
Generell kompetanse
Etter fullført emne kan studenten
- vurdere ei teaterframsyning eller ei teaterpraksis i lys av estetiske teoriar
- drøfte teaterestiske spørsmål i samband med samfunnstilhøve.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Tilrådd startgrunnlag er fullført 100-nivå i teatervitskap.
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Denne eksamenen er open for personar utan studierett, etter søknad til Det humanistiske fakultetet.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vert gitt i form av forelesningar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen.
Vurderingsformer
7-dagars heimeeksamen pluss ein justerande munnleg eksamen.
Hjelpemiddel til eksamen
Karakterskala
Karakterskala frå A - F.
Vurderingssemester
Litteraturliste
Emneevaluering
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Emneansvarleg
Administrativt ansvarleg
Kontaktinformasjon
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no