Emner: TYS252 Fordypning i tyskspråklig litteratur med semesteroppgave - Vår 2018
Studiepoeng, omfang
15
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningsspråk
Tysk
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet skal gi fordjupa innsikt i delaspekt av tyskspråkleg litteratur og den relevante litteraturhistoriske samanhengen og/eller fagdidaktikk i eit kultur- og danningsperspektiv. Det skal òg gi innsikt i vitskapleg arbeid (skriving, litteratursøk og kjeldekritikk).
TYS251 eller TYS252 er ein obligatorisk del av spesialiseringa i tysk.
Læringsutbyte
Kunnskap:
Studenten
- har innsikt i dei utvalde pensumtekstane og den litteraturhistoriske konteksten dei står i
- har grunnleggjande kunnskap om sentrale litteraturvitskaplege/analytiske omgrep
Dugleik:
Studenten
- kan relatere dei utvalde pensumtekstane tematisk til den litteratur- og kulturhistoriske konteksten dei står i
- kan bruke eit adekvat omgrepsapparat i sjølvstendige analyser av tekstane
Grunnkompetanse:
- kan bruke eit presist litteraturvitskapleg omgrepsapparat på ulike teksttypar og problemstillingar i arbeidet med litterære tekstar
- kan arbeide sjølvstendig og langsiktig med problemløysing på grunnlag av tileigna faglege kunnskapar
- kan kritisk vurdere og ta stilling til ulike teksttolkingar
- kan skaffe seg og nytta kunnskap på nye område innanfor faget
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ein tilrår at studentane har teke TYS111, TYS112, TYS113 og TYS114 eller har tilsvarande kunnskapar.
Studiepoengsreduksjon
TYS252L (10 stp.)
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
- Undervisninga skjer i form av forelesingar/seminar.
- 4 timar i veka
- 12 veker
Om det melder seg få studentar til eit emne, kan undervisningsforma bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisingsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
To rettleiingar av oppgåva, kvar på om lag ein time.
I løpet av semesteret skal ein og halde ein munnleg presentasjon på om lag 10 minutt med eit skriftleg støtteark på 1 side, ev. med powerpoint eller tilsvarande hjelpemiddel. Studentane vel tema i samråd med faglærar.
Presentasjon med støtteark må vere godkjend av faglærar for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.
Arbeidskrava er gyldige i undervisningssemesteret og i det semesteret som følgjer.
Vurderingsformer
Eksamen er ei rettleia oppgåve og ein justerande munnleg eksamen.
Oppgåva skal skrivast på tysk med to obligatoriske rettleiingar i løpet av semesteret, vere på ca. 5000 ord, ikkje medrekna innhaldsoversyn, oppgåveformulering og litteraturliste, og leverast innan 15. mai. Arbeidet med oppgåva skal ta til etter ca. åtte undervisningsveker, og rettleiingane blir avtalt med faglæraren.
Den munnlege eksamenen (ca. 30 min.) blir arrangert etter skriftleg sensur, er knytt til både oppgåva og pensum i emnet og kan justere karakteren på oppgåva ein karakter opp eller ned.
Oppgåva fyller kravet til det sjølvstendige arbeidet som skal gå inn i ein bachelorgrad.
Hjelpemiddel til eksamen
Karakterskala
Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Litteraturliste
Pensum omfattar ca. 1000 sider, fordelte på to emneområde som kan avgrensast på ulikt vis, t.d. i forhold til epoke, genre, forfattarskap, tema m.m. Kvart emneområde skal bestå av minst tre verk, eventuelt utdrag av verk. Eit utval med lyrikk kan erstatte eitt eller fleire verk. I tilknyting til dette pensumet skal studentane òg lese ca. 100 sider sekundærlitteratur.
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Emneansvarleg
Institutt for framandspråk
Administrativt ansvarleg
Kontaktinformasjon
studieveileder@if.uib.no