Emner: BMED320 Metoder i medisinsk cellebiologi - Høst 2018




Undervisningsspråk

Engelsk

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Emnet har som mål å gje studenten ei teoretisk oversikt over metodar og teknologi som vert brukt i medisinsk grunnforsking, samt å gje studenten eksperimentell erfaring med nokre utvalde metodar i eit aktivt forskingsmiljø. Vidare gjev emnet studenten opplæring i litteratursøk og bruk av referansehandteringsprogram. Studenten vert også trena i korleis presentere problemstillingar og forskingsresultat på ein vitskapeleg måte. Emnet består av en teoretisk del (om lag 4 veker) fulgt av ein praktisk del med laboratoriearbeid (om lag 8 veker).

 

Læringsutbyte

Etter fullført BMED320 kan studenten:

 

Kunnskapar

Kandidaten

 

Ferdigheiter

Kandidaten

 

Generell kompetanse

Kandidaten

 

Tilrådde forkunnskapar

Generelle kunnskapar i molekylærbiologi og cellebiologi. Studentane må kjenne prinsippa for elementære molekylærbiologiske metodar og omgrep som til dømes: restriksjonsenzym, polyakrylamid gel-elektroforese, agarose gel-elektroforese, polymerase chain reaction (PCR), Western blotting og cDNA.

Krav til studierett

Studentar på masterprogrammet i biomedisin ved UiB

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Emnet går over 13-14 veker.

Emnet startar med obligatoriske førelesningar (om lag 4 veker) og fortset med obligatorisk laboratorieundervisning under rettleiing. Antal førelesingar per veke varierer (mellom 8 og 16). Under vekene med laboratoriearbeid vert det forventa normal arbeidsinnsats; om lag 40 timer i veka. Dette betyr at emnet vanskelig kan kombinerast med andre emne.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk oppmøte til undervisinga.

Vurderingsformer

Vurdering i emnet er todelt:

  1. Heimeeksamen etter avslutta teoriundervisning.
  2. Innlevering av skrifteleg semesteroppgåve etter utplassering på lab.

Dei to delane tel høvesvis 55 og 45 prosent av endeleg karakter. Du må bestå begge delane for å bestå emnet.

Karakterskala

A-F

Fagleg overlapp

HUCEL320 og HUIMM306.

Litteraturliste

"Molecular Biology of the Cell", Alberts et al., review-artiklar, originalartiklar og handouts.

Emneevaluering

Skriftleg evaluering via Mitt UiB.

Kontaktinformasjon

Institutt for biomedisin

studie@biomed.uib.no

 

Emneansvarleg:

Inari Kursula, http://uib.no/personer/Inari.Kursula