Emner: ENG339L Masteremne i engelsk lingvistikk I - Vår 2018




Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Engelsk

Undervisningssemester

Haust 

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

ENG339L er eit spesialisert studium i eit tema frå engelsk lingvistikk. Innhaldet i emnet vil variere frå semester til semester. Tilbodet kan til dømes vere kurs med tema frå anvendt lingvistikk, teoretisk lingvistikk, historisk lingvistikk, eller kombinasjonar av desse. 

Læringsutbyte

Ved fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

- har god innsikt i teoretiske og metodiske innfallsvinklar for det feltet som er blitt gjennomgått og kjennskap til nyare forsking innanfor dette feltet

 

Ferdigheiter

Studenten

- er i stand til å anvende sine kunnskaper og ferdigheter i undervisning, formidling og/eller informasjon

- har vidareutvikla evna til å uttrykke akademiske idéar på skriftlig og munnleg engelsk

 

Generell kompetanse

Studenten

- er i stand til å halde fram med eiga kompetanseutvikling og spesialisering på ein sjølvstendig måte

 

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad med spesialisering i engelsk eller tilsvarende 

Tilrådde forkunnskapar

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på Lektorutdanning med master i framandspråk (engelsk, fransk eller tysk) 

Arbeids- og undervisningsformer

Seminar: opp til 16 timar.

 

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studentalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

 

Det er venta at studentane er til stades og tek aktivt del i undervisninga. Dette ligg også til grunn for førebuing til eksamen.

 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen 

Vurderingsformer

Det blir arrangert eksamen i ENG339L kvart semester. Regulær midt i det følgande semesteret.

Eksamen er ein tre timars skoleeksamen. Skoleeksamen kan bli digital.

 

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk. 

Vurderingssemester

Litteraturliste

Pensum i emnet er sett saman av opptil 750 sider lingvistisk faglitteratur. I tillegg til pensum lyt studentane gjere bruk av tilrådd hjelpelitteratur og handbøker. 

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikrigssystem. 

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no