Norsk
Emnet har som mål å gi teoretisk, empirisk og praktisk erfaring i kartografi, inkludert innsamling og presentasjon av geografiske data og tematiske kart.
Emnet skal formidle forståing for alle steg av den kartografiske prosessen, frå innsamling av data til ferdig produsert kart. Prinsippa for korleis vi målar og modellerer den tredimensjonale jordoverflata og representerer den på to-dimensjonale kart står sentralt. Emnet formidlar også forståing av etiske omsyn og maktperspektiv knytt til framstilling og bruk av kart.
Teoretisk tilnærming omfattar også omgrep som romlig organisering og omorganisering av territorium som t.d. nasjonalstatar eller regionar. Kurset gir dessutan ein oversikt over ei rekkje regionale inndelingar (administrative eller statistiske) som brukast til innsamling, omarbeiding og presentasjon av data i norsk offisiell statistikk.
Emnet går gjennom sentrale omgrep knytt til modellering og representasjon av jordoverflata, som datum, koordinatsystem, projeksjonar og skala. Der det er relevant blir kartografiske omgrep sett i eit historisk perspektiv. Omgrepet geografiske data blir definert og eksemplifisert og datafangst blir presentert med spesielt fokus på globale navigasjonssystem, ulike fjernmålingsteknikkar og innhenting av geografiske data frå digitale kartdatabaser. I samband med presentasjon av geografiske data blir prinsippa for normalisering og klassifisering gjennomgått. Vidare vert det jobba med ulike tematiske karttypar og prinsippa for god kartdesign . Studentane får også praktisk erfaring med kartbruk, datainnsamling, bruk av sekundærstatistikk frå statistiske databasar (t.d. SSB), og bruk av rekneeark og GIS-programvare gjennom øvingar.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
Ferdigheiter
Studenten
Generell kompetanse
Studenten
Emnet er ope for studentar ved UiB /maksimum 100 studentar.
Studentar får plass etter denne prioriteringa:
1 førelesing á 2 timer pr. veke.
Totalt 8-10 førelesingar
1 oppgåveseminar/datalab á 2 timer pr. veke.
Totalt 6-8 seminar
Vurderingsform 1: Skriftlege innleveringar av 4 oppgåver
Vurderingsform 2: Skriftlege innleveringar av 3 oppgåver
Vurderingsform 1: Skriftleg eksamen 5 timer
Vurderingsform 2: Skriftleg eksamen 3 timer (65 %) + innlevering (35 %)
Velg mellom vurderingsform 1 eller 2 ved oppmelding til emnet. Det er ikke mulig å bytte vurderingsform etter 1. september.
Karakterskala A-F
GEO111 før haust 2006 gir 3 studiepoeng reduksjon
GEO115 gir 5 studiepoeng i reduksjon
Institutt for geografi evaluerer en tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO110 vil difor bli evaluert minimum kvar tredje gong kurset vert undervist.
Institutt for geografi
Studieveileder@geog.uib.no