Emner: GEOF310 Turbulens i atmosfærens og havets grenselag - Vår 2018




Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Engelsk, norsk dersom berre norskspråklege studentar.

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Kurset gjev ei innføring i turbulens og turbulente energifluksar i atmosfæren sitt grensesjikt og havet sitt blandingslag. Målet er å gje studentane eit grunnlag for vidare studiar innan feltet og tilstrekkeleg bakgrunn for å vurdere kor viktige turbulente prosessar -er for andre problemstillingar innan meteorologi, oseanografi eller klima. Emnet dekkjer homogen turbulensteori med spektrale metodar, definering og måling av turbulente fluksar og verknaden av sjikta i grenselag i atmosfæren og i havet. Budsjettlikningane for turbulent kinetisk energi og temperaturvariasjonar blir utleia og dei ulike ledda blir diskuterte. Det vil bli fokusert på sentrale eigenskapar ved ulike prosessar i blandingslaget i havet og i grenselaget til atmosfæren. Vekselverknadene mellom atmosfære-hav og atmosfære-hav-is vil, saman med turbulensen i grenselaget under is, også bli kort diskutert. Profilane til ulike sporstoff samt hastigheitar og dei turbulente fluksane i atmosfæren og i havet vert skildra og diskutert for ulike pådrag. Det vil også bli gitt ein oversikt over vanlege metodar for bruk av ulike instrument og målingar.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten kunne:

- skildre og samanlikne dei sentrale eigenskapane til grenselaga i atmosfæren og i havet

- identifisere og skissere profilane til sporstoff og turbulente fluksar i grenselaget i atmosfæren og i havet under ulike forhold

- forklare og diskutere dei ulike uttrykka for turbulent kinetisk energi i budsjettlikningane

- skissere eit ideelt energispekter og diskutere dei ulike områda i spekteret

- forklare problemet med turbulent lukking og skissere dei ulike metodane for å løyse dette

- velja strategiar for instrumentering og prøvetaking for måling av turbulente straumar i atmosfæren og havet

- rekne ut og tolke nøkkelparameterar slik som fluksar og turbulent kinetisk energi frå eit datasett ved bruk av direkte og indirekte metodar

Krav til forkunnskapar

Bachelor i meteorologi og oseanografi eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

2 førelesingar á 2+1 timar pr. veke

1 rekneøvingar á 1 timar pr. veke

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Presentasjon av to oppgåver er obligatorisk.

(Gyldig i fire semester: Det semesteret obligatoriske arbeidskrav blir godkjent + tre etterfølgjande semester.)

Vurderingsformer

Munnleg eksamen. Dersom fleire enn 15 påmeldte kan det bli skriftleg eksamen. Tillatne hjelpemiddel på avsluttande eksamen: ingen.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

GEOF311: 5 ECTS 

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Studiekonsulent på Geofysisk institutt: studierettleiar@gfi.uib.no

Institutt

Geofysisk institutt