Emner: INF214 Multiprogrammering - Vår 2018




Undervisningsspråk

Engelsk

Undervisningssemester

Haust.

Mål og innhald

Kurset gjev ein introduksjon til prinsipp for å programmere sikker, påliteleg og robust programvare med mange trådar eller prosessar. Teknikkar innanfor multiprogrammering har ei særs viktig rolle i kurset, men det kan hende at beslekta teknikkar som til dømes hending-styrt programmering blir tatt opp. Kurset kombinerer eit sterkt teoretisk grunnlag med løysing av praktiske øvingar.

Læringsutbyte

Etter å ha bestått kurset skal studenten vere i stand til å:
- Skrive korrekte samtidige program ved å bruke fleire forskjellege programmeringsmodellar, som til dømes felles minne, meldingsorientering, «actors», «futures» og primitivar for data-parallellitet.
- Forstå, relatere til og vere i stand til å bruke synkroniseringsprimitivar på ein god måte.
- Modellere samtidige prosessar/trådar ved å bruke ein formell metode.
- Forklare potensiell køyre-tid problem som kan oppstå når fleire delprogram blir eksekvert samtidig.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

INF101

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjende obligatoriske oppgåver. Obligatoriske aktivitetar er gyldige i to semester; det semesteret aktiviteten godkjennast samt det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen (3 timar). Det er høve til å gje karakter på obligatoriske oppgåver som kan inngå i sluttkarakteren. Dersom det er færre enn 20 deltakarar kan det bli munnleg eksamen

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

Ingen

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Forelesar og Administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev mailto:studieveileder@ii.uib.nostudierettleiar på instituttet.