Mål:
Emnet gir studentane ei elementær innføring i funksjonar av ein variabel med hovudvekt på trigonometriske og eksponensialfunksjonar, grenseverdiar, derivasjon, integrasjon og enkle differensiallikningar. Vidare inneheld emnet grunnleggjande vektoralgebra, og ekstremalpunkt for funksjonar av to variable. Ein lærer å nytte dette til enkel modellering innan biologi, naturvitskap og samfunnsfag.
Innhald:
Emnet inneheld elementær innføring i funksjonar av ein variabel med hovudvekt på trigonometriske og eksponensialfunksjonar, grenseverdiar, derivasjon, integrasjon og enkle differensiallikningar. Vidare inneheld emnet grunnleggjande vektoralgebra, og ekstremalpunkt for funksjonar av to variable.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Etter fullført emne kan studenten: Eigenskaper til grunnleggjande funksjonar som polynomfunksjonar, eksponenesialfunksjonar og trigonometriske funksjonar, derivere funksjonar bygd opp av desse, og nokre standardteknikkar til å rekne ut enkle bestemte og ubestemte integral som involverer desse funksjonane.
Studenten kan gjennomføre drøfting av grafar til funksjonar av ein variabel, grunnleggjande vektorregning, og nytte dette på enkle geometriske situasjonar.
Studenten kan lokalisere og karakterisere ekstremalpunkt for funksjonar av to variable.
Studenten kan gjennomføre enkel modellering som involverer eksponentialfunksjonar og enkle differensiallikningar, og finne løysingar for desse modellikningane.
Ferdigheiter
Etter fullført emne meistrar studenten: Å rekne med grunnleggjande funksjonar som polynomfunksjonar, eksponensialfunksjonar og trigonometriske funksjonar, derivere funksjonar bygd opp av desse.
Studenten meistrar nokre standardteknikkar til å rekne ut enkle bestemte og ubestemte integral som involverer desse funksjonane.
Studenten meistrar drøfting av grafar til funksjonar av ein variabel, grunnleggjande vektorrekning, og bruk av dette på enkle geometriske situasjonar.
Studenten meistrar lokalisering og karakterisering av ekstremalpunkt for funksjonar av to variable.
Studenten meistrar enkel modellering som involverer eksponensialfunksjonar og enkle differensiallikningar og å finne løysingar for desse modellikningane.
Generell kompetanse
Studenten kan grunnleggjande matematiske metodar og dei kan nytta dei til å modellere og finne løysingar på enkle praktiske problem.