Emner: MAT254 Strømning i porøse media - Høst 2018
Undervisningsspråk
Norsk (Engelsk vil bli brukt dersom utvekslingsstudentar følgjer kurset.)
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet gir ei innføring i grunnleggande omgrep og likningar for rørsle av væsker og gassar i porøse media. Modellar for einfase, fleirfase og blandbar fortrengning blir studert, og metodar og prinsipp for å kunne formulere modellane på ulike lengde-skalaer blir gjennomgått. Ein vil og kvalitativt og kvantitativt studere stabiliteten til ulike fortrengningsprosessar. Buckley-Leverett modellen for to-fase flyt blir særskildt analysert.
Læringsutbyte
Etter fullført emne skal studentene kunne:
definere sentrale omgrep som porøsitet, permeabilitet og metning.
forklare skilnaden på blandbar og ikkje-blandbar flyt.
forklare kva ein meiner med harmonisk middel av permeabilitet.
forklare prinsippa bak kapillartrykks-funksjonen, og relativ permeabilitet.
gi ein fullstendig modell for to-fase flyt og utleie metningslikninga.
analysere Riemann-problemet for Buckley Leverett likninga.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
MAT212, PHYS111
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Oppgåver (gyldig i to semester: inneverande + våren etter).
Vurderingsformer
Munnleg eksamen.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Fagleg overlapp
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Forelesar og Administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev studiekonsulenten på Insituttet.