Emner: MIX100 Examen facultatum - Grunnkurs i medie- og interaksjonsdesign - Vår 2018
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Fulltid/deltid
Fulltid
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Media City Bergen
Mål og innhald
Emnet har som mål å gi ein teoretisk og praktisk introduksjon til interaksjonsdesign i eit medieperspektiv, med eit særleg fokus på brukarorienterte perspektiv knytt til mediebruk og -produksjon.
Vidare set emnet utdanninga i ein vitskapsteoretisk kontekst og gir ei forståing av korleis teori og praksis heng saman innan interaksjonsfeltet. Emnet gir òg trening å skrive akademisk kring interaksjonsdesign.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har grunnleggjande kunnskap om aktuelle utfordringar i mediebransjen og kan gjere greie for relevansen av interaksjonsdesign for mediebruk og -produksjon.
- kan demonstrere grunnleggande forståing av interaksjonsdesign med særleg fokus på brukaroppleving og brukarorientert design.
- kan gjere greie for den vitskaplege forankringa til feltet.
Ferdigheiter
Studenten
- kan diskutere mål og kravspesifikasjonar for brukarvenlegheit og brukaroppleving i design av interaktive produkt.
- kan kritisk evaluere designvala knytt til eit interaktivt produkt og foreslå nye løysningar.
- kan produsere enkle interaktive prototypar.
- kan skrive oppgåver som analyserer og reflekterer kring interaksjonsdesign frå ein akademisk ståstad og med bruk av relevante akademiske kjelder.
Generell kompetanse
Studenten
- har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar innan feltet interaksjonsdesign.
- kan utveksle synspunkt og erfaringar med fagfellar innan interaksjonsdesign.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
- INFO262 (5 sp)
- MEPRO100 (5 sp)
- MIX101 (5 sp)
Studentar som tidlegare har tatt MIX101, men ikkje MEPRO100, oppmodast til å ta kontakt med studierettleiar.
Krav til studierett
Bachelorprogram i journalistikk, tv-produksjon og medie- og interaksjonsdesign
Arbeids- og undervisningsformer
Tilrettelagt undervisning i form av workshops og gruppearbeid (om lag 60 timar).
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane har følgjande obligatoriske aktivitetar:
- deltaking i all undervisning
- utvikle ein prototype i grupper
- skriftlege oppgåver
Dei obligatoriske krava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.
Godkjende obligatoriske krav har inga tidsavgrensing.
Vurderingsformer
Studentane blir vurdert gjennom ei skriftleg emneoppgåve basert på pensum og eigen produksjon (3000-4000 ord).
Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester
Haust
Emneevaluering
Emnet blir evaluert av studentane kvart tredjeår, av faglærar kvart år
Programansvarleg
Programstyret ved Institutt for informasjons- og medievitskap
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet, ved Institutt for informasjons- og medievitenskap
Kontaktinformasjon
studierettleiar@media.uib.no
Institutt
Institutt for informasjons- og medievitskap