Mål
Emnet gir ei innføring i årsakene til klimaforandringar og gir eit grunnlag for å forstå dei underliggjande fysiske prosessane som styrer klimavariasjonar på forskjellige tidsskalaer.
Innhold
Emnet forklarer korleis variasjonen i forskjellige eksterne pådrag som variasjonar i solinnstråling, vulkansk aktivitet, forandringar i drivhusgassar og forurensningspartiklar kan bidra til forandringar i klimasystemet sitt energibudsjett og initiere klimaforandringar. Emnet vil vidare gå igjennom korleis forskjellige interne tilbakekoblingsmekanismar styrker eller svekker styrken av klimaforandringane. Videre vil man gjennomgå kva rolle ei forandring av energitransporten i hav og atmosfære spelar for regionale klimavariasjonar.
Emnet vil gjere deltakarane i stand til å samanlikne dei siste hundre års observerte klimaforandringar med tidligare tiders naturlige variasjonar i klima.
Emnet består av video forelesningar, tekst og oppgåver på web i tillegg til tradisjonelle forelesningar og kollokvier. I tillegg til å gjennomføre det web baserte kurset, blir det forventa at studentane deltek i førelesningar og kollokvier. Emnet vil gå over fire veker etterfølgt av ei semesteroppgåve.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- kan forklare dei grunnleggjande fysiske mekanismane bak storskala klimavariabilitet
- forstår dei eksterne klimapådrivarane og årsak til klimavariabilitet
- kan forklare og utrede dei grunnleggjande fysiske tilbakekoblings mekanismane i klimasystemet
- kan utgreie betydninga av hav og atmosfære sirkulasjonen på klima
- kan forklare korleis klima har variert i fortida og korleis desse endringane har blitt rekonstruert
- kan forstå betydninga av havet sitt opptak av varme
Ferdigheter
Studenten
- kan utrede klimafølsomhet og estimere betydninga av eksterne klimapådriv frå sola, vulkanar og endringar i drivhusgassar
- har forbetra sine evner i muntleg presentasjon, vitskapeleg skriving, og diskusjon
Generell kompetanse
Studenten
- har forbetra sine evner i kritisk tenkning og fysiske forståing
- har tileigna seg tverrfaglig forståing om koblingar mellom menneskeleg påverknad av naturen og jordsystemet, samt forståing for koblinga mellom klima, miljø, økonomi og demografi
Emnet er opent for studentar frå alle fakultet så lenge dei fyller krav til forkunnskapar.
http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Obligatorisk oppmøte på forelesningar (6 av 8) over fire veker i oktober
Følge MOOC kurset "Causes of Climate Change"
Aktiv deltaking i gruppearbeid. Innlevering av semesteroppgåve
Godkjent obligatorisk aktivitet er gyldig kun i semesteret den blir godkjent.