Mål:
Emnet har som mål at studenten gjennom studiet skal tileigna seg eit oversyn over historia til og gode kunnskapar om hinduisme og buddhisme, og kunnskapar om historia og særtrekk til dei andre religionane. Studenten skal også studere eit utval tekster knytt til hinduismen og buddhismen.
Innhald:
Emnet gjev ei innføring til hinduismen, buddhismen, sikhismen, jainismen og zoroastrismen, samt kinesiske og japanske religionar. Særleg vekt er lagt på hinduismen og buddhismen.
RELV103 er ein obligatorisk del av bachelorstudiet og årsstudiet i religionsvitskap.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Studenten
Ferdigheiter:
Studenten
Generell kompetanse:
Studenten
To oppgåver (mellom 800 og 1200 ord) skal leverast i løpet av semesteret. Oppgåvene skal leverast på Mitt UiB.
Obligatoriske undervisningsaktivitetar vert vurdert til godkjent/ikkje godkjent.
Godkjenninga av obligatoriske undervisningsaktivitetar er gyldig i undervisningssemesteret og to påfølgjande semester.
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
Prøva har to komponentar: eit essay og 10 spørsmål som skal svarast på kort. Både essayet og spørsmåla må fylle eit minimumskrav for at studenten skal få greidd karakter på eksamen. Minimumskravet på spørsmålsdelen er 5 poeng (det er mogleg å få 0, ½ eller 1 poeng på kvar spørsmål).
Spørsmåla tel 40 prosent og essayet tel 60 prosent i karaktersetjinga på RELV103.
Haust.
Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar.
Pensum vert utarbeidd av instituttet og omfattar om lag 1000 sider. Undervisning og eksamen baserer seg på denne litteraturen.
Litteraturlista vil vere tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.
Studierettleiar:
Eksamensadministrasjon:
© 2024 Universitetet i Bergen
Adresse: Postboks 7800, 5020 Bergen
Telefon: 55 58 00 00
Kontakt: kvalitetsbasen@uib.no
Ansvarlig: Studieavdelingen