Emner: RELV234 Religion og musikk - Vår 2018




Studiepoeng, omfang

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Engelsk 

Undervisningssemester

Kurset blir gjeve to gonger, haustsemestra 2016 og 2018. 

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Kursets mål er å gje ei innføring i:

- hovudtypane av musikk (resitasjon, annan vokal musikk, annan rituell musikk) innafor hinduisme, buddhisme, jødedom, kristendom og islam;

- dei viktigaste ulikskapane i synet på musikk innafor kvar og ein av desse fem religionane;

- overtydingar og debattar om musikk innafor desse fem religionane;

- metodar og teoretiske perspektiv i studiet av religion og musikk;

- korleis religiøs musikk blir nytta i populærkultur og reklame; og

- korleis religiøs musikk blir nytta i religionskritikk.

Emnet kan inngå som valemne i ei spesialisering i religionsvitskap. 

Læringsutbyte

Ved fullført studium har studenten oppnådd følgjande:

Kunnskapar

- ein generell kunnskap om hovudtypar av musikk, om ulikskapar i synet på musikk, og om overtydingar og debattar om musikk innafor hinduisme, buddhisme, jødedom, kristendom og islam;

- ein generell kunnskap om metodar og teoretiske perspektiv i studiet av religiøs musikk;

- kunnskap om korleis religiøs musikk blir nytta i populærkultur, reklame og religionskritikk; og

- evne til å analysere religiøs musikk med hjelp av nokre sentrale religions- og musikkvitskaplege metodar og teoretiske perspektiv;

- evne til å setja kunnskapane om religiøs musikk inn i vidare religionsvitskaplege samanhengar.

Ferdigheiter

- evne til å finne fram til kjelder om problemstillingar innanfor fagfeltet på eiga hand;

- evne til å analysera fagstoff og trekkja eigne slutningar;

- evne til å skriva ein resonnerande tekst;

- evne til å formidla informasjon om fagfeltet til andre både skriftleg og munnleg.

 

Generell kompetanse

Evne til å skaffa seg informasjon på eiga hand, til å vurdera han kritisk og vitskapleg og til å bringa han vidare til andre på forståeleg vis. 

Krav til forkunnskapar

Ingen 

Tilrådde forkunnskapar

Heile pensum er på engelsk. Studenten treng derfor gode engelskkunnskapar.

Studiepoengsreduksjon

Fullt overlapp med RELV334 

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitet i Bergen.Eksamen er open for studentar utan studierett etter søknad til Det humanistiske fakultet. 

Arbeids- og undervisningsformer

Normalt 10 forelesingar à to timar pluss 5 seminar à fire timar, totalt 40 timar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

Eksamen er ei skriftleg prøve på seks timar. Prøva har to komponentar: 10 spørsmål som skal svarast på kort og eit essay.

Både spørsmåla og essayet må fylle eit minimumskrav for at studenten skal få greidd karakter på eksamen. Minimumskravet på spørsmålsdelen er 5 poeng (det er mogleg å få 0, 1/2 eller 1 poeng på kvart spørsmål) .

Spørsmåla tel 20 prosent og essayet tel 80 prosent i karaktersetjinga. 

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

I vurderinga vert det nytta ein gradert karakterskala frå A til F, der A er beste karakter og F er ikkje bestått 

Vurderingssemester

Litteraturliste

Pensum er på omkring 1200-1500 sider. Heile pensum er på engelsk.  

Emneevaluering

Emnet vert evaluert kvar haust.

Programansvarleg

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Kontaktinformasjon

studierettleiar@ahkr.uib.no