Kursets mål er å gje ei innføring i:
¿ hovudtypane av musikk (resitasjon, annan vokal musikk, annan rituell musikk) innafor hinduisme, buddhisme, jødedom, kristendom og islam;
¿ dei viktigaste ulikskapane i synet på musikk innafor kvar og ein av desse fem religionane;
¿ overtydingar og debattar om musikk innafor desse fem religionane;
¿ metodar og teoretiske perspektiv i studiet av religion og musikk;
¿ korleis religiøs musikk blir nytta i populærkultur og reklame; og
¿ korleis religiøs musikk blir nytta i religionskritikk.
Emnet kan inngå som valemne i kursdelen i masterprogrammet i religionsvitskap.
Ved fullført studium har studenten oppnådd følgjande:
Kunnskapar
¿ ein generell kunnskap om hovudtypar av musikk, om ulikskapar i synet på musikk, og om overtydingar og debattar om musikk innafor hinduisme, buddhisme, jødedom, kristendom og islam;
¿ ein generell kunnskap om metodar og teoretiske perspektiv i studiet av religiøs musikk;
¿ kunnskap om korleis religiøs musikk blir nytta i populærkultur, reklame og religionskritikk; og
¿ evne til å analysere religiøs musikk med hjelp av nokre sentrale religions- og musikkvitskaplege metodar og teoretiske perspektiv;
¿ evne til å setja kunnskapane om religiøs musikk inn i vidare religionsvitskaplege samanhengar.
Ferdigheiter
¿ evne til å finne fram til kjelder om problemstillingar innanfor fagfeltet på eiga hand;
¿ evne til å analysera fagstoff og trekkja eigne slutningar;
¿ evne til å skriva ein resonnerande tekst;
¿ evne til å formidla informasjon om fagfeltet til andre både skriftleg og munnleg.
Generell kompetanse
Evne til å skaffa seg informasjon på eiga hand, til å vurdera han kritisk og vitskapleg og til å bringa han vidare til andre på forståeleg vis.
Ingen
Eksamen er ei skriftleg prøve på seks timar. Prøva har to komponentar: 10 spørsmål som skal svarast på kort og eit essay.
Både spørsmåla og essayet må fylle eit minimumskrav for at studenten skal få greidd karakter på eksamen. Minimumskravet på spørsmålsdelen er 5 poeng (det er mogleg å få 0, 1/2 eller 1 poeng på kvart spørsmål .
Spørsmåla tel 20 prosent og essayet tel 80 prosent i karaktersetjinga.