Haust
Studentane skal utvikle ei inngåande forståing av og dugleik i bruk av ulike kvalitative tilnærmingar i empirisk sosiologisk arbeid. Det vert lagt vekt på utvikling av forståinga for heile forskingsprosessen frå problemstilling til analyse. Emnet gir også studentane ei forståing av kva som er mogleg med omsyn til kombinasjon av ulike kvalitative metodiske tilnærmingar, og etiske problemstillingar i kvalitativ forsking.
Emnet gir ei innføring i kvalitative tilnærmingar og kvalitativ forskingstradisjon. Studentane gjennomfører eit avgrensa kvalitativt forskingsprosjekt, og arbeider med utvikling av problemstillingar og produksjon av ulike former for kvalitative data, til dømes gjennom arbeid med dokument, feltarbeid og intervju. Vidare arbeider dei med analyse av slike data. Det blir lagt vekt på grunngjevinga for og kva som er mogleg i ulike kvalitative tilnærmingar gjennom heile forskingsprosessen. Dette vert drøfta med utgangspunkt i konkrete forskingsdøme og arbeidet til studentane under kurset.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Etter gjennomført emne har kandidaten
Ferdigheter
Etter gjennomført emne kan kandidaten
Generell kompetanse
Etter avslutta emne kan kandidaten
studieveileder@sos.uib.no