Emner: TEAT301 Teaterhistorie, historiografi og vitenskapsteori - Vår 2018
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Master.
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Haust.
Undervisningsstad
Bergen.
Mål og innhald
Emnet skal gjennom historiske djupstudium, innføring i kjeldekritiske metodar og teaterhistoriografiske teoriar, gi studenten innsikt i og forståing av eldre og nyare teaterhistorie og historieskriving.
Innføring i vitskapsteori skal bidra til ei djupare filosofisk-estetisk forståinga av teater og gi metodiske og kritiske reiskapar for arbeidet med teaterhistoriske emne og systematiske område innanfor teatervitskapen.
Emnet er obligatorisk i masterstudiet i teatervitskap.
Læringsutbyte
Kunnskapar
Etter fullført emne har studenten
- avanserte kunnskapar om utvalde felt innanfor teaterhistoria
- avanserte kunnskapar om teaterhistoriografiske teoriar og metodar
- god forståing for dei underliggande vitskapsteoretiske problemstillingar i teatervitskapen
Ferdigheiter
Etter fullført emne kan studenten
- samanlikne og vurdere ulike teaterhistoriografiske standpunkt
- analysere ein teaterhistorisk tekst ut frå historiografiske perspektiv
- utøve teaterhistorisk kjeldekritikk
Generell kompetanse
Etter fullført emne kan studenten
- drøfte ulike måtar å framstille teaterhistoriske emnar
- bidra til teaterhistorieskrivinga
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved masterprogrammet i teatervitskap.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vert gitt i form av førelesingar ved faglærarar og gjesteforeleserar. Studentane skal etter avtale med faglærar bidra med kortare seminarinnlegg.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen.
Vurderingsformer
Sju dagars heimeeksamen (om lag 5000 ord) med justerande munnleg prøve.
Hjelpemiddel til eksamen
Karakterskala
karakterskala A - F.
Vurderingssemester
Litteraturliste
Pensum består av om lag 1000 sider omfattande teaterhistoriske spesialstudium, historiografisk teori og vitskapsteori.
Emneevaluering
Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret for MAHF-TEAT
Emneansvarleg
Administrativt ansvarleg
Kontaktinformasjon
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no