Arkeologifaget har som mål å gi ei forståing av korleis menneska har tilpassa seg naturtilhøve og økologi, og av korleis dei har utvikla levemåtar og samfunnsformer opp gjennom tidene. Faget tek for seg heile tidsspennet frå dei første menneska fram til og med mellomalderen.
Sidan kjeldene til denne forståinga i hovudsak er ikkje-skriftlege, vil fortolkingane som arkeologane gjer av fortida, oftast basera seg på studiar av gjenstandar og av materiell kultur i vidare forstand.
Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Kandidaten:
Kandidaten har godt oversyn over nordisk, europeisk og global arkeologi frå menneska si tidlege utvikling og fram til og med mellomalder. Gjennom fordjupingar vil studenten ha særskild god innsikt i nokre sentrale arkeologiske tema, teoriar og forskingstradisjonar innanfor steinalder, bronsealder, jernalder, mellomalder, Midtausten si arkeologi, Afrika si arkeologi eller klassisk arkeologi. Vidare vil kandidaten ha god innsikt i arkeologisk teori og sentrale kjelde- og metodespørsmål.
Ferdigheiter:
Kandidaten:
Studenten kan drøfte arkeologiske problemstillingar og kritisk vurdere arkeologiske framstillingar. Studenten kan analysere arkeologiske data, kjelder og litteratur, samt dra konklusjonar basert på dette materialet.
Generell kompetanse:
Kandidaten:
Kandidaten har røynsle med å handsame store informasjonsmengder, og i å formidle arkeologisk kunnskap både munnleg og skriftleg. Kandidaten har kompetanse til å setje seg inn i nye problemfelt, og analysere og diskutere tema og problemfelt. Kandidaten har kompetanse i akademisk drøfting og til å relatere seg til akademisk litteratur på ein vitskapleg måte.
Studiet startar med innføringsemne i første semester.
Det andre semesteret tar studenten oversiktsemnet ARK110 og eitt av fordjupingsemna ARK111, ARK112 og ARK113. Tredje semester er sett saman av oversiktsemnet ARK120 og eitt av fordjupingsemna ARK121, ARK122 og ARK123. I det fjerde semesteret tar ein emnet ARK210 Teori og metode, ARK250 Bacheloroppgåve i Arkeologi, og eitt fordjupingsemne i arkeologisk teori og metode anten ARK212, ARK213 eller ARK214.
Det blir tilrådd at studentane har avlagt eksamen i alle emna på 100-nivå og ARK210 Teori og metode, før dei avlegg eksamen i ARK250 Bacheloroppgåve i arkeologi.
Programmet kan inkludere eit delstudium i utlandet for dei som ynskjer det. Eit opphald ved eit utanlandsk universitet kan gje både breidde og djupne i læringsutbyttet til studiet, i tillegg til språkkunnskapar og verdfull internasjonal røynsle. UiB har utvekslingsavtalar med universitet i hele verda. Eksempel på avtaler som programmet vil trekke fram er University of Durham, Christian-Albrechts-Universität zu Kiel og Universitetet i Lund.
Eit utanlandsopphald bør planleggjast i god tid på førehand, og studiekonsulent på programmet rettleiar gjerne i prosessen. Sjå www.uib.no/utveksling.
Gjennom spesialiseringa i arkeologi vert studentane prøvd på ulike måtar, til dømes ved skoleeksamen, heimeeksamen, munnleg prøve og semesteroppgåve.
Vurderingsforma er tilpassa emnets art og innhald, og ulike vurderingsformer er valt for å prøve studentane i ulike typar kunnskap og for å gi dei mogelegheit til å utvikle kompetanse i ulike former for skriftleg presentasjon.
Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:
Sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Ein bachelorgrad i arkeologi kan gje grunnlag for vidare studium på masterprogram i
arkeologi.
Det humanistiske fakultet v/Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap har det administrative ansvaret for studieprogrammet.
Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål:
Studierettleiar@ahkr.uib.no