Studieprogram: BAHF-FILO Bachelorprogram i filosofi - Vår 2019




Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Filosofien har ein lang tradisjon og mange sentrale berøringspunkt med andre vitskapar, samstundes som den også tek opp meir allmenne spørsmål som til dømes tilhøvet mellom vitskap, teknologi og kultur, tru og viten, språket og verda, individ og samfunn, makt og legitimitet osb. Det er eit særskild kjenneteikn ved filosofi som fag at god innsikt i dets eige historie er ein sentral del av faget sjølv. Gjennom arbeid med grunnleggjande filosofiske problemstillingar like frå antikken til vår eiga tid vil studentane få forståing av filosofien sin eigenart, med tema frå både teoretisk filosofi (kunnskapsteori, metafysikk, vitskapsfilosofi med meir) og praktisk filosofi (etikk, politisk filosofi, estetikk med meir).

Studentane vil få omfattande trening i å lese og fortolke filosofiske originaltekstar. Dei får høve til å fordjupe seg i filosofiske valemne og trening i å arbeide sjølvstendig med analyse og argumentativ drøfting av grunnleggjande problemstillingar. Oppøving av skriftleg og munnleg formidling står sentralt.

Studiet blir avslutta med ei bacheloroppgåve (FIL252). Her får ein høve til å arbeide sjølvstendig og under individuell rettleiing med eit avgrensa filosofisk tema.

Bachelorstudiet i filosofi gjev grunnlag for opptak til praktisk pedagogisk utdanning (PPU) og til masterstudiet i filosofi.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Ein bachelor i filosofi skal ha

Dugleik:

Ein bachelor i filosofi skal kunne

Kompetanse:

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen utover opptakskrava.

Innføringsemne

Førstesemesteret i bachelorprogrammet i filosofi inneheld inntil 20 studiepoeng med ex.phil. og ex.fac., samt emnet FIL124 Introduksjon til praktisk filosofi:

  • Introduksjon til praktisk filosofi - 10 studiepoeng
  • Fullførte innføringsemne frå andre fakultet og program ved UiB og andre utdanningsinstitusjonar med eit minimumsomfang på 20 studiepoeng inklusive examen philosophicum kan godkjennast og innpassast i fakultetet sine bachelorprogram. FIL124 - Introduksjon til praktisk filosofi - 10 studiepoeng er ein del av filosofispesialiseringa.

    Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 10 studiepoeng med ex-phil. og 20 studiepoeng med ex.fac.

    Obligatoriske emne

    Spesialiseringa i filosofi har eit omfang på 90 studiepoeng (1 ½ år) og er sett saman av obligatoriske emne på til saman 70 studiepoeng og valfrie filosofiemne på tilsaman 20 studiepoeng.

     

    Dei obligatoriske emna er:

     

    Dei 20 valfrie studiepoenga av spesialiseringa kan veljast frå følgjande emne:

    Tilrådde valemne

    Som nemnt ovanfor inneheld bachelorprogrammet 20 studiepoeng med ex.phil. og ex.fac og 90 studiepoeng i spesialiseringa i filosofi. Dei resterande 70 studiepoenga i programmet er såkalla frie studiepoeng. Her kan studenten velje emne innanfor skulefag, språkfag, historie- og kulturfag, estetiske fag eller andre fag som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar.

    Rekkefølgje for emne i studiet

    Tilrådd progresjon i studiet:

    Krav til progresjon i studiet

    For ein fulltidsstudent er normal studieprogresjon 30 studiepoeng kvart semester.

    Studiestader

    Bergen

    Delstudium i utlandet

    Ein kan ta delar av bachelorutdanninga di som utvekslingsstudent i eit anna land. Du kan velje blant Universitetet i Bergen sine avtaler i heile verda, anten for å studere innan spesialiseringane i programmet, eller for å ta frie studiepoeng i graden. Emna må førehandsgodkjennast av UiB.

    Undervisningsmetodar

    Programmet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes forelesingar, seminar, individuell rettleiing og grupperettleiing.

    Sjå emneplanen for det einskilde emnet.

    Vurderingsformer

    Gjennom programmet blir studentane prøvd på ulike måtar, eksempelvis ved skuleeksamen, heimeeksamen, rettleia oppgåve og munnleg prøve.

    Sjå emneplanen for det einskilde emnet.

    Karakterskala

    Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

    1) A-F, der F er stryk

    2) Greidd/ikkje greidd

    Sjå emneplanen for det einskilde emnet.

     

    Grunnlag for vidare studium

    Bachelorprogrammet i filosofi kvalifiserer for opptak til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) og til masterprogrammet i filosofi.

    Relevans for arbeidsliv

    Bachelorprogrammet gir særskild kompetanse til sjølvstendig kritisk analyse. Denne typen kompetanse kan nyttast på fleire felt som til dømes å identifisere problemområde innan eit saksfelt og vise forståing for desse i eit historisk perspektiv eller i meir systematiske samanhenger. Personar med denne kompetansen finn ein blant lærarar, kulturarbeidarar og personar som arbeider innan forvaltning og offentleg administrasjon, det private næringslivet og konsulentar innan forlagsverksemder, i forlagsbransjen, i tidsskrift- og avisredaksjonar, i radio og fjernsyn, i biblioteka, som undervisarar på folkehøgskulane, eller som kulturarbeidar reint allment. Ein finn dei også som sakshandsamarar og som konsulentar i offentlege og private verksemder.

    Ved å byggje ut bachelorgraden med eittårig praktisk-pedagogisk utdanning er ein kvalifisert til stilling som adjunkt i skulen. Ved påbygging til mastergrad blir ein kvalifisert for vidare studium formidling i tillegg til undervisning på høgre nivå.

    Evaluering

    Evaluering av programmet blir gjennomført i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.