Studieprogram: BAHF-KIN Bachelorprogram i kinesisk - Vår 2019




Fulltid/deltid

Fulltid.
Om du vil ta heile eller delar av studiet som eit 50% deltidsstudium, kan du vende deg til studierettleiar.

Undervisningsspråk

Undervisningsspråket på kinesiskemna er kinesisk og engelsk/norsk. Sjå den einskilde emneplanen for emna som inngår i programmet.

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Kina er i dag ei økonomisk og politisk stormakt som ikkje berre spelar ei viktig rolle i sin eigen region, Aust-Asia, men òg i ein global samanheng. Som historisk sentrum i den austasiatiske sivilisasjonen er kinesisk kultur på mange måtar svært ulik vår eigen. Gjennom studiet av kinesisk møter studenten ei ny og fascinerande verd, der kjente element eksisterer i ein framandkulturell kontekst.

 Som tale- og skriftspråk for 1, 3 milliarder menneske er kinesisk det mest talte morsmålet i verda, og det dannar ein naturleg innfallsport til ein kulturkrins der gamalt og nytt lever side om side. Store mengder ny informasjon kan verte tilgjengeleg for dei som lærer å kjenne kinesisk språk og kultur, og kjennskap til kinesisk ordforråd og skriftteikn er også til stor hjelp når ein skal lære japansk eller koreansk. Kinesisk skil seg frå vestlege språk på ei rekkje punkt, og det er både utfordrande og spennande å få innsikt i det kinesiske skriftuniverset. Det blir òg lagt vekt på praktisk meistring av moderne kinesisk språk, der studenten får intensiv trening i å snakke, forstå, lese og skrive kinesisk. Studenten får elles grunnleggjande kunnskapar om historie, samfunnstilhøve og kultur, samt moglegheit for fordjuping i eit Kina-relatert tema.

Hovudvekta i studiet vert lagd på språktileigning og språkforståing. Kinesisk er eit tidkrevjande språk å lære i høve til nære europeiske språk, ikkje minst grunna skriftsystemet. Det er derfor viktig å ha eit realistisk bilete av oppnåeleg språknivå. Etter eit års studium skal studentane vere i stand til å halde enkle samtalar om avgrensa tema og skrive enkle stilar ved hjelp av ordbok. Etter to år opplever mange at dei har eit større passivt vokabular og teiknforråd, men at dei framleis ikkje meistrar naturleg samtale. Vi oppmodar derfor studentane til å nytte seg av UiB sine utvekslingsavtalar i løpet av studiet, for å få den rette balansen mellom teoretiske og praktiske språkkunnskapar. Ved å studere ved eit kinesisk universitet, kan ein også følgje kurs over eit breitt spekter av kultur- og samfunnsrelaterte tema.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:
Etter fullført studium:

 

Kunnskap

Kandidaten

- har grunnleggjande kunnskapar i kinesisk grammatikk og lydlære.

- har tileigna seg vokabular og grammatiske former på mellomnivå.

- har grunnleggjande kunnskap om kinesisk samfunn og historie.

 

Dugleik/ ferdigheiter

Kandidaten

- kan lese og forstå nærmare 2000 ord og 800 skriftteikn, og skrive minst 350 skriftteikn.

- kan halde enkle samtalar om avgrensa tema i rolig tempo.

- kan skrive enkle stilar ved hjelp av ordbok.

- kan omsetje enkle tekstar frå kinesisk til engelsk.

- kan lese Kina-relaterte engelskspråklege tekstar med kristik og kunnskapsbasert blikk, samt sjølv leite fram seriøs kjeldelitteratur og produsere akademisk tekst om ei formulert Kina-relatert problemstilling.

 

Generell kompetanse

Kandidaten

- kan kommunisere på kinesisk på mellomnivå.

- har innsikt i relevante kinesiske problemstillingar.

- kan planleggje og gjennomføre ei analytisk og kristisk prosjektoppgåve som strekkjer seg over tid, og som er i tråd med etiske krav og retningsliner.

- kan vidareutvikle kunnskap, dugleik og forståing gjennom vidare studium og yrkesliv.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen.

Innføringsemne

Det er sterkt tilrådd å ta desse emna første semester: 

·         EXPHIL Examen philosophicum (10 stp.) 

·         EXFAC00SK Språk og kommunikasjon  (10 stp.) 

·         KIN100 Kultur, historie, samfunn og språk i Kina (10 stp.) 

KIN100 er obligatorisk.

For nokre studentar, til dømes studentar som allereie har tatt eitt eller fleire av desse emna, kan det være ønskjeleg å bytte det ut med eit anna emne. I slike høve er det viktig å ta kontakt med studierettleiar.

Obligatoriske emne

EXPHIL Examen philosophicum (H, 10 stp.) 

EXFAC Examen facultatum (H, 10 stp.) 

KIN100 Kultur, historie, samfunn og språk i Kina (H, 10 stp.) 

KIN101 Innføring i kinesisk språk 1 (V, 15 stp.)

KIN102 Kinesisk språk 2 (V, 15stp.)

KIN103 Kinesisk språk 3 (H, 15stp.)

KIN104 Kinesisk språk 4 (H, 15stp.)

KIN201 Kinesisk språk 5 (V, 15stp.)

KIN251 Kina: Kultur og samfunn med bacheloroppgåve (V, 15 stp.)

Spesialisering

Spesialiseringa i kinesisk omfattar emna

 

Tilrådde valemne

I tillegg til ex.phil., ex.fac., introduksjonsemne KIN100 og spesialiseringa inneheld programmet 60 frie studiepoeng.

 

I dei frie studiepoenga kan studenten velje emne som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar. Ta gjerne kontakt med studierettleiar om tilrådde valemne.

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkjefølgje for emne i studiet:
1. semester (H):

EXPHIL Examen philosophicum (10stp.)

EXFAC00SK Språk og kommunikasjon (10stp.)

KIN100 Kultur, historie, samfunn og språk i Kina (10stp.)

2. semester (V):
KIN101 Innføring i kinesisk språk 1 (15 stp)

KIN102 Kinesisk språk 2 (15 stp)

3. semester (H):
KIN103 Kinesisk språk 3 (15 stp)
KIN104 Kinesisk språk 4 (15 stp)

4. semester (V):
KIN201 Kinesisk språk 5 (15 stp)

KIN251 Kina: Kultur og samfunn med bacheloroppgåve (15 stp)

5. semester (H):

Frie studiepoeng eller delstudium i utland (30 stp)

6. semester (V):

Frie studiepoeng eller delstudium i utland (30 stp)

Studentar kan sjølv velje om dei vil følgje det tilrådde løpet eller om dei vil byte om på rekkjefølgja av spesialisering og frie studiepoeng. Ein må då vere merksam på at kinesiskemna har faste undervisingssemester. Det er tilrådd at ein fullfører 100-nivå i kinesisk før ein tek fatt på 200-nivå.

Krav til progresjon i studiet

For ein fulltidsstudent er normal studieprogresjon 30 studiepoeng kvart semester.

Studiestader

Universitetet i Bergen

Delstudium i utlandet

Det er sterkt tilrådd og tilrettelagt for at studentane tar delar av programmet som utvekslingsstudent i eit anna land, anten for å ta delar av spesialiseringa eller for å ta valemne.

Tilrådde utvekslingsstader finn ein på nettsida til studieprogrammet http://www.uib.no/studieprogram/BAHF-KINhttp://www.uib.no/studieprogram/BAHF-KIN.

Ein kan òg velje frå Universitetet i Bergen sine avtaler med studiestader i heile verda. All informasjon om utveksling finn ein på http://www.uib.no/utvekslingwww.uib.no/utveksling.

Undervisningsmetodar

Gjennom ulike undervisingsformer får studentane moglegheit til å studere og nærme seg faget på ulike måtar. Undervisninga er forskingsbasert og føreset aktiv deltaking frå studentane. 

Arbeidsmetodar og undervisingsformer kan vere førelesingar, seminar, gruppearbeid, skriftlege og munnlege presentasjonar, omgreps- og problemfokuserte oppgåver, problembasert læring, rettleiing og praktisk bruk av digitale verktøy.

For nærare informasjon, sjå dei einskilde emneplanane.

Karakterskala

Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

1) A-F, der F er stryk

2) Greidd/ikkje greidd

 

Sjå emneplanen for det einskilte emnet.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål og vitnemålstillegg blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

UiB tilbyr ikkje mastergrad i kinesisk, men ein bachelor i faget kan kvalifisere for opptak til masterprogram ved andre lærestader, til dømes Universitetet i Oslo (sjå uio.no for opptakskrav), eller internasjonale utdanningsinstitusjonar.

Relevans for arbeidsliv

Blant yrkesgrupper der kompetanse i kinesisk og kjennskap til Kina er nyttig, kan nemnast næringsliv (til dømes turistnæringa, fiskeeksport) og internasjonalt retta organisasjonar, og elles undervisning, forsking, presse og media. Kandidatar med kinesisk er òg å finne i utanrikstenesta, eller dei er sysselsette med bibliotekarbeid eller omsetjingsoppgåver.

Samstundes gir innlæringa av eit fjernt framandspråk nye perspektiv som bidreg til ein rikare livserfaring og opnar dørar til samhandling og forståing på tvers av kulturar.

For å kunne bruke kinesisk aktivt i jobbsamanheng er lengre opphald i Kina undervegs i, eller etter studiet, naudsynt.

Evaluering

Bachelorprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Skikkavurdering og autorisasjon

Programmet har ikkje krav om skikkavurdering eller autorisasjon.

Administrativt ansvarleg

Institutt for framandspråk ved Det humanistiske fakultet har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

mailto:studierettleiar@if.uib.nomailto:studierettleiar@if.uib.no

mailto:studierettleiar@if.uib.nostudierettleiar@if.uib.no

Tlf 55 58 93 70

Vurdering / Eksamensformer

Gjennom studiet møter studentane ulike vurderingsformer. Til dømes skriftleg skuleeksamen, rettleidd oppgåve,  heimeeksamen, munnleg presentasjon, munnleg prøve og mappevurdering.

Vurderingsformene er tilpassa læringsutbyttet i dei ulike emna.

For nærare informasjon om vurderingsformer, sjå dei einskilde emneplanane. 

Læremiddelomtale

Litteraturliste finn ein på det einskilde emnet si nettside. Litteraturlista skal være klar innan 01.06 for haustsemesteret, og innan 01.12 for vårsemesteret.

NB: Merk at det ikkje finst litteraturlister til alle emne i nokre emne skal studentane til dømes sjølv velje litteratur i samråd med lærar eller rettleiar.

Programansvarleg

Prorgamstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet.