Studieprogram: BAHF-KJØNN Bachelorprogram i kjønnsstudier - Høst 2019




Omfang og studiepoeng

180 studiepoeng.

Undervisningsspråk

Normalt norsk, med mindre anna er opplyst i emneplanen for det einskilde emnet.

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Målet for studiet er å gi brei og tverrfagleg kompetanse i kjønnsstudium. Studiet tek føre seg både historiske og samtidige tydingar av kjønn. Innanfor dei ulike emna vil det vere rom for å reflektere systematisk kring tema som kjønn og seksualitet, kjønn og etnisitet, kjønn og religion, kjønn og filosofi, kjønn og litteratur, og kjønn og samfunn.

Innhaldet i studieprogrammet vil elles vere avhengig av kva for spesialisering studenten vel. Det er sju moglege spesialiseringar:

a) allmenn litteraturvitskap

b) engelsk

c) filosofi

d) historie

e) kulturvitskap

f) nordisk språk og litteratur

g)sosialantropologi

h) sosiologi

 

a) allmenn litteraturvitskap

samanliknande litteraturstudium som tek føre seg litteratur frå heile

verda, frå antikken og fram til i dag. Faget les litteraturen ut frå ulike

perspektiv.

 

b) engelsk

studium av engelsk språk, amerikansk og britisk litteratur og kultur

 

c) filosofi

studium av filosofihistorie, vitskapsfilosofi og ulike filosofiske emne.

 

d) historie

studium av menneske, kultur og samfunnstilhøve i historisk perspektiv, frå antikken og fram til i dag

 

e) kulturvitskap

studium som forstår menneske som kulturberande og kulturskapande vesen, med utgangspunkt i kvardagsliv, forteljing, gjenstandar og kultur.

 

f) nordisk språk og litteratur

studium av nordiske språk med vekt på norsk og nordisk litteratur frå norrøn tid og fram til i dag.

 

g) sosialantropologi

det samanliknande studiet av kultur og samfunn. Det er vitskapen om det kulturelle mangfaldet blant menneske verda over og dei sosiale prosessane som utfaldar seg i dette mangfaldet.

 

h) sosiologi

studium av relasjonane mellom menneske i små og store sosiale fellesskap, mellom individ, grupper og organisasjonar både på det lokale, nasjonale og globale plan.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Kandidaten

 

Ferdigheter:

Kandidaten

 

Generell kompetanse:

Kandidaten

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen.

Innføringsemne

Det første semesteret i bachelorprogrammet i kjønnsstudium skal innehalde 10 studiepoeng examen philosophicum (1) og 10 studiepoeng examen facultatum (2) i tillegg til KVIK100 (3) slik :

 

1. EXPHIL-HFSEM/EXPHIL-HFEKS

Examen philosophicum (10 sp)

2. EXFAC00AK Akademisk skriving (10 sp)

eller

EXFAC00TKEKS/EXPHIL00TKSEM Tekst og kultur (10 sp) eller

EXFAC00SK Språk og kommunikasjon (10 sp)

3. KVIK100 Innføring i kjønnsstudium (10 sp)

 

 

EXFAC00SK er tilrådd for dei som vel å spesialisere seg i engelsk eller nordisk.

Obligatoriske emne

Programmet har fire obligatoriske programemne på til saman 55 sp: KVIK100 (10 sp), KVIK101 (15 sp) KVIK102 (15 sp) og KVIK201 (15 sp). I tillegg skal studentane velje eit av emna SOS111 (15 sp), KUVI106 (15 sp) HIS108 (15 sp).

 

Studentane kan velje mellom åtte alternative spesialiseringar på kvar sine 90 studiepoeng (tre semester fulltidsstudium):

a) allmenn litteraturvitskap

b) engelsk

c) filosofi

d) historie

e) kulturvitskap

f) nordisk språk og litteratur

g) sosialantropologi

h) sosiologi

Eitt av emna på 200-nivået skal ha bacheloroppgåve/semesteroppgåve som eksamensform. Dette for å tilfredsstille gradskravet om eit sjølvstendig skriftleg arbeid på 15 studiepoeng, jr. Utfyllande reglar for Det humanistiske fakultet.

Oppgåva skal ha eit kjønnsperspektiv så langt det er mogleg innanfor den valde spesialiseringa, om ynskjeleg med tilleggsrettleiing frå SKOK.

Også relevante eksamenar frå andre universitet og høgskular kan, etter særskild søknad, reknast inn i dei 90 studiepoenga som utgjer spesialiseringa og/ eller programemna.

 

a) spesialisering i allmenn litteraturvitskap

Følgjande emne er obligatoriske:

 

ALLV101 / Analyse, tolking og genre (15 sp)

ALLV102 / Eldre litteratur og poetikk frå antikken til 1700 (15 sp)

ALLV103 / Moderne litteratur og poetikk frå 1700 til i dag (15 sp)

ALLV104 / Moderne litteraturteori (15 sp)

 

På 200-nivå skal studenten setje saman eit litteraturteoretisk emne og eit litterært emne.

 

Som litteraturteoretisk emne kan studenten velje mellom:

- ALLV201 / Litteraturteoretisk særemne (15 sp)

- ALLV251 / Litteraturteoretisk særemne med bacheloroppgåve (15 sp)

- RET206 / Litteraturvitskapleg retorikk (15 sp)

- RET256 / Litteraturvitskapleg retorikk med bacheloroppgåve (15 sp)

- KVIK203 / Litteratur, kjønn og kultur (15 sp)

- KVIK253: Litteratur, kjønn og kultur med bacheloroppgåve (15 sp)

 

 

Som litterært emne kan studenten velje mellom:

- ALLV202 / Litterært særemne (15 sp)

- ALLV252 / Litterært særemne med bacheloroppgåve (15 sp)

- KVIK203 / Litteratur, kjønn og kultur (15 sp)

- KVIK253: Litteratur, kjønn og kultur med bacheloroppgåve (15 sp)

 

Eitt av emna på 200-nivået må ha 250-kode (bacheloroppgåve).

KVIK203 / Litteratur, kjønn og kultur eller KVIK253/ Litteratur, kjønn og kultur med bacheloroppgåve er tilrådd som del av spesialiseringa dei semestera allmenn litteraturvitskap har ansvaret for KVIK203/KVIK253.

 

b) spesialisering i engelsk

Følgjande emne er obligatoriske:

ENG114 / Engelsk grammatikk I (10 sp)

ENG115/ Fonetikk og fonologi (5 sp)

ENG107 / Engelsk grammatikk II (5 SP)

ENG118 / Utvalt emne i engelsk språkstruktur og/eller bruk (5 SP)

ENG119 / Utvalt emne i engelsk språkvariasjon (5 SP)

ENG122 / Amerikansk litteratur og kultur (15 SP)

ENG125 / Britisk litteratur og kultur (15 SP)

I tillegg skal studenten velje tre emne på 200-nivå (30 SP).

KVIK223 tilrådast som del av spesialiseringa.

 

c) spesialisering filosofi

 

Spesialiseringa i filosofi har eit omfang på 90 studiepoeng (1 ½ år).

Følgjande emne er obligatoriske:

FIL120 / Filosofihistoria frå antikken til opplysingstida (10 sp)

FIL121 / Filosofihistoria frå opplysingstida til 1900-talet (10 sp)

FIL124 / Introduksjon til praktisk filosofi (10 sp)

FIL129 / Filosofiske klassikarar (10 sp)

LOG110 / Introduksjon til formal logikk (5 sp)

LOG112 / Innføring i filosofisk logikk (5 sp)

FIL251 / Bacheloroppgåve i filosofi (20 sp)

FIL231/ Ope emne (10 sp)

 

 

 

 

d) spesialisering historie

Følgjande emne er obligatoriske:

- HIS101 / Oversyn over eldre historie (15 sp)

- HIS102 / Oversyn over nyare historie (15 sp)

- HIS250 / Bacheloroppgåve i historie (15 sp)

 

For å få godkjend ei spesialisering på 90 sp, kan studenten velje mellom følgjande emne alt etter kva som vert tilbydd aktuelt semester:

 

- HIS108 / Oversikt over kvinne- og kjønnshistorie (15 sp)

- HIS111 / Oversikt over USA historie (15 sp)

- HIS113 / Fordjuping i eldre historie (15 sp)

- HIS114 / Fordjuping i eldre historie (15 sp)

- HIS115 / Fordjuping i nyare historie (15 sp)

- HIS116 / Fordjuping i nyare historie (15 sp)

- HIM101 / Fordjuping i Midtaustens historie (15 sp)

- HIM103/ Islam og politikk (15 sp)

- HIM104/ Islam i Afrika sør for Sahara, c. 1500-2000 (15 sp)

- HIM201 / Fordjuping i Midtaustens historie (15 sp)

- EUR103 / Europa etter 1945: Ressursar, demografi, økonomi (15 sp)

 

Følgjande emne er tilrådd som del av spesialiseringa:

- HIS108 / Oversikt over kvinne- og kjønnshistorie (15 sp)

 

 

e) spesialisering kulturvitskap

Følgjande emne er obligatoriske:

KUVI101 / Mennesket i kulturen og kulturen i mennesket. Kulturvitskapelege syn på verda (15 sp)

KUVI104 / http://www.uib.no/emne/KUVI104?semester 11hForteljing og fortolking frå folkeeventyr til Facebook (15 sp)

KUVI105 / Tinga og vi. Materialitet og meining (15 sp)

KUVI250 / Bacheloroppgåve i kulturvitskap

 

For å få godkjend ei spesialisering på 90 sp kan studenten velje mellom følgjande emne alt etter kva som vert tilbydd aktuelt semester:

 

KUVI102 / Kulturvitskap - Tradisjon og modernitet: fortida i nåtida (15 sp)

KUVI103 / http://www.uib.no/emne/KUVI103?semester 11hEtniske relasjonar og konfliktar (15 sp)

KUVI106 / Kjønn, seksualitet, kultur

KUVI108 / Museologi

 

 

 

f) Spesialisering i nordisk språk og litteratur

Følgjande emne er obligatoriske:

 

- NOLI102 / Nordisk: Litteratur etter 1900 (15 sp)

- NOSPAN101  Moderne norsk (15 sp)

- NOLI103 / Nordisk: Den eldre litteraturen (15 sp)

- NOSP105 Nordisk: Språkhistorie og talemål (10 studiepoeng)

- NOSP106 Nordisk: Den nordiske språkgreina (5 studiepoeng)

 

 Eitt av desse emna:

- NOLI250 Nordisk: Litterær analyse og teori med BA-oppgåve (15 studiepoeng)

- NOSP256 Nordisk: Språkleg fordjupingsemne A med BA-oppgåve (15 studiepoeng)

 

Eitt av desse:

- KVIK203 / Litteratur, kjønn og kultur

- ISL104 Islandsk språk og samfunn (15 studiepoeng

- NOFI101 Norrønt språk (15 studiepoeng)

- RET205 Nordisk retorikk (15 studiepoeng)

- kombinasjonen av NOFI106 Norrøn mytologi  (5 studiepoeng) og NOFI112 Norrøn litteratur i omsetjing  (10 studiepoeng)

- Emna ISL103 Islandsk grammatikk og fonetikk (15 studiepoeng) og NORAN104 Andrespråkslæring og -undervisning (15 studiepoeng) har undervising om hausten og passar ikkje inn for studentar med normal studieprogresjon, men kan likevel inngå som del av spesialiseringa for studentar som er forseinka i studieløpet.

 

KVIK203 / Litteratur, kjønn og kultur er tilrådd som del av spesialiseringa dei semestera nordisk har ansvaret for emnet.

 

g) spesialisering i sosialantropologi

Følgjande emne er obligatoriske:

SANT102 / Sosialt liv i globalt perspektiv (15 sp)

SANT103 / Materialitet: miljø, stad og økonomi (15 sp)

SANT104 / Kultur, meining og kommunikasjon (15 sp)

SANT105 / Makt: uttrykk og løyning (15 sp)

SANT215 / Komparativ regional etnografi (15 sp)

SANT260 / Bacheloroppgåve (15 sp)

 

 

h) spesialisering i sosiologi

Følgjande emne er obligatoriske:

- SOS101 / Individ og samfunn (15 sp)

- SOS103 / Samfunnsstrukturar i endring (15 sp)

- MET102 / Samfunnsvitskapleg metode (15 sp)

- SOS201 / Sosiologiske perspektiv og teoritradisjonar (15 sp)

- SOS202 / Bacheloroppgåve (15 sp)

 

For å få godkjend ei spesialisering på 90 sp, kan studenten velje mellom følgjande emne alt etter kva som vert tilbydd aktuelt semester:

 

 

- SOS105 / Arbeid under kapitalismen (15 sp)

- SOS106 / Økonomisk sosiologi (15 sp)

- SOS108 / Utdanning og samfunn (15 sp)

- SOS109 / The Scandinavian Welfare Model and Gender Relations (15 sp)

- SOS111 / Familien i endring (15 sp)

- SOS112 / Internasjonal migrasjon og etniske relasjonar (15 sp)

- SOS113 / Velferd og ulikhet (15 sp)

- SOS115 / Miljøsosiologi (15 sp)

- SOS116 / Klasse, stratifikasjon og sosial mobilitet (15 sp)

 

Følgjande emne er tilrådd som del av spesialiseringa:

- SOS111 / Familien i endring (15 sp)

Tilrådde valemne

Ingen frie sp (valemne)

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd progresjon:

Dei tre fyrste semestra er like for alle spesialiseringane.

1. semester:

Felles for alle spesialiseringar.

Førstesemesterstudiet ex.phil. og ex.fac. (20 sp), i tillegg til KVIK 100 (10 sp).

 

2. semester:

Felles for alle spesialiseringar.

KVIK101 / Kjønn i det moderne

Eit av fylgjande emne:

SOS111 / Familien i endring (15 sp)

KUVI106 / Kjønn, seksualitet, kultur (15 sp)

HIS108 / Oversikt over kvinne- og kjønnshistorie (15 sp)

 

3. semester

Felles for alle spesialiseringar.

KVIK201 / Kjønnsteori (15 sp)

KVIK102/ Likestilling og mangfald (15 sp)

 

a) allmenn litteraturvitskap

4. semester

ALLV111 / Allmenn litteraturvitskap: Litteratur frå antikken til mellomalder/renessanse (15 SP)

ALLV112 / Allmenn litteraturvitkap: Eldre litteratur og poetikk frå mellomalder/renessanse til opplysingstida/romantikken (15 SP)

 

5. semester

ALLV113 / Allmenn litteraturvitskap: Moderne litteratur og poetikk frå opplysingstida/romantikken til mellomkrigstida (15 SP)

ALLV114 / Allmenn litteraturvitkap: Moderne litteratur og litteraturteori (15 SP)

6. semester

Spesialiseringsemne på 200-nivå (sjå ovanfor) (30 sp)

 

b) engelsk

4. semester

ENG114 / Engelsk grammatikk I (10 sp)

ENG115/ Fonetikk og fonologi (5 sp)

ENG125 / Britisk litteratur og kultur (15 SP)

5. semester

ENG107 / Engelsk grammatikk II (5 SP)

ENG118 / Utvalt emne i engelsk språkstruktur og/eller bruk (5 SP)

ENG119 / Utvalt emne i engelsk språkvariasjon (5 SP)

ENG122 / Amerikansk litteratur og kultur (15 SP)

6. semester

Spesialiseringsemne på 200-nivå (sjå ovanfor) (30 sp)

 

c) filosofi

4. semester

FIL120 / Filosofihistoria frå antikken til opplysingstida (10 sp)

LOG110 / Introduksjon til formallogikk (5 sp)

LOG112 / Innføring i filosofisk logikk (5 sp)

10 valfrie SP i filosofi

 

5. semester

FIL121 Filosofihistoria frå antikken til opplysningstida (10 sp)

FIL124 Introduksjon til praktisk filosofi (10 sp)

FIL129 Filosofiske klassikarar (10 sp)

 

 

6. semester

FIL251 Bacheloroppgåve i filosofi (20 SP)

FIL231 Ope emne (10 sp)

Det anbefalast at emnet FIL231/ Ope emne takast som valemne i filosofi anten i 4. eller 6. semester, alt etter når emnet har filosofi og kjønn som tema (regulært i kvart oddetals vårsemester).

 

 

d) historie

4. semester

HIS102 / Oversyn over nyare historie (15 sp)

Spesialiseringsemne (sjå ovanfor) (15 sp)

 

 

5. semester

HIS101 / Oversyn over eldre historie til 1750 (15 sp)

Spesialiseringsemne (sjå ovanfor) (15 sp)

 

6. semester

HIS250 / Bacheloroppgåve i historie (15 sp)

HIS203 / Teoriar, metodar og historiske kjelder (15 sp)

 

e) kulturvitskap

4. semester

KUVI101 / Mennesket i kulturen og kulturen i mennesket. Kulturvitskapelege syn på verda (15 sp)

Val spesialiseringsemne (sjå ovanfor) (15 SP)

5. semester

KUVI104 / Forteljing og fortolking frå folkeeventyr til Facebook

KUVI105 / Tinga og vi. Materialitet og meining

6. semester

KUVI250 / Bacheloroppgåve i kulturvitskap

Val spesialiseringsemne (sjå ovanfor) (15 SP)

 

 

f) nordisk språk og litteratur

4. semesterhttp://www.uib.no/emne/NOLI102http://www.uib.no/emne/NOLI102

http://www.uib.no/emne/NOLI102NOLI102 / Nordisk: Litteratur etter 1900 (15 sp)

NOSPAN101  Moderne norsk (15 sp)

5. semesterhttp://www.uib.no/emne/NOLI103

http://www.uib.no/emne/NOLI103NOLI103 / Nordisk: Den eldre litteraturen (15 sp)

NOSP105 Nordisk: Språkhistorie og talemål (10 studiepoeng)

NOSP106 Nordisk: Den nordiske språkgreina (5 studiepoeng)

6. semester

Eit spesialiseringsemne (sjå ovanfor) og eit av desse emna:

- NOLI250 Nordisk: Litterær analyse og teori med BA-oppgåve (15 studiepoeng) (vår, 6. semester)

- NOSP256 Nordisk: Språkleg fordjupingsemne A med BA-oppgåve (15 studiepoeng) (vår, 6. semester)http://www.uib.no/emne/NOLI102

 

g) sosialantropologi

4. semester

SANT102 / Sosialt liv i globalt perspektiv (15 sp)

SANT103 / Materialitet: miljø, stad og økonomi (15 sp)

5. semester

SANT104 / Kultur, meining og kommunikasjon (15 sp)

SANT105 / Makt: uttrykk og løyning (15 sp)

6. semester

SANT215 / Komparativ regional etnografi (15 sp)

SANT260 / Bacheloroppgåve (15 sp)

 

h) sosiologi

4. semester

SOS101 / Individ og samfunn (15 sp)

MET102 / Samfunnsvitskapleg metode (15 sp)

5. semester

SOS103 / Samfunnsstrukturar i endring (15 sp)

Spesialiseringsemne (sjå ovanfor) (15 sp)

6. semester

SOS201 / Sosiologiske perspektiv og teoritradisjonar (15 sp)

SOS202 / Bacheloroppgåve (15 sp)

Krav til progresjon i studiet

For ein fulltidsstudent er normal studieprogresjon 30 studiepoeng kvart semester.

Studiestader

Bergen.

Delstudium i utlandet

Det er mogleg å ta delar av studiet i utlandet, og universitetet har utvekslingsavtalar med mange institusjonar over det meste av verda. Det er viktig at ein finn ein institusjon med eit fagtilbod som passar for den einskilde studenten, og valet av utanlandsopphald blir gjort i samråd med studierettleiaren.

Undervisningsmetodar

Bachelorprogrammet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes førelesing, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vurderingsformer

Gjennom programmet vert studentane prøvde på ulike måtar, eksempelvis ved mappevurdering, skuleeksamen, rettleidd oppgåve og munnleg prøve.

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Karakterskala

Ved sensur kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

1) Karakterskala A-F

2) Bestått/ikkje bestått

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Grunnlag for vidare studium

Programmet kvalifiserer for opptak til mastergradsstudium i det faget studenten har spesialisering i.

Relevans for arbeidsliv

Bachelorprogrammet i kjønnsstudium gir både allmennkunnskapar som kan nyttast i ei rekkje yrkessamanhengar, og spesialkunnskap innan sitt felt. Programmet gjer studentane godt kvalifiserte til å handtere store informasjonsmengder. Dei blir flinke til å setje seg inn i nye problemfelt, og til å sjå og analysere saker frå fleire sider. Det gir eit godt grunnlag i alle yrke der slike eigenskapar er etterspurde, til dømes i undervisning, forvalting og ulike former for formidlings- og informasjonsarbeid.

Ved påbygging til mastergrad kan studentane kvalifisere seg for vidare studium og til forsking, formidling og undervisning på høgare nivå.

Evaluering

Evaluering av programmet vert gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Administrativt ansvarleg

Senter for Kvinne- og kjønnsforskning (SKOK)

E-post: post@skok.uib.no

Mål og innhald

Målet for studiet er å gi ein brei og tverrfaglig kompetanse i kvinne- og kjønnsstudiar. Studiet kan gi grunnlag for yrkesretta arbeid så vel som for vidare akademiske studiar, og gir gode føresetnader for vidare spesialisering i kvinne- og kjønnsrelaterte emne. Programmet vil gi ei innføring i kjønnsforsking, feministisk teori og feministisk vitskapsteori, og studentane vil få opplæring i kritisk og analytisk tenking omkring sentrale kjønnspolitiske og teoretiske problemstillingar. Studiet vil belyse både historiske og samtidige tydingar av kjønn. Innafor dei ulike emna vert det rom for ein systematisk refleksjon omkring tema som kjønn i ei globalisert verd, kjønn og seksualitet, kjønn og filosofi, kjønn og media, kjønn og litteratur, kjønn og samfunn.

Ettersom kvinne- og kjønnsstudiar ikkje utgjer eit eige fag på høgare nivå, vil studiet samtidig gi tilrekkeleg kompetanse til opptak på mastergradsstudium i eit av fordjupingsfaga. Studiet vil ta utgangspunkt i ulike fagtradisjonar - det være seg humanistiske , samfunnsvitskapelege eller andre - og vil samtidig ta sikte på å utvikle tverrfaglege og komparative metodar for å studere kjønn.

Krav til forkunnskapar

Generell studiekompetanse eller tilsvarande.

Undervisning

Sjå studieplan for det einskilde fag/emnet.

Innføringsemne

Exphil og akademisk skriving er obligatorisk for alle studentar på HF-fakultetet.

EXFAC00AS (Obligatorisk, helst 1. semester)

EXPHIL-HF (Obligatorisk, normalt 1.semester)

EXFAC00SP (vel eit av desse emna, normalt i 1.semester)

EXFAC00TK (vel eit av desse emna, normalt i 1.semester)

Fageining og spesialisering

Bachelorgraden i kvinne- og kjønnsstudiar inneheld 30 stp. innføringsemne (førstesemesterstudiet), 30 stp. obligatoriske programemne, 30 stp. valemne og ei spesialisering på 90 studiepoeng, der ein førebels kan velje mellom allmenn litteraturvitskap, engelsk, filosofi, historie, kulturvitskap, medievitskap, nordisk eller sosiologi.

Obligatoriske aktivitetar

Sjå studieplan for det einskilde emne.

Krav om rekkefølgje - emne

EXPHIL/ Examen philosophicum, EXFAC00TK/ Tekst og kultur eller EXFAC00SP/ Språkvitskap, EXFAC00AS/ Akademisk skriving skal takast i det fyrste semesteret (fyrstesemesterstudiet).

I andre semester er KVIK101/Introduksjon til kjønnsforsking obligatorisk.

I tredje semester er KVIK201/ Kjønnsteori obligatorisk.

Vurdering / Eksamensformer

Sjå studieplan for det einskilde fag/emne.

Yrkesvegar

Programmet kvalifiserer til arbeid i offentlig sektor (utgreiingsarbeid, likestillingsarbeid), undervisning (vidaregåande skule, universitets- og høgskulesektoren), forlagsarbeid, presse (mediearbeid, journalistikk) og elles i ulike sektorar av næringslivet, der innsikt i kvinne- og kjønnsstudiar er påkrevja.

Delstudium i utlandet

Studentane oppmodast til å ha eit utanlandsopphald i løpet av studiet. Utanlandsopphald vert anbefalt i fjerde semester. Programmet arbeidar med å inngå avtalar om utveksling med utanlandske lærestader som har særskilt kompetanse i kvinne- og kjønnsforsking. Det er òg mogelig å nytte ein av Universitetet i Bergen sine andre utvekslingsavtalar.

Ta kontakt med fagleg og/ eller administrativt ansvarlege for programmet for detaljar om utveksling.

Oppstart

Kvar haust.

Programansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium.

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium. E-post: studierettleiar@lle.uib.no