Studieprogram: BAHF-NOFI Bachelorprogram i norrøn filologi - Høst 2019




Undervisningsspråk

Skandinavisk. Etter behov kan undervisninga gjevast på engelsk.

Studiestart - semester

Haust.

Mål og innhald

Studiet i norrøn filologi gir ei brei innføring i det norrøne språket og den norrøne litteraturen, og begge vert sette inn i eit vidare kulturelt perspektiv.

Norrønt er ein fellesnemnar for språket og litteraturen både i Noreg og på Færøyane og Island i mellomalderen, og dessutan på vesterhavsøyane. I dette området kan vi snakke om ein felles språkleg og litterær kultur som varte i over 500 år, frå landnåmet av Island til byrjinga av 1400-talet.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten

 

Dugleikar

Kandidaten

 

Generell kompetanse

Kandidaten

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

Gode leseferdigheiter i engelsk.

Innføringsemne

Examen philosophicum (10 stp) (obligatorisk)

Examen facultatum: Språk og kommunikasjon (10 stp) (sterkt tilrådd)

Examen facultatum: Tekst og kultur (10 stp) (sterkt tilrådd)

Obligatoriske emne

Tilrådde valemne

Norrøn filologi kan til dømes kombinerast med andre språkfag, historie, arkeologi eller eldre kunsthistorie.

Rekkefølgje for emne i studiet

NOFI101 må takast før NOFI107, NOFI108, NOFI109, NOFI110 og NOFI250.

NOFI210 og NOFI250 må takast i ulike semester, ettersom det ikkje blir gjeve tilbod om begge kursa i det same semesteret.

Krav til progresjon i studiet

Full studieprogresjon er 30 studiepoeng kvart semester.

Studiestader

Bergen.

Delstudium i utlandet

Det er mogleg å ta delar av studiet ved institusjonar i utlandet. Det er særleg universitet i dei nordiske landa som er aktuelle. Spesielt tilrådde utvekslingsstader er Universitetet i København og Universitetet i Reykjavík (Háskóli Íslands). Mange andre lærestader i Norden og i Europa kan også vere eigna, men med tanke på slik utveksling bør studenten ta kontakt med studierettleiar og faglærar for rådgjeving slik at vedkomande kan bli betre kjend med den profilen desse lærestadene har.

Undervisningsmetodar

Undervisninga omfattar førelesingar og ulike former som legg til rette for studentaktivitet: seminar, oppgåveseminar, kollokvium.

På ein del emne skriv studentane oppgåver som dei får tilbakemelding på frå faglæraren, og på somme emne bidreg studentane til undervisninga ved å få ansvar for avgrensa delar av pensumet.

Vurderingsformer

Det vert nytta

Karakterskala

A-F

Grunnlag for vidare studium

Bachelorprogrammet i norrøn filologi kvalifiserer for opptak til masterprogrammet i norrøn filologi.

Relevans for arbeidsliv

Ein bachelorgrad i norrøn filologi kan gi grunnlag for mellom anna formidlings- og undervisningsarbeid. Studiet gir dessutan profesjonell tekst- og analysekompetanse, og det gir allmenn kompetanse for administrativt arbeid.

Utdanninga er relevant for arbeid i museum, arkiv og forlag, i offentlege etatar, private føretak og organisasjonar.

Evaluering

Bachelorprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no.

Programansvarleg

Programstyret for nordisk har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultetet ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon: studierettleiar@lle.uib.no