Studieprogram: BAHF-NORAN Bachelorprogram i norsk som andrespråk - Vår 2019




Fulltid/deltid

Fulltid

Deltid etter søknad

Undervisningsspråk

Norsk (ev. dansk og svensk)

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Studiet i norsk som andrespråk skal gi ei brei orientering om dei spørsmåla som reiser seg når personar med andre førstespråk skal lære seg norsk språk. Studiet skal òg gi grunnlag for betre skrivedugleik i både bokmål og nynorsk.

Faget er i første rekkje tenkt for studentar som planlegg å undervise i norsk som andrespråk for elevar frå språklege minoritetar i ulike skuleslag.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskap:

Kandidaten

 

Ferdigheiter:

Kandidaten

 

Generell kompetanse:

Kandidaten

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar og skriftlege ferdigheiter i bokmål og nynorsk, helst karakteren 4 eller betre frå vidaregåande skule.

Gode leseferdigheiter i engelsk.

Innføringsemne

Examen philosophicum (10 stp) (obligatorisk)

Examen facultatum: Språk og kommunikasjon (10 stp) (sterkt tilrådd)

Obligatoriske emne

Obligatoriske emne

* NOLI103-L: Nordisk: Den eldre litteraturen (10 studiepoeng)

* NOSPAN101 Moderne norsk (15 studiepoeng)

* NORAN105 Fonologi og grammatikk i andrespråksperspektiv (5 stp)

* NORAN106 Tekstlingvistikk og pragmatikk i andrespråksperspektiv (10 studiepoeng)

* NORAN107 Fleirspråklegheit i sosiolingvistisk perspektiv (10 studiepoeng)

* NORAN109 Testing og vurdering av språkferdigheiter (5 studiepoeng)

* NORAN104 Andrespråkslæring og -undervising (15 studiepoeng)

* NORAN250 Andrespråkslingvistikk med bacheloroppgåve (15 studiepoeng)

* NOLI102 Nordisk: Litteratur etter 1900 (15 studiepoeng)

Spesialisering

* NOSPAN101

* NORAN105

* NORAN106

* NORAN107

* NORAN109

* NORAN104

* NORAN250

* NOLI102

Tilrådde valemne

Norsk som andrespråk kan til dømes kombinerast med eit framandspråk eller eit anna skulefag.

Rekkefølgje for emne i studiet

* 1. semester (haust): ex.phil., ex.fac. Språk og kommunikasjon og NOLI103-L

* 2. semester (vår): NOSPAN101, NORAN105 og NORAN106

* 3. semester (haust): NORAN104, NORAN107 og NORAN109

* 4. og 5. semester (vår og haust): frie studiepoeng

* 6. semester (vår): NORAN250 og NOLI102

Rekkjefølgja er tilrådd, ikkje obligatorisk.

Krav til progresjon i studiet

Full studieprogresjon er 30 studiepoeng kvart semester.

Studiestader

Bergen.

Delstudium i utlandet

Det er mogleg å ta delar av studiet i utlandet, og universitetet har utvekslingsavtalar med mange institusjonar over det meste av verda. Det er viktig at ein finn ein institusjon med eit fagtilbod som passar for den einskilde studenten, og valet av utanlandsopphald blir gjort i samråd med studierettleiaren.

Det er tilrådd at eit utanlandsstudium blir lagt i 6. semester, slik at det inngår i spesialiseringa. Studierettleiar kan gi råd om andre ordningar.

Undervisningsmetodar

Undervisninga omfattar førelesingar og ulike former som legg til rette for studentaktivitet: seminar, oppgåveseminar, kollokvium.

På ein del emne skriv studentane oppgåver som dei får tilbakemelding på frå faglæraren, og på somme emne bidreg studentane til undervisninga ved å få ansvar for avgrensa delar av pensumet.

Vurderingsformer

* rettleidde oppgåver

* skriftlege skuleeksamenar

* munnlege eksamenar

* mappevurderingar

Karakterskala

Bokstavkarakterar på alle emne som inngår i spesialiseringa.

På andre emne kan «bestått» / «ikkje bestått» bli brukt.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Bachelorprogrammet i norsk som andrespråk kvalifiserer for opptak til masterprogrammet i nordisk språk og litteratur.

Relevans for arbeidsliv

Kompetanse i språk og litteratur er etterspurd i mange ulike yrke og bransjar, både private og offentlege.

Generelt gir studiet ein praktisk og teoretisk tekst- og språkkompetanse som, kombinert med annan relevant kompetanse, kan kvalifisere for arbeid overalt der det krevst evne til språkleg formidling og til vurdering og utvikling av tekst, t.d. i undervisnings- og informasjonsarbeid, i forlag og kulturinstitusjonar, i offentlege etatar, private føretak og organisasjonar.

Minst 60 studiepoeng i norsk som andrespråk saman med minst 60 studiepoeng i eit anna skulefag kan inngå i opptaksgrunnlaget til praktisk-pedagogisk utdanning og gi undervisningskompetanse i skuleverket.

Evaluering

Bachelorprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no.

Programansvarleg

Programstyret i nordisk har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no.