Studieprogram: BAHF-RELV Bachelorprogram i religionsvitenskap - Vår 2019




Namn på grad

Bachelor i religionsvitenskap

Omfang og studiepoeng

Bachelorprogram i religionsvitskap har eit omfang på 180 studiepoeng og er normert til 3 år.

Fulltid/deltid

Fulltid 3 år/deltid 6 år

Undervisningsspråk

Dei fleste emna i programmet vert tilbydd på norsk, men enkelte emne vert tilbydd på engelsk.

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Studieprogrammet gir kunnskap om religion som eit globalt fenomen. Målet med studiet er å kunne forstå og analysere religion som meiningsberande og identitetsdannande system. Innhaldsmessig fokuserer studiet på religiøst mangfald fortid og notid. Det gir kunnskap om religion i sine mange utformingar, som varierer med tid og stad, men også inneheld fellestrekk. Tilnærminga er samanliknande og religiøst sett nøytral. Studenten vert kjend med ulike metodar og teoriar som vert tatt i bruk i aktuell religionsforsking. Studiet set søkelys på religion som ein dynamisk kraft i samspel med blant anna etikk, kjønn, økonomi, politikk, populærkultur og migrasjon.
Eit utvekslingsopphald ved eit utanlandsk universitet er ein integrert del av studiet.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

Kandidaten

 

Ferdigheiter

Kandidaten  

 

Generell kompetanse

Kandidaten

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar i engelsk ei ein føremon.

Innføringsemne

Det er obligatorisk at programmet inneheld Ex.phil og 10-20 stp ex.fac.

Obligatoriske emne

I tillegg til emna omtalt i avsnittet «Innføringsemne» er følgjande emne obligatoriske i programmet: RELV101, RELV102, RELV103, RELVI250.

Spesialisering

Det vert kravd til saman minst 90 studiepoeng (= 6 emne) i religionsvitskap. RELV101, RELV102 og RELV103 er obligatoriske emne, saman med RELVI250 (bacheloroppgåve). RELVI250 tilfredsstiller gradskravet om eit sjølvstendig skriftleg arbeid på 15 studiepoeng, jf. Utfyllande reglar for Det humanistiske fakultet. Eit av spesialiseringsemna i religionvitskap på 200-nivå (RELV202, RELV202SEM, RELV213, RELV221, RELV222, RELV223, RELV224, RELV230, RELV231, RELV232, RELV233, RELV234 , RELV235, RELV236 eller RELV237) er ein obligatorisk del av spesialiseringa i religionsvitskap, men kan etter søknad til instituttet skiftast ut med eit anna fagleg relevant 15-studiepoengsemne frå eit anna fag.

 

http://www.uib.no/fag/religionsvitenskap/79247/temaomtalar-religionsvitskap Trykk her for informasjon om tema som er gjeldande dette semesteret.

Tilrådde valemne

Bachelorprogrammet i religionsvitskap har 60 frie studiepoeng. Studenten kan velje emne innanfor fag som er relevante for studentens vidare utdanning eller yrkesplanar.
Studentane tek normalt eit semester med frie studiepoeng på utveksling ved eit utalandsk universitet.
Dersom ein ynskjer å gå vidare med lærarutdanning er det tilrådd at dei 60 frie studiepoenga takast i eit undervisningsfag.

Rekkefølgje for emne i studiet

Studiet startar med innføringsemne i første semester (haust).

Fagemna vert tilbydd slik:

Vår:

RELV101 Innføring i religionsvitskap*

RELV105 Midtaustens og Middelhavsområdets eldste religionshistorie, og norrøn og samisk religion

RELV202/202SEM Spesialiseringsemne±

RELV221 Nyreligiøsitet

RELV224 Hinduisme

RELV227 Religion og menneskerettar (ikkje tilbod vårsemestra 2016 og 2017)

RELV232 Verdensfilosofiar (Tilbod vårsemestra 2015, 2016, 2018.)

RELV235 Islam og muslimers religion

RELV236 Reformations in Europe

RELVI250 Bacheloroppgåve i systematisk religionsvitskap*

Haust:

RELV102 Jødedom, kristendom, islam*

RELV103 Hinduismen, buddhismen og andre asiatiske religionar*

RELV202/202SEM Spesialiseringsemne±

RELV213 Religion and science

RELV222 Religionar i antikken

RELV223 Buddhisme og jainisme

RELV230 Religion and Media

RELV231 Religion and Tourism

RELV233 Religion and Art (Tilbod haustsemestra 2015, 2019)

RELV234 Religion og musikk (Tilbod haustsemestra 2016, 2018)

RELV237 Religion and the City

* = obligatorisk emne

± = Det vert tilbydd fleire fordjupingsemne under RELV202/202SEM; sjå UiB og AHKR sine nettsider for oppdatert oversikt .

For ein fulltidsstudent er normal studieprogresjon 30 studiepoeng kvart semester.

RELV101 bør tas i det første semesteret ein tek til med si spesialisering i religionsvitskap. RELVI250 legg til grunn at studenten har tatt minst 45 studiepoeng (= 3 emne) i religionsvitskap.

Krav til progresjon i studiet

For ein fulltidsstudent er normal studieprogresjon 30 studiepoeng kvart semester.

RELV101 bør tas i det første semesteret med religionsstudium. RELVI250 legg til grunn at studenten har tatt minst 45 studiepoeng (= 3 emne) i religionsvitskap.

Studiestader

Delstudium i utlandet

Eit utvekslingsopphald ved eit universitet i utlandet er ein integrert del av studiet. Utvekslinga går normalt føre seg i det femte semesteret. Ein kan òg velje å vere på utveksling eit heilt år. Eit opphald ved eit utanlandsk universitet gir både breidde og djupne i læringsutbyttet til studiet, i tillegg til språkkunnskapar og verdifull internasjonal røynsle. UiB har utvekslingsavtalar med universitet i hele verda. Eksempel på avtaler som programmet vil trekke fram er:

Aarhus Universitet

Syddansk Universitet

University of Bremen

University of Groningen

Universitet og School of Oriental and African Studies (SOAS).

Utanlandsopphaldet vert planlagd i god tid på førehand, med hjelp frå studieadministrasjonen. Det blir òg gitt informasjon om utveksling gjennom informasjonsmøte og rettleiing i løpet av studietida.
Sjå http://www.uib.no/utvekslingwww.uib.no/utveksling

Undervisningsmetodar

Undervisninga vert gjeve i form av forelesingar, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing. Gjennom dei ulike undervisingsformene får studentane mogelegheit til å belyse og studere faget på ulike måtar, som fører til større læringsutbyte. Undervisningsform og -omfang er nærare omtalt i dei einskilde emneomtalene.

Vurderingsformer

Gjennom programmet vert studentane prøvd på ulike måtar, til dømes ved mappevurdering, skuleeksamen, semesteroppgåve og munnleg prøve.

Vurderingsforma er tilpassa emnets art og innhald, og ulike vurderingsformer er valt for å prøve studentane i ulike typar kunnskap og for å gi dei mogelegheit til å utvikle kompetanse i både skriftleg og munnleg presentasjon.

Karakterskala

Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

1) A-F der F er stryk

2) greidd/ikkje greidd

Sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Ein bachelorgrad i religionsvitskap gir grunnlag for opptak til masterprogrammet i religionsvitskap.

Relevans for arbeidsliv

Personar med bachelorgrad i religionsvitskap arbeider i mange ulike yrke. Mange arbeider som lærar i ungdomsskolen, i den vidaregåande skolen eller i andre utdanningsinstitusjonar. Andre i offentleg forvalting, i innvandringsrelatert arbeid, i bistand og nødhjelp, i sakshandsaming, på museum, i reiseliv, i media, i organisasjonsliv, utanriksteneste og humanitært arbeid. Den internasjonale erfaringa eit utvekslingsopphald gir, vert òg etterspurd av arbeidslivet.

Evaluering

Bachelorprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Utval for undervisning og internasjonalisering ved AHKR har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet v/Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studierettleiar@ahkr.uib.no