Studieprogram: BAHF-RUSS Bachelorprogram i russisk - Vår 2019



Omfang og studiepoeng

Studiet har eit omfang på 180 studiepoeng og er normert til 3 år.

Fulltid/deltid

Fulltid. Om du vil ta heile eller delar av studiet som eit 50% deltidsstudium, kan du venda deg til studierettleiar.

Undervisningsspråk

Undervisningsspråka på russiskemna er norsk og russisk. For alle andre fagemne, sjå den einskilde emneplanen.

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Bachelorstudiet i russisk har både eit praktisk og eit teoretisk siktemål: Det skal leggje til rette for å øve opp språklege evner og utvikla forståinga av lingvistiske, kulturelle og litterære fenomen.

I undervisninga blir det lagt vekt på praktisk meistring av moderne russisk språk, der studenten får intensiv trening i å snakke, forstå, lese og skrive russisk. Studenten får elles ei innføring i russisk historie og samfunn og i russisk litteratur.

Den generelle målsetjinga for russiskstudiet er:

 

Etter eitt års studium skal studentane vere i stand til å lese og forstå tilrettelagte tekstar, føre enkle samtaler om avgrensa tema, skrive enkle tekstar på russisk, og dessutan å omsetje tekstar på eit grunnleggjande nivå mellom russisk og norsk.

Etter to år blir det forventa at studentane har tileigna seg eit tilstrekkeleg aktivt og passivt vokabular til å kunne lese ikkje-adapterte tekstar innan ulike sjangrar med hjelp av ordbok. Dei skal òg kunne meistre alminneleg konversasjon og omsetjing av tekstar på middels nivå.

I løpet av dei to første åra vil studenten elles ha fått god innsikt i russisk litteratur, så vel som i russisk historie, kultur og samfunnstilhøve. På den måten er studiet både eit reiskapsfag for utdanning til yrke som krev solide kunnskapar om Russland og eit grunnlag for vidare fordjuping innan dei ulike forskingsfelta i eit masterstudium i russisk.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskap

 

Kandidaten

har

 

eit omfattande passivt og relativt stort russisk ordforråd

 

Ferdigheiter

 

Kandidaten

kan

 

 

Generell kompetanse

Kandidaten

har

 

 

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse

Tilrådde forkunnskapar

Grunnleggjande kunnskapar i setningsanalyse er ein føremon

Innføringsemne

Det er sterkt tilrådd å ta desse emna første semester: 

 

Obligatoriske emne

Studentar utan dokumenterte forkunnskapar i russisk tek RUS100. Alternativt må ein kunna dokumentera tilsvarande kunnskapar, eller ta ein fagdiagnostisk test ved semesterstart, og bytte ut RUS100 med ekstra frie studiepoeng.

RUS120 Russisk språk I (V, 20 stp.)

RUS121 Russisk historie og kultur (V, 10 stp.)

RUS130 Russisk språk II (H, 10 stp)

RUS131 Russisk litteratur I (H, 10 stp)

SEK100 Samanliknande europeiske kulturstudium (H, 10 stp.)

RUS240 Russisk språk III (V, 15 stp)

RUS251 Russisk litteratur II (V, 10 stp)

For å bli teken opp til mastergraden i russisk, må studentar ha teke alle dei obligatoriske emna som utgjer spesialiseringa i bachelorprogrammet.

Merk at emna i spesialiseringa blir endra frå og med våren 2019. Sjå merknad under "Rekkefølgje for emne i studiet".

Spesialisering

RUS120 Russisk språk I (V, 20 stp.)

 

RUS121 Russisk historie og kultur (V, 10 stp.)

 

RUS130 Russisk språk II (H, 10 stp)

 

RUS131 Russisk litteratur I (H, 10 stp)

 

SEK100 Samanliknande europeiske kulturstudium, H, (10 stp.)

 

RUS240 Russisk språk III (V, 15 stp)

 

RUS251 Russisk litteratur II (V, 10 stp)

 

LITTIF200 Litteraturteori på 200-nivå, (V, 5 stp.)

Tilrådde valemne

I tillegg til ex.phil., ex.fac., RUS100 og spesialiseringa inneheld bachelorprogrammet i russisk 60 frie studiepoeng, Studenten kan velje emne innanfor skulefag, språkfag, historie- og kulturfag, estetiske fag eller andre fag som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar. Vi tilrår sterkt at studentane tek frie studiepoeng i eit russisktalande land. Ta gjerne kontakt med studierettleiar om tilrådde valemne.

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkjefølgje for emne i studiet: 

1. semester (haust)

2. semester (vår)

Sumarkurs i russisk språk i utlandet er tilrådd etter 2. semester.

3. semester (haust)

4. semester (vår)

5. semester (haust)

6. semester (vår)

 

Studentar kan sjølv velje om dei vil følgja det tilrådde løpet eller om dei vil byte om på rekkjefølgja av spesialisering og frie studiepoeng. Ein må då vere merksam på at russiskemna har faste undervisningssemester.

For å oppretthalde kontinuitet i russiskopplæringa tilrår vi å ta 200-nivå i det 4. semesteret. Studentar som tek frie studiepoeng i eit fag med oppstart på våren, tek 200-nivå i det 6. semesteret.

Krav til progresjon i studiet

For ein fulltidsstudent er normal studieprogresjon 30 studiepoeng kvart semester.

Studiestader

Bergen

Delstudium i utlandet

Det er sterkt tilrådd og tilrettelagt for at studentane i løpet av studiet har eitt eller fleire opphald i Russland eller eit anna land, anten for å ta delar av spesialiseringa og/eller for å ta valemne. Vi legg normalt til rette for eit studieopphald ved ein russisk lærestad etter det andre og i det fjerde/sjette semesteret. Dessutan er det mogleg å byggje inn eit studieopphald ved eit russiskspråkleg universitet i året med frie studiepoeng.

 

Tilrådde utvekslingsstader finn ein på nettsida til studieprogrammet. Ein kan òg velja frå Universitetet i Bergen sine avtaler med studiestader i heile verda. All informasjon om utveksling finn ein på http://www.uib.no/utvekslingwww.uib.no/utveksling.

Arbeids- og undervisningsformer

Gjennom ulike undervisingsformer får studentane moglegheit til å studera og nærma seg faget på ulike måtar. Undervisninga er forskingsbasert og føreset aktiv deltaking frå studentane.

 

Arbeidsmetodar og undervisingsformer omfattar m.a. førelesingar, øvingar, konversasjon i grupper, skriftlege og munnlege presentasjonar, omgreps- og problemfokuserte oppgåver, problembasert læring, rettleiing og praktisk bruk av digitale verktøy.

 

For nærare informasjon, sjå dei einskilde emneplanane.

Undervisningsmetodar

Programmet omfattar ulike undervisningsformer; m.a. forelesingar, øvingar og konversasjon i grupper.

Sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vurderingsformer

Gjennom studiet møter studentane ulike vurderingsformer. Til dømes skriftleg skuleeksamen, rettleidd oppgåve, munnleg presentasjon, munnleg prøve og mappevurdering.

 

Vurderingsformene er tilpassa læringsutbyttet i dei ulike emna.

 

For nærare informasjon om vurderingsformer, sjå dei einskilde emneplanane. 

Karakterskala

Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

1) A-F, der F er stryk

2) Greidd/ikkje greidd

Sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål og vitnemålstillegg blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Med eit karaktersnitt på C i spesialiseringa kvalifiserer programmet for opptak til masterprogrammet i russisk ved UiB.

Relevans for arbeidsliv

Bachelorprogrammet i russisk gjev generell kompetanse som kan nyttast i ei rekkje samanhengar. I tillegg til den praktiske kompetansen du får i det russiske språket, gjev graden ei verdfull innsikt i den russiskspråklege kulturen. Område der kompetanse i russisk og kjennskap til Russland og nabostatane er nyttig, er næringslivet og internasjonalt retta organisasjonar, og elles undervisning, kulturformidling, forlagsverksemd, media, reiseliv, offentleg administrasjon og forsking. Personar med russisk i fagkrinsen er òg å finne i utanrikstenesta og i dei andre departementa.

 

Bachelorprogrammet i russisk kan brukast til å undervise i den vidaregåande skulen. I tillegg blir russisk brukt for variert arbeid både i offentleg og privat sektor innanfor felt der det internasjonaliserte samfunnet treng språk- og kulturkunnskapar.

 

For å kunne bruke russisk aktivt i jobbsamanheng, er lengre Russlandsopphald undervegs i, eller etter studiet tilrådd, eventuelt påbygging med mastergradsstudium.

 

Ved påbygging til mastergrad får du kvalifikasjonar for vidare studium og for forsking, formidling og undervisning på høgare nivå, samt for variert arbeid både i offentleg og privat sektor på felt der det internasjonaliserte samfunnet set høge krav til både språk- og kulturkunnskapar.

Evaluering

Bachelorprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Skikkavurdering og autorisasjon

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet

Administrativt ansvarleg

Institutt for framandspråk ved Det humanistiske fakultet har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

mailto:Studierettleiar@if.uib.no

mailto:Studierettleiar@if.uib.noStudierettleiar@if.uib.no

Tlf 55 58 93 70