Studieprogram: BAHF-TEAT Bachelorprogram i teatervitenskap - Vår 2019
Namn på grad
Bachelor i teatervitskap
Omfang og studiepoeng
Bachelorprogrammet i teatervitskap har eit omfang på 180 studiepoeng og er normert til tre år.
Fulltid/deltid
Programmet er organisert som eit fulltidsstudium, men kan etter melding til instituttet også takast som eit 50 % deltidsstudium.
Undervisningsspråk
Normalt norsk, med mindre anna er opplyst i emneplanen for det einskilde emnet i utdanninga.
Studiestart - semester
Haust
Mål og innhald
Bachelorprogrammet i teatervitskap gir ei grunnleggande og brei akademisk innføring i historisk og teoretisk forståing av teater og anna performativ kunst. Teatervitskap sett studentane i stand til å forstå og analysere teater frå nåtid og fortid. Studiet omfattar emne om teaterhistorie, skodespelarkunst, dramaturgi, regikunst, estetisk teori, framsyningsanalyse og teaterkritikk. Studiet inneheld òg praksiselement som gir studentane kunnskapar og kompetanse om utøvande teater. Gjennom studiet lærer studentane å forstå og analysere teateret sine ulike element, korleis dei er samansett og samverkar i ei teaterframsyning og fungerer i møtet med publikum Den samfunnsmessige samanhengen som teaterframsyninga er ein del av er òg viktig for teaterforståinga. Teaterframsyningar og teaterpraksisar blir gjennom studiet kontekstualisert i høve til samfunn og kultur i nåtid og fortid. Studiet gir ein grunnleggjande forståing av tverrfaglege samanhengar mellom teater og andre kunst- og kulturuttrykk.
Læringsutbyte
Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Kandidaten
- har brei kunnskap om teateret si historie
- har gode kunnskapar om skodespelarkunst, dramaturgi og regikunst
- har grunnleggjande kunnskapar om teaterteoriar og estetiske teoriar
- har grunnleggjande kunnskapar om teatervitskaplege analyse- og forskingsmetodar
- har kunnskapar om faget si relevans i høve til teaterproduksjon, historiografi, kritikk og formidling.
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan laga ei akademisk tilfredsstillande utgreiing om eit emne innom europeisk teaterhistorie
- kan analysere ei teaterframsyning i høve til bruk av virkemedel, dramaturgi og samfunnsmessig kontekst
- kan lage ein dramaturgisk analyse av ein teatertekst
- kan gi ei akademisk tilfredsstillande utgreiing om eit teaterteoretisk emne
- kan finne og oppdatere eigne teaterkunnskapar og vurdere den teatervitskapelige relevans av desse.
Generell kompetanse
Kandidaten
- har innsikt i etiske problemstillingar innanfor humanistiske fag
- kan formulere ei teatervitskapeleg problemstilling og planleggje innsamling av litteratur og kjelder for handsaming av problemstillinga
- kan drøfte faglege problemstillingar innan teaterforsking, praktisk teater og teaterpolitikk
- kan drøfte tverrestetiske problemstillingar mellom teater og andre kunst- og kulturområde
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Innføringsemne
Det første semesteret i bachelorprogrammet i teatervitskap skal innehalde 10 studiepoeng Examen philosophicum og 20 studiepoeng Examen facultatum:
- Examen philosophicum
- EXFAC00TK: Tekst og kultur (10 sp) eller EXFAC00SK: Språk og kommunikasjon (10 sp) eller
EXFAC00AS: Akademisk skriving (10 sp).
Av desse er Tekst og kultur tilrådd.
Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 10 studiepoeng Examen philosophicum og maksimum 20 studiepoeng Examen facultatum.
Obligatoriske emne
Bachelorprogrammet skal innehalde ei fagleg spesialisering i teatervitskap på 90 studiepoeng.
Følgjande emne er obligatoriske i spesialiseringa i teatervitskap:
TEAT111: Eldre teaterhistorie (15 stp)
TEAT112: Moderne teaterhistorie og analyse av teaterframsyningar (15 stp)
TEAT113: Dramaturgi og regi (15 stp)
TEAT114: Skodespelarkunst, scenografi og teaterkritikk (15 stp)
TEAT211: Teaterestetikk og teaterteori (15 stp)
I tillegg må ein velje eitt av desse emna:
TEAT252: Teoribasert prosjektoppgåve i teatervitskap med bacheloroppgåve (15 stp)
TEAT253: Praksisbasert prosjektoppgåve med bacheloroppgåve (15 stp)
I emna TEAT252 og TEAT253 skriv ein ei rettleia oppgåve (bacheloroppgåve).
Dette tilfredsstiller gradskravet om eit sjølvstendig skriftleg arbeid på 15 studiepoeng, jfr. Utfyllande reglar for Det humanistiske fakultet.
Spesialisering
Bachelorprogrammet skal innehalde ei fagleg spesialisering i teatervitskap på 90 studiepoeng.
Følgjande emne er obligatoriske i spesialiseringa i teatervitskap:
TEAT111: Eldre teaterhistorie (15 stp)
TEAT112: Moderne teaterhistorie
TEAT113: Dramaturgi i teori og praksis (15 stp)
TEAT115: Framsyningsanalyse og teaterkritikk (15 stp)
TEAT211: Teaterestetikk og teaterteori (15 stp)
I tillegg må ein velje eitt av desse emna:
TEAT252: Teoribasert bacheloroppgåve (15 stp)
TEAT253: Praksisbasert bacheloroppgåve (15 stp)
I emna TEAT252 og TEAT253 skriv ein ei rettleia oppgåve (bacheloroppgåve).
Dette tilfredsstiller gradskravet om eit sjølvstendig skriftleg arbeid på 15 studiepoeng, jfr. Utfyllande reglar for Det humanistiske fakultet.
Tilrådde valemne
Graden inneheld 60 frie studiepoeng, som studenten sjølv kan velge ut frå interesser og karriereplanar. Generelt tilrår ein å velge emne frå kunst- og kulturfag, medievitskap, historie eller språkfag. Faglærarane kan rådgje studentane om emneval i frie studiepoeng.
Rekkefølgje for emne i studiet
Normalt studieløp:
Normalt studieløp:
- 1. semester (haust): Examen philosophicum, Examen facultatum og Examen facultatum
- 2. semester (vår): TEAT112 og TEAT115
- 3. semester (haust): TEAT111 og TEAT113
- 4. semester (vår): (a) TEAT252 eller TEAT253 og (b) TEAT211
- 5. og 6. semester (haust og vår): Frie studiepoeng (valemne) eller utveksling
Alternativt studieløp:
- 4. og 5. semester (vår og haust): Frie studiepoeng (valemne) eller utveksling
- 6. semester (vår): (a) TEAT252 eller TEAT253 og (b) TEAT211
Ei generell tilråding er at før ein tar fatt på 200-nivået bør ein ha fullført 60 studiepoeng på 100-nivå.
Krav til progresjon i studiet
For ein fulltidsstudent er normal studieprogresjon 30 studiepoeng kvart semester
Studiestader
Bergen
Delstudium i utlandet
Studentane kan ta delar av bachelorprogrammet som utvekslingsstudent i eit anna land. Teatervitskap har tilrådde avtaler (Erasmus+) med Vytautas Magnus-Universitetet i Kaunas (Litauen), Justus-Liebig-Universitetet i Giessen (Tyskland), Hildesheim Universitet (Tyskland), Universitetet i Antwerpen (Belgia), Universitetet i Louvain (Belgia) og Universitetet i Pelopones (Hellas). Vidare har faget Norplus-avtale med Dramaturgi ved Århus Universitet.
Utvekslingsopplegg skal godkjennast av instituttet (LLE) i forkant av utvekslinga.
Undervisningsmetodar
Programmet omfattar ulike undervisningsformar som til dømes forelesingar, seminar, gruppearbeid, individuell og gruppebasert rettleiing, munnlege studentframlegg, arbeid med semesteroppgåve og bacheloroppgåve.
Vurderingsformer
Hovudsakleg ulike kombinasjonar av følgjande vurderingsformer: heimeeksamen, skriftleg skuleeksamen, semesteroppgåve, bacheloroppgåve, munnleg eksamen, justerande munnleg eksamen.
Karakterskala
Ved sensur kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:
1) Karakterskala A-F
2) Bestått/ikkje bestått
For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Vitnemål og vitnemålstillegg
Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.
Grunnlag for vidare studium
Bachelorgraden i teatervitskap gir grunnlag for å søkje opptak til masterprogrammet i teatervitskap.
Relevans for arbeidsliv
Bachelorprogrammet i teatervitskap gir kompetanse i teaterhistorie, estetisk teori, dramaturgi i teori og praksis, munnleg og skriftleg arbeid med analyse og kritikk av scenekunst og andre performative uttrykksformer. Kompetansen er etterspurt i teaterinstitusjonar og det frie scenekunstfeltet, i offentleg kulturforvaltning, mediebransjen og innan undervisning og opplæring. Gjennom utdanninga får studentane høve til å knyte kontaktar med det utøvande scenekunstfeltet, som kan vere av stor nytte i høve til framtidig karriereutvikling.
Evaluering
Bachelorprogrammet vert kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no
Programansvarleg
Programstyret for teatervitskap har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet v/ Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) har det administrative ansvaret for studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: mailto:Studierettleiar@lle.uib.noStudierettleiar@lle.uib.no
Tlf 55 58 24 00