Mål
Studiet har som mål å gi studenten teoretiske og eksperimentelle kunnskapar for å kunne forstå nanoteknologi Vidare skal studiet gi innføring i det særmerkte for nanovitskap og nanoteknologi, gjennom døme og arbeid på moderne laboratorium. Studenten vil også møte etiske og samfunnsmessige problemstillingar knytt til teknologi.
Innhald
Teknologiske nyvinningar har gjort det råd å måle og systematisk endre strukturar og prosessar som skjer på ein skala frå 0,1 til 100 nanometer. Dette opnar for heilt spesielle eigenskapar der kvantemekaniske fenomen spelar ei viktig rolle. Medan nanovitskapen er oppteken av korleis ein kan forstå og manipulere fysiske eigenskapar på nanometer-skala, handlar nanoteknologi om praktisk utnytting av material, strukturar og komponentar basert på nanovitskap.
Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Ferdigheiter
Kandidaten
Generell kompetanse
Kandidaten
Bachelorstudiet i nanoteknologi er eit krevjande studium på eit høgt fagleg nivå. Vi tilrår ein brei realfagleg bakgrunn tilsvarande Fysikk 1, Kjemi 1 + 2 og Matematikk R1 + R2 frå vidaregåande skule.
Studiet tek til med innføringsemnet ex.phil, samt grunnemne i matematikk og kjemi. Anbefalte forkunnskapar til matematikkemnet er matematikk R2 frå VGS eller tilsvarande. Kjemiemnet byggjer på forkunnskapar tilsvarande Kjemi 1 + 2 frå VGS. Kjemiemnet introduserer ulike energi-omgrep og brukar dei til å forklare oppbygging, eigenskapar og reaksjonar til kjemiske stoff frå eit fysikalsk perspektiv. Det er laboratoriekurs i dette emnet.
Spesialiseringa i bachelorprogrammet i nanoteknologi er på til saman 130 studiepoeng som består av desse emna:
KJEM110, KJEM120, KJEM221, MAT111, MAT112, MOL100, MOL200, NANO100, NANO161, NANO244, PHYS111 og PHYS112, samt eitt av emna [KJEM123, KJEM131 eller PHYS114].
Tilrådd studieplan frå og med hausten 2016:
6. semester
Valemne
Valemne
Valemne
5. semester
NANO244
KJEM131/
Valemne
MOL200
4. semester
NANO161
KJEM123/
PHYS114/
Valemne
MOL100
3. semester
KJEM120
PHYS112
KJEM221
2. semester
NANO100
PHYS111
MAT112
1. semester
Ex.phil
KJEM110
MAT111
Fire valemne på til saman 40 stp bør veljast i forhold til planlagt masterstudium.
Desse emna er tilrådde valemne i studieprogrammet:
KJEM130, KJEM140, MAT121, MOL201, PHYS118.
Det er lagt opp til at du kan ta 6. semester i studiet utanlands. Bachelorprogrammet i nanoteknologi har tilrettelagde utvekslingsavtaler med Det interdisiplinære nanosenteret (iNano) ved Universitetet i Århus, Danmark og med Teknisk Universitet i Graz, Østerrike.
Finn inspirasjon og nyttig informasjon om delstudiar i utlandet her:
http://www.uib.no/utdanning/om-aa-studere/studier-i-utlandet
Ved UiB er det to typar karakterskalaer, bestått/ikkje bestått og bokstavkarakterar på skalaen A-F.
Karakterskala for kvart emne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.
Bachelorstudiet gir grunnlag for masterstudiar innan relevant fagområde.
For å vere kvalifisert for opptak til eit masterprogram må du oppfylle opptakskravet om C eller betre som gjennomsnittskarakter på emna i spesialiseringa i bachelorgraden.
Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål:
Tlf 55 58 34 46.
Teknologiske nyvinningar har gjort det råd å måle og systematisk endre strukturar og prosessar som skjer på ein skala frå 0,1 til 100 nanometer. Dette opnar for heilt spesielle eigenskapar som ofte er styrt av kvantemekanikken sine lover. Medan nanovitskapen er oppteken av korleis ein kan oppnå ønskte eigenskapar gjennom manipulasjon på nanometer-skala, handlar nanoteknologi om praktisk utnytting av material, strukturar og komponentar basert på nanovitskap. Studiet gir teoretisk forståing og praktisk kompetanse innan den naturfaglege basisen for nanoteknologi. Vidare får du ei innføring i det særmerkte for nanovitskap og nanoteknologi, gjennom døme og arbeid på moderne laboratorium. Du vil også møte etiske og samfunnsmessige problemstillingar knytt til teknologi.
Generell studiekompetanse eller realkompetanse. I tillegg må du oppfylle realfagskravet.
I henhold til opptaksreglene som trådde i kraft 01.01.09 (fag fra Kunnskapsløftet) dekkes realfagskravet av:
Matematikk R1 eller Matematikk (S1 + S2) og
Matematikk (R1 + R2) eller
Fysikk (1 + 2) eller
Kjemi (1 + 2) eller
Biologi (1 + 2) eller
Informasjonsteknologi (1 + 2) eller
Geofag (1 + 2) eller
Teknologi og forskningslære (1 + 2)
Sjå på denne nettstaden, for meir informasjon: http://studere.uib.no/realfagskrav
Fagkravene over kan også dekkes med fag fra Reform 94 og tidligere:
Matematikkravet dekkes av følgende matematikkvarianter: 2MX, 2MY eller 3MZ (evt 2MN).
VKII realfag dekkes av matematikk (3MX eller 3MY), fysikk (3FY), kjemi (3KJ) eller biologi (3BI).
Fagkombinasjoner med bioteknologi (BT) oppfyller også VKII realfag slik: 2KJ+ 3BT eller 2BI + 3BT.
Bakgrunn tilsvarande Kjemi 1+ 2, Fysikk 1 og Matematikk R1 + R2 vert tilrådd.
I henhold til Reglement for gradene bachelor og master skal ein bachelorgrad innehalde minst 10 stp sjølvstendig arbeid. Dette blir planlagt innanfor dei emna som inngår i spesialiseringa. Undervisninga skjer gjennom forelesninger, laboratoriearbeid med påfølgande journalskriving, prosjektoppgåver, rekneøvingar og gruppearbeid. Undervisningsformer står omtala under kvart einskild emne.
Krav til bachelorgraden i nanoteknologi er ein fagleg spesialisering på til saman 120 studiepoeng som består av følgjande emnar:
KJEM110, KJEM120, MAT111, MAT112, MOL100, MOL200, NANO100, NANO160, NANO200.
Minst eit av fysikkpara [PHYS101 og PHYS102] eller [PHYS111 og PHYS112].
Minst eit av emna: INF100, INF109, STAT101 eller STAT110.
I tillegg må bachelorgraden i nanoteknologi inneholde minst eit av laboratorieemna KJEM122, KJEM131 eller PHYS114. Ver merksam på at KJEM130 er obligatorisk forkunnskapskrav til KJEM131.
Studiet tek til med innføringsemne i kjemi og matematikk, samt ex.phil. Kjemiemnet byggjer på forkunnskapar tilsvarande Kjemi 1 + 2 frå VGS. Emnet introduserer ulike energi-omgrep og brukar dei til å forklare oppbygging, eigenskapar og reaksjonar til kjemiske stoff frå eit fysikalsk perspektiv. Det er laboratoriekurs i dette emnet.
Bachelorprogrammet i nanoteknologi inneheld 130 studiepoeng spesialisering innan nanoteknologi, grunnleggjande naturfag (molekylærbiologi, kjemi, fysikk) og matematikk. Dei resterande 50 studiepoenga inkluderer ex.phil. samt fire valfrie fag.
Studiet tek til med innføringsemne i kjemi og matematikk, samt ex.phil. Kjemiemnet byggjer på forkunnskapar tilsvarande Kjemi 1 + 2 frå VGS. Emnet introduserer ulike energiomgrep og brukar dei til å forklare oppbygging, eigenskapar og reaksjonar til kjemiske stoff frå eit fysikalsk perspektiv. Det er laboratoriekurs i dette emnet.
I det andre semesteret møter studentane nanoteknologi gjennom emnet Perspektiv i nanovitskap (NANO100). Her blir det særmerkte for nanovitskap og nanoteknologi vist av ei rad inviterte føredragshaldarar samt deltaking i forskningsgrupper som har prosjekt innan nanovitskap. Studentane vil også diskutere etiske problemstillingar knytt til teknologi og samfunn. Dette semesteret byr også på startemnet i molekylærbiologi (MOL100) og andre delen av grunnkurset i kalkulus. MOL100 introduserer dei viktige molekylære byggesteinane i ei levande celle, frå dei enkle aminosyrene og til biologiske makromolekyl som protein og DNA.
I det tredje semesteret blir kjemi vidareført gjennom ein systematisk gjennomgang av dei ulike grunnstoffa i naturen og som dermed utgjer det grunnleggjande alfabetet både innan kjemi og nanovitskap. Molekylærbiologi blir også vidareført i emnet Metabolisme: reaksjonar, regulering og kompartmentalisering (MOL200). Parallelt med dette møter studentane fysikk for første gang, med vekt på klassisk mekanikk. Dette skjer anten ved å følgje emnet Grunnkurs i mekanikk og varmelære (PHYS101) eller Mekanikk 1 (PHYS111). Det første av desse emna gir, saman med Grunnkurs i elektrisitetslære, optikk og moderne fysikk (PHYS102), ei innføring i grunnleggjande fysikk for ikkje-fysikarar. PHYS111 i kombinasjon med Elektromagnetisme og optikk (PHYS112) gir ein god start for vidare studiar i fysikk. Framstillinga er meir matematisk enn i PHYS101/102.
Både fjerde og femte semester inneheld eit NANO emne, i tillegg til to emne som bør veljast etter samråd med studierettleiar. I laupet av dei tre siste semestra i BSc studiet skal du ta eksamen i eit av fysikkemna PHYS102/112, og eit av metodefaga Elementær statistikk (STAT101), Grunnkurs i statistikk (STAT110), Grunnkurs i programmering (INF100) eller Dataprogrammering for naturvitskap (INF109). I tillegg må du ta minst eit av laboratoriefaga Syntetisk uorganisk kjemi (KJEM122), Organisk syntese og analyse (KJEM131) eller Grunnleggjande målevitskap og eksperimentalfysikk (PHYS114). KJEM131 er spesielt nyttig dersom du ønskjer å gå mot kombinasjonen kjemi/molekylærbiologi i masterstudiet, men dette føreset at du følgjer emnet Organisk kjemi (KJEM130), same semester.
Også i valet mellom emner i statistikk (STAT101/STAT110) og programmering (INF100/INF109) er det nyttig å tenkje framover mot masterstudium. Dersom du ønskjer å gå i teoretisk retning, er programmering eit svært nyttig verktøy. Statistikk er spesielt nyttig i dataanalyse av eksperimentelle måleresultat.
Fire valemne på til saman 40 stp bør veljast i forhold til planlagt masterstudium. Ein bør tidleg ta kontakt med studierettleiar for å få døme på gode fagkombinasjonar. Inntil 10 studiepoeng på 300-nivå kan inngå i den valfrie delen av bachelorgraden.
Med utdanning innan nanoteknologi/nanovitskap vil du blant anna kunne arbeide innan følgjande bransjar: Forsking, teknologisk industri, undervisning, offentlege kontrollorgan og forvalting. Med ein bachelorgrad i nanoteknologi har du eit godt grunnlag for å gå vidare på masterstudium i nanovitskap. Dersom du avsluttar studiane etter fullført bachelorgrad, er det breidda i realfagsbakgrunnen som er ditt største konkurransefortrinn.
Det er lagt opp til at du kan ta 6. semester i studiet utanlands. Bachelorprogrammet i nanoteknologi har ein tilrettelagt utvekslingsavtale med Det interdisiplinære nanosenteret (iNano) ved Universitetet i Århus.
Haust.
Programstyret har ansvar for faglig innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet.
Studierettleiar for nanoteknologi.
Tlf: 55 58 34 46.
E-post: studieveileder@nano.uib.no eller studierettleiar@nano.uib.no.
Ekspedisjonen på Kjemisk institutt, tlf: 55 58 34 44.