Studieprogram: BASV-GEOG Bachelorprogram i geografi - Vår 2019




Namn på grad

Bachelorprogrammet i geografi fører fram til graden bachelor i geografi. Studiet er treårig (180 studiepoeng).

Omfang og studiepoeng

180 studiepoeng

 

 

 

Undervisningsspråk

Norsk og engelsk

Studiestart - semester

Haust

 

Mål og innhald

Geografifaget dreiar seg om verdsbiletet - om mangfald, variasjon og samspel i naturgjevne og menneskeskapte lokale og globale prosessar på jordoverflata. Faget er kjenneteikna ved store kontaktflatar til andre fagdisiplinar innan både samfunnsvitskap og naturvitskap.

Studiet tilbyr innføring og spesialisering innan fire retningar.

Forsking og undervisning i desse områda kan ha ulike romlege nivå, frå det lokale til det globale. Omgrepa rom, stad og region står sentralt i geografisk forsking, men kan bli gitt ulikt innhald i dei ulike teoretiske tilnærmingane. Metodisk er faget så vel kvalitativt som kvantitativt, med ein sterk feltarbeidstradisjon. Feltstudiar utgjer difor ein sentral metodisk del av faget, noko som kjem til uttrykk i undervisninga. Særskilde geografiske metodar omfattar dessutan kartografi, geografiske informasjonssystem (GIS) og fjernanalyse (satellittmåling).

Institutt for geografi tilbyr studium på lågare grad (Bachelor), høgare grad (Master) og doktorgrad (Ph.D). Studiet er emnedelt, og ein kan velje mellom fleire studieretningar ved å kombinera ulike emne. Nokre av emna føreset bestått eksamen i bestemte emne på førehand. Difor bør studentar som vil gå vidare innan faget orientera seg om heile studieplanen og dei undervisningstilbod som vert gitt ved Institutt for geografi. Både dei reine geografiemna og dei emna som instituttet har det administrative ansvaret for i tverrfaglege gradar, er merkja med prefikset GEO i studieplanen. Feltkurs og ekskursjonar utgjer ein viktig del av undervisninga på alle nivå og er obligatorisk. For nærmare omtale av dei ulike emna viser vi til emneskildringane i studieplanen og emneoversikta.

 

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført program skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

Ferdigheiter

Kandidaten

Generell kompetanse

Kandidaten

Innføringsemne

Innføringsemne er tilrådd i fyrste semester i bachelorgraden i geografi og omfatter ex.phil., og http://www.uib.no/nb/emne/GEO100GEO100.

Obligatoriske emne

Rekkefølgje for emne i studiet

Bachelorgraden i geografi inneheld ein spesialiseringsdel på 100 studiepoeng. Spesialiseringa omfattar 70 studiepoeng på 100-nivå: GEO110, GEO111, GEO124, GEO113, GEO125 og GEO131. Dei resterande 30 studiepoenga er spesialisering i ein valfri studieretning på 200-nivå.

Tilrådd studieløp for bachelor i geografi og tverrfaglege program med spesialisering i geografi:

Krav til spesialisering i studieretning på 200-nivå:

Tatt opp på programmet før 2015? Se her: http://www.uib.no/geografi/88391/studiel%C3%B8p-bachelorprogram-i-geografi-f%C3%B8r-2015Studieinformasjon

Delstudium i utlandet

Det er i dag mange alternativ for dei studentane som ønskjer å ta ein del av utdanninga i et anna land. Universitetet i Bergen har samarbeidsavtalar med universitet, institusjonar og organisasjonar i mange land og regionar. Institutt for geografi tilbyr studieopphald i desse landa som ein integrert del av bachelorgraden.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vil normalt omfatte førelesingar, feltkurs, datalab og seminarundervisning i mindre grupper i kombinasjon med tilbakemelding på skriftlege arbeider undervegs i studiet.

Det vert undervist på norsk på alle kurs på 100-nivå, mens det på 200-nivå vert undervist både på engelsk og norsk.

Undervisningsmetodar

Undervisninga vil normalt omfatte førelesingar, feltkurs, datalab og seminarundervisning i mindre grupper i kombinasjon med tilbakemelding på skriftlege arbeider undervegs i studiet.

Det vert undervist på norsk på alle kurs på 100-nivå , mens det på 200-nivå vert undervist både på engelsk og norsk.

Vurderingsformer

Emna som inngår i det anbefalte studieløpet brukar i all hovudsak følgjande eksamensformer:

 

 

Karakterskala

Karakterar ved Universitetet i Bergen gis på ein av to måtar; anten

  1. Som 'Bestått' eller 'Ikkje bestått', eller
  2. Som ein bokstav, etter skalaen A, B, C, D, E, F.

Bokstavkarakterar er det vanlegaste.

Grunnlag for vidare studium

Fullført bachelor i geografi kvalifiserer til å søkje opptak på mellom anna Master i geografi, Master's in Development Geogragraphy og Master's in System Dynamics.

Opptaksgrunnlag til master:

Godkjent og fullført spesialisering i geografi som består av 70 studiepoeng på 100-nivå og 30 studiepoeng på 200-nivå. http://www.uib.no/nb/emne/GEO100GEO100 kan ikkje inngå i dei 100 studiepoenga. Følgjande kurs er obligatoriske for bachelor i geografi: GEO110, GEO111, GEO113, GEO124, GEO125, GEO131, og metode, teorikurs og feltkurs på 200-nivå etter studieretning:

Relevans for arbeidsliv

Geografar har ein brei arbeidsmarknad som følgje av spennvidda i faget og den bruksretta karakteren. Geografifaget utdannar profesjonelle yrkesutøvarar til offentleg forvaltning og til det private næringslivet. Sjansane på arbeidsmarknaden aukar om ein tar ein mastergrad, men òg bachelor i geografi gir mange jobbalternativ.

Dei siste åra har dei fleste geografar gått inn i stillingar der dei arbeidar som leiarar, planleggjarar, lærarar, utgreiarar og konsulentar innan område som administrasjon, distriktsutbygging, miljøforvaltning, oversikts- og næringslivsplanlegging og samferdsel. Fleire kandidatar arbeidar som forskarar og utgreiarar ved frittståande forskings- og utgreiingsinstitutt, medan andre har gått til yrker innan skuleverket, oljeverksemd og databransjen. Geografar arbeider òg med utviklingsspørsmål hos nasjonale og internasjonale bistandsorganisasjonar.

Undervisningskompetanse

Undervisningskompetanse i geografi i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen vert dekka gjennom eksamen i 60 studiepoeng blant emna på 100-nivå: GEO110, http://www.uib.no/nb/emne/GEO111GEO111, GEO113, GEO124 og GEO125/ GEO131. Det er eit krav at du har minst 20 poeng innan anten natur- eller samfunnsgeografi. http://www.uib.no/nb/emne/GEO115GEO11http://www.uib.no/nb/emne/GEO1150 kan inngå i begge retningane.

 

 

Administrativt ansvarleg

Institutt for geografi

studieveileder@geog.uib.no

 

Mål og innhald

Geografifaget er tverrfaglig og dreier seg om verdensbildet - om mangfold, variasjon og samspill i det naturgitte og det menneskeskapte på jordoverflaten. Faget er kjennetegnet ved store kontaktflater til andre fagdisipliner innen både samfunnsvitenskap og naturvitenskap.

Studiet tilbyr innføring og spesialisering innen tre tradisjoner. Disse blir ofte gruppert under overskrifter som naturgeografi, samfunnsgeografi, og miljø-, ressurs- og utviklingsgeografi.

Gjennom forskning og undervisning tar "Bergensgeografien" sikte på å ivareta disse tre fagtradisjonene gjennom tre satsingsområder; Klima-, natur- og miljøendringer, Miljø, ressurser og utvikling og Steds- og næringsutvikling. Forskning og undervisning i disse områdene kan ha forskjellige romlige nivåer, fra det lokale til det globale. Begrepene rom, sted og region står sentralt i geografisk forskning, men kan gis ulikt innhold i de forskjellige teoretiske tilnærminger. Metodisk er faget såvel kvalitativt som kvantitativt, med en sterk feltarbeidstradisjon. Feltstudier utgjør derfor en sentral metodisk del av faget, noe som kommer til uttrykk i undervisningen. Spesielle geografiske metoder omfatter dessuten kartografi, geografiske informasjonssystemer (GIS) og fjernanalyse (satellittmåling).

Det er i dag mange alternativ for dei studentane som ønskjer å ta ein del av utdanninga i et anna land. Universitetet i Bergen har samarbeidsavtalar med universitet, institusjonar og organisasjonar i mange land og regionar. Institutt for geografi tilbyr studieopphald i desse landa som integrert del av bachelorgraden.

Innføringsemne

Tilrådd fyrstesemester til bachelorgraden i geografi omfatter ex.phil., SV100 og GEO100.

Fageining og spesialisering

Den enkleste måten å oppnå bachelorgraden i geografi på er gjennom å ta 60 studiepoeng i emner på GEO100-nivå og 30 studiepoeng i en av studieretningene på GEO200-nivå, tilsammen 90 studiepoeng. Geografi har 3 ulike studieretninger, naturgeografi, miljø, ressurs- og utviklingsgeografi samt samfunnsgeografi, knyttet til GEO200-nivå.

Anbefalt førstesemester til bachelorgraden i geografi består av ex.phil, SV 100 og GEO 100. Bachelorgraden i geografi består av en spesialiseringsdel på 90 studiepoeng. Spesialiseringen består normalt av GEO112, GEO115, GEO123, GEO131, GEO151 og GEO 121 eller GEO111, tilsvarende 60 studiepoeng. De resterende 30 studiepoeng velges blant GEO emner på 100- og 200-nivå. Men dog, uansett studieretning skal bachelor i geografi inneholde:

Merk at det er tillatt å ta en bachelor i geografi bestående av geografirelaterte emner innen kun samfunns- eller naturgeografi, men for å oppnå undervisningskompetanse i den videregående skolen må studenten ta studiepoeng både innen naturgeografi og innen samfunnsgeografi på GEO100-nivå (se Yrkesvegar).

Obligatoriske aktivitetar

Feltkurs og ekskursjonar utgjer ein viktig del av undervisninga på alle nivå og er obligatorisk.

Yrkesvegar

Geografer har en bred arbeidsmarked som følge av spennvidden i faget og den bruksrettede karakteren. Geografifaget utdanner profesjonelle yrkesutøvere til et bredt arbeidsmarked, vesentlig innen offentlig forvaltning, men også til det private næringslivet. De siste årene har de fleste geografer gått inn i stillinger der de arbeider som ledere, planleggere, lærere, utredere og konsulenter innen områder som administrasjon, distriktsutbygging, miljøforvaltning, oversikts- og næringslivsplanlegger og samferdsel. Flere kandidater arbeider som forskere og utredere ved frittstående forsknings- og utrednings-institutter, mens andre har gått til yrker innen skoleverket, oljevirksomhet og databransjen. Geografer arbeider også med utviklingsspørsmål hos nasjonale og internasjonale bistands-organisasjoner.

Undervisningskompetanse

Undervisningskompetanse i geografi i ungdomsskolen og den videregåande skolen vert dekka gjennom eksamen i 60 studiepoeng blant emna GEO11, 112, 115, 121, 131, 123 og 151. Det er eit krav at du har minst 20 poeng innan andten natur- eller samfunnsgeografi. GEO115 kan ingå i begge retningane.

Administrativt ansvarleg

Institutt for geografi, tlf: 55 95 93 83, epost: post@geog.uib.no