Studieprogram: BASV-KOGNI Bachelorprogram i kognitiv vitenskap - Høst 2019




Namn på grad

Bachelorprogrammet i kognitiv vitskap fører fram til graden bachelor i kognitiv vitskap. Studiet er treårig (180 studiepoeng).

Omfang og studiepoeng

Graden er sett saman av fag og emne frå fire ulike fakultet etter følgjande mønster:

 

 

Undervisningsspråk

Norsk og engelsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Kognitiv vitskap er eit fagfelt som studerer intelligente system, korleis dei er bygde opp, korleis dei ulike delane av slike system fungerer, og korleis delane samspeler for å frambringe det vi normalt kallar tenking. Typiske tema ein ser på er kunnskapsrepresentasjon, resonnering, minne, språk, sansing og emosjonar. Psykologi er sjølvsagt ein viktig del av dette, men viktig er og kunstig intelligente system på datamaskiner. Datamaskina gjev oss høve til forme modellar av dei ulike sidene ved intelligens og simulere desse for på den måten å få ei betre forståing av kva intelligens er for noko.

Kognitiv vitskap er tverrfagleg og tek opp i seg element frå informatikk, informasjonsvitskap, lingvistikk, psykologi og filosofi. Desse vitskapane har sine eigne perspektiv på dei fenomena ein studerer i kognitiv vitskap og gjev ulike bidrag til forståinga av dei. Sentralt i faget står logikk, lingvistikk, kognitiv psykologi og sinnsfilosofi. Kunnskap om programmering av datamaskiner er viktig både som metode og frå eit teoretisk perspektiv. Viktige element er og andre metodiske komponentar som statistikk og diskrete strukturar.

På bachelorstudiet i kognitiv vitskap kan du mellom anna studere følgjande tema:

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført program skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, dugleikar og generell kompetanse:

 

Kunnskap:

Kandidaten

 

Dugleikar:

Kandidaten

 

Generell kompetanse:

Kandidaten

Innføringsemne

Ex.Phil, INF100 og EXFAC00SK er obligatoriske innføringsemne for å oppnå ein bachelorgrad i kognitiv vitskap.

Obligatoriske emne

Obligatoriske programemne:

I tillegg til obligatoriske programemne må studentar som ønskjer å søkje om opptak til mastergradsprogrammet i informasjonsvitskap ta minst 50 studiepoeng frå INFO-emne på 100- og 200-nivå (ikkje INFO100 og INFO132), (totalt 60 studiepoeng.)

I tillegg til dei felles obligatoriske programemna ovanfor må følgjande emne avleggjast for å fullføre graden med spesialisering i informatikk:

Studentar med bachelorgrad i kognitiv vitenskap med spesialisering i informatikk kan søkje opptak til master i informatikk (MAMN-INF).

I tillegg til dei felles obligatoriske programemna ovanfor må følgjande emne avleggjast for å fullføre graden med spesialisering i filosofi:

 

 

Delstudium i utlandet

Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. UiB har samarbeidsavtalar med universitet, institusjonar og organisasjonar over heile verda.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vil normalt bestå av førelesingar, seminarundervisning og undervisning/rettleiing på datalab.

Undervisningsmetodar

Undervisninga vil normalt bestå av førelesingar, seminarundervisning og undervisning/rettleiing på datalab.

Vurderingsformer

Emna som inngår i det tilrådde studieløpet nyttar hovudsakleg ulike kombinasjonar av følgjande eksamensformer: skriftleg skuleksamen, munnleg eksamen, karaktersette oppgåver og mappeevaluering.

Karakterskala

Emna som inngår i det tilrådde studieløpet blir karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

Grunnlag for vidare studium

Bachelorprogrammet i kognitiv vitskap vil kvalifisere deg for opptak til masterprogrammet i informasjonsvitskap, informatikk, filosofi eller datalingvistikk, alt etter kva du vel til spesialisering.

Følgjande emne inngår i opptaksgrunnlaget til master:

Informasjonsvitskap: INF100, KOGVIT101, INFO102, INFO232/INFO283, INFO282, 50 studiepoeng i informasjonsvitskap på 100- og 200-nivå (ikkje INFO100 og ikkje INFO132).

Informatikk (programutvikling eller algoritmar): KOGVIT101, INF100, INF227, INF102, INF122 (INF121), MAT111, INF112, INF223, MAT121

Filosofi: KOGVIT101, FIL121, FIL123, FIL125, FIL126, FIL120, FIL251

Relevans for arbeidsliv

Gjennom studiet i kognitiv vitskap vil du tileigne deg både ein yrkesrelevant IT- kompetanse og ei akademisk evne til kritisk analyse og nytenking. Det gir deg ein dobbel kompetanse som er svært etterspurt på arbeidsmarknaden. Studiet kvalifiserer for undervisning og arbeid i ulike fag avhengig av spesialiseringa du vel i det tredje året av studiet.

 

Studiet kan også byggjast ut med masterstudium i fleire retningar, og det kvalifiserer for forsking og undervisning innan universitets- og høgskolesektoren.

 

Evaluering

Programmet og emna som inngår i det er gjenstand for kontinuerleg evaluering.

Administrativt ansvarleg

Institutt for informasjons- og medievitenskap

studieveileder@ifi.uib.no

Mål og innhald

Kognitiv vitskap er eit fagfelt som studerer intelligente system, korleis dei er bygde opp, korleis dei ulike delane av slike system fungerer, og korleis delane samspeler for å frambringe det vi normalt kallar tenking. Typiske tema ein ser på er kunnskapsrepresentasjon, resonnering, minne, språk, sansing og emosjonar. Psykologi er sjølvsagt ein viktig del av dette, men viktig er og kunstig intelligente system på datamaskiner. Datamaskina gjev oss høve til forme modellar av dei ulike sidene ved intelligens og simulere desse for på den måten å få ei betre forståing av kva intelligens er for noko.

Kognitiv vitskap er tverrfagleg og tek opp i seg element frå informatikk, informasjonsvitskap, lingvistikk, psykologi og filosofi. Desse vitskapane har sine eigne perspektiv på dei fenomena ein studerer i kognitiv vitskap og gjev ulike bidrag til forståinga av dei. Sentralt i faget står logikk, lingvistikk, kognitiv psykologi og sinnsfilosofi. Kunnskap om programmering av datamaskiner er viktig både som metode og frå eit teoretisk perspektiv. Viktige element er og andre metodiske komponentar som statistikk og diskrete strukturar.

Oppbygging av studiet

Bachelorprogrammet i kognitiv vitskap er 3-årig (180 studiepoeng). Graden er sett saman av fag og emne frå fire ulike fakultet etter følgjande mønster:

- 30 studiepoeng innføringsemne inkludert ex.phil.

- 90 studiepoeng med emne som dannar kunnskapsgrunnlaget i kognitiv vitskap

- 60 studiepoeng valfrie emne, eventuelt ved utanlandske lærestader

Gjennom heile studieløpet vil studentane møte ein kombinasjon av teoretiske og meir praktiske emner. Undervisninga vert gjeven som førelesingar, seminar og kollokviegrupper. Emna i kognitiv vitskap inneheld store innslag av sjølvstendig praktisk arbeid under rettleiing. Studiet omfattar derfor ikkje eiga bacheloroppgåve.

I 1. semester gjennomfører studentane ex. phil. samt introduksjon til programmering (INF100- informatikk) og ex.fac. lingvistikk.

I 2. semester tar studentane 15 studiepoeng i logikk (LOG101 - filosofi), 5 stp i diskrete strukturar (INFO102- informasjonsvitskap) og eit oversiktskurs i kognitiv vitskap (KOGVIT101)

I 3. semester følgjer studentane kurs i kunstig intelligens
(INFO282), programmering for kunstig intelligens, (INFO232), programmering og søkjestrategi (DASP101), språk og data (DASP107), og statistikk og kognisjonsforsking (DASP106).

I 4. semester får studentane ei innføring i kognitiv psykologi i kurset PSYK1xx, matematisk logikk i INF227 og sinnsfilosofi (FILsss)

5. og 6. semester er sett av til 60 studiepoeng frie kursval, gjerne ved utanlandske universitet. Vi tilrår at studentane vel ei spesialisering innan informatikk, informasjonsvitskap, datalingvistikk eller filosofi, som alle opnar for mulig framhald med ein mastergrad (avheng av spesialisering).

Fageining og spesialisering

I tillegg til obligatoriske program-emner må følgende emner avlegges for å søkje om opptak til mastergradsprogrammet i informasjonsvitskap:

I tillegg til obligatoriske program-emner må følgende emner avlegges for å søkje om opptak til mastergradsprogrammet i informatikk :

I tillegg til obligatoriske program-emner må følgende emner avlegges for å søkje om opptak til mastergradsprogrammet i datalingvistikk :

I tillegg til obligatoriske program-emner må følgende emner avlegges for å søkje om opptak til mastergradsprogrammet i filosofi:

Yrkesvegar

Studiet kvalifiserer for undervisning og arbeid i ulike fag avhengig av spesialisering som vert vald i tredje året av studiet. Om ein til dømes vel ei retning som informatikk eller informasjonsvitskap vil ein og kunne vere kvalifisert for arbeid i ikt-bransjen.

Studiet kan også byggast ut med masterstudier i fleire retningar og kvalifisere for forsking og undervisning innan universitets- og høgskolesektoren.

Delstudium i utlandet

Gjennom Nordplus- og Erasmus-samarbeidet, høvesvis mellom nordiske universitet og universitet i EU-land, er det organisert studentutveksling som ein del av universitetets ordinære verksemd. Universitetet har i tillegg eigne utvekslingsavtaler med utdanningsinstitusjonar over heile verda. Norske studentar kan inkludere eit på førehand godkjent studieprogram, frå 3 veker til 12 månader, i studiet sitt og den norske graden studenten tar.