På bachelorstudiet i informatikk-matematikk-økonomi, lærer du korleis du modellerer økonomiske problemstillingar med metodar frå matematikk, statistikk, informatikk og samfunnsøkonomi. Utdanninga gir deg innsikt i alle desse faga slik at du kan analysere og modellere ein konkret situasjon. I dei tre første semestra følgjer du emne frå alle dei tre fagområda, og i dei tre siste semestra spesialiserer du deg i samfunnsøkonomi, statistikk eller informatikk.
Samfunnsøkonomi dreier seg om korleis vi faktisk brukar ressursane våre, som til dømes arbeidskraft og produksjonsutstyr. Men faget tar også opp korleis vi bør bruke ressursane våre. Døme på problemstillingar er kva som er samanhengen mellom arbeidsløyse og inflasjon, og kva som er "rett" billettpris på bussen. I statistikk brukt på økonomi ønskjer vi å beskrive samanhengar kvantitativt med matematiske uttrykk. På det grunnlaget lagar vi så prognosar. Det kan gjelde renta på studielånet eller mengda av torsk nokre år fram i tida. Dei fleste konstantane som inngår i formlane, er funne ved å studere korleis fenomena har utvikla seg i fortida. Det er klart at dei er usikre, og denne uvissa forplantar seg i prognosane. Statistiske metodar hjelper oss til å ha ei meining om kor sikre slike prognosar er. På studiet i informatikk lærer du korleis du kan modellere ulike problemstillingar ved bruk av datamaskinar. Vi legg vekt på programmering og utvikling av effektive metodar for å løyse problema. Modelleringa kan utformast ved hjelp av eit datamaskinprogram eller som ein matematisk formulering. Implementering av løysingsmetodane på datamaskin står sentralt i studiet.
En kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgende totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:
Kunnskap
Kandidaten
- har bred kunnskap om fagfeltene informatikk, statistikk og økonomisk teori
- kan formidle grunnleggende innsikt fra modellene på en intuitiv måte
Ferdigheter
Kandidaten
- har matematiske, statistiske og programmeringsmessige ferdigheter for å kunne modellere økonomiske problemstillinger
- kan anvende et bredt spekter av metoder fra statistikk og informatikk for analyse og modellbygging av økonomiske problemstillinger
- mestrer klassiske matematiske felt som kalkulus og lineær algebra samt grunnleggende programmering
- kan delta i prosjekt i systemutvikling og programmering
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan kritisk og analytisk vurdere eige og andres arbeid
- kan arbeide både sjølvstendig og i grupper med andre
- kan på eigenhand utvide sitt kunnskapsfelt
- kan reflektere over sentrale, etiske og vitskapelege problemstillingar
Med studiestart H15, H16:
Følgjande emne er obligatoriske i studieprogrammet:
Ex.phil., MAT101/MAT111, INF100, MAT112, MAT121, ECON110, STAT110, ECON210, INF170
Med spesialisering i statistikk:
MAT131/ECON261/ECON361, STAT111, MAT160, ECON340, STAT220, STAT210
Med spesialisering i samfunnsøkonomi:
STAT111/STAT200, ECON130, ECON340, ECON230, ECON290
Med spesialisering i informatikk:
MNF130, STAT111, INF101, ECON310, INF270, INF102
Med studiestart H17:
Følgjande emne er obligatoriske i studieprogrammet:
Ex.phil., MAT101/MAT111, INF100, MAT112, MAT121, ECON110, STAT110, ECON210, INF170
Med spesialisering i statistikk:
MAT131, STAT111, MAT160, STAT220, STAT210, ECON341, ECON261
Med spesialisering i samfunnsøkonomi:
STAT111/STAT200, ECON130, ECON340, ECON230, ECON290
Med spesialisering i informatikk:
MNF130, STAT111/STAT200, INF101, ECON310, INF270, INF102
Med studiestart H18:
Følgjande emne er obligatoriske i studieprogrammet:
Ex.phil., MAT101/MAT111, INF100, MAT112, MAT121, ECON110, STAT110, ECON210, INF170
Med spesialisering i statistikk:
MAT131, STAT111, MAT160, STAT220, STAT210
Med spesialisering i samfunnsøkonomi:
STAT111/STAT200, ECON130, ECON340, ECON230, ECON290
Med spesialisering i informatikk:
MNF130, STAT111/STAT200, INF101, ECON310, INF270, INF102
Studiestart H18
1. semester: Ex.Phil, INF100, MAT111
2. semester: MAT112, MAT121, ECON110
3. semester: STAT110, ECON210, INF170
Med spesialisering i statistikk:
4. semester: STAT111, MAT131, valgfritt emne
5.semester: MAT160, STAT220, valgfritt STAT-emne
6. semester: STAT210, valgfritt emne, valgfritt emne
Med spesialisering i samfunnsøkonomi:
4. semester: STAT111/STAT200, ECON130, valgfritt emne
5. semester: ECON230, ECON340, valgfritt emne
6. semester: ECON290, valgfritt emne, valgfritt ECON-emne
Med spesialisering i informatikk:
4. semester: STAT111/STAT200, MNF130, INF101
5. semester: ECON310, INF270, INF102
6. semester: valgfritt emne, valgfritt emne, valgfritt emne
Studieprogrammet har lagt til rette for at studentane kan ta delar av studiet ved lærestader i utlandet.
Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Institutt for informatikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.
På bachelorstudiet i informatikk-matematikk-økonomi, lærer du korleis du modellerer økonomiske problemstillingar med metodar frå matematikk, statistikk, informatikk og samfunnsøkonomi. Utdanninga gir deg innsikt i alle desse faga slik at du kan analysere og modellere ein konkret situasjon. I dei tre første semestra følgjer du emne frå alle dei tre fagområda, og i dei tre siste semestra spesialiserer du deg i samfunnsøkonomi, statistikk eller informatikk.
Samfunnsøkonomi dreier seg om korleis vi faktisk brukar ressursane våre, som til dømes arbeidskraft og produksjonsutstyr. Men faget tar også opp korleis vi bør bruke ressursane våre. Døme på problemstillingar er kva som er samanhengen mellom arbeidsløyse og inflasjon, og kva som er "rett" billettpris på bussen. I statistikk brukt på økonomi ønskjer vi å beskrive samanhengar kvantitativt med matematiske uttrykk. På det grunnlaget lagar vi så prognosar. Det kan gjelde renta på studielånet eller mengda av torsk nokre år fram i tida. Dei fleste konstantane som inngår i formlane, er funne ved å studere korleis fenomena har utvikla seg i fortida. Det er klart at dei er usikre, og denne uvissa forplantar seg i prognosane. Statistiske metodar hjelper oss til å ha ei meining om kor sikre slike prognosar er. På studiet i informatikk lærer du korleis du kan modellere ulike problemstillingar ved bruk av datamaskinar. Vi legg vekt på programmering og utvikling av effektive metodar for å løyse problema. Modelleringa kan utformast ved hjelp av eit datamaskinprogram eller som ein matematisk formulering. Implementering av løysingsmetodane på datamaskin står sentralt i studiet.
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
I tillegg må du ha 2MX/2MY/3MZ + 3MX/3FY/3KJ/3BI/(2KJ+3BT)/(BI+3BT).
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
I tillegg må du ha I tillegg må du ha 2MX/2MY/3MZ+3MX/3FY/3KJ/3BI/(2KJ+3BT)/(2BI+3BT).
Krav til bachelorgraden i informatikk, matematikk og økonomi er følgjande emne: Dei tre første semestra består av innføringsemnet Ex.phil. og følgjande fagemne: MAT111, INF100, MAT112, MAT121, ECON110, STAT110, ECON 210, INF170. Frå fjerde semester velgjer studentane ei av tre fordjupingar som gir grunnlag for å søke opptak til mastergrad. I fordjupingane inngår desse emna i spesialiseringa: Statistikk: STAT111, MAT160, ECON340, STAT220, STAT210, MAT131. Samfunnsøkonomi: STAT200/STAT111, ECON130, ECON340, ECON230, ECON290. I tillegg må eit av valemna være eit ECON-emne. Informatikk: MNF130, STAT111, INF101, ECON310, INF270, INF102. I tillegg må eit av valemna være eit INF-emne. Studenter som tar MAT101 istedenfor MAT111 i første semesteret må regne med å bruke noe mer tid på studiet. Det er utarbeidet forslag til alternativt studieløp for disse studentene.
Krav til bachelorgraden i informatikk-matematikk-økonomi er følgjande emne: Dei tre første semestra består av innføringsemnet Ex.phil. og følgjande fagemne: MAT111, INF100, MAT112, MAT121, ECON110, STAT110, ECON 210, INF170. Frå fjerde semester velgjer studentane ei av tre fordjupingar som gir grunnlag for å søke opptak til mastergrad. I fordjupingane inngår desse emna i spesialiseringa: Statistikk: STAT111, MAT160, ECON340, STAT220, STAT210, MAT131. Samfunnsøkonomi: STAT200/STAT111, ECON130, ECON340, ECON230, ECON290. I tillegg må eit av valemna være eit ECON-emne. Informatikk: MNF130, STAT111, INF101, ECON310, INF270, INF102. I tillegg må eit av valemna være eit INF-emne. Studenter som tar MAT101 istedenfor MAT111 i første semesteret må regne med å bruke noe mer tid på studiet. Det er utarbeidet forslag til alternativt studieløp for disse studentene.
Valemne bør velgast i forhold til planlagt masterstudium. Nokre masterprogram har spesielle faglege opptakskrav.
Studentar som vel spesialisering i statisikk og ønskjer å bli aktuarar, bør velje ECON130 Makroøkonomi I
Viss du ønskjer å ta delar av studiet i utlandet, vil vi rå deg til å gjere dette i sjette semester. Vi har i dag avtalar med mellom anna Lunds universitet (Sverige), University of Waterloo (Canada) og University of Newcastle (Australia). Universitetet i Bergen har også mange andre avtalar både i og utanfor Europa.
Professor Trond Steihaug
E-postadresse: Trond.Steihaug@ii.uib.no
Studiekonsulent ved Institutt for informatikk
E-postadresse: studieveileder@ii.uib.no