Studieprogram: MAHF-ARK Masterprogram i arkeologi - Vår 2019




Undervisningsspråk

Dei fleste emna i programmet vert tilbydd på norsk, men enkelte emne vert tilbydd på engelsk.

Mål og innhald

Masterprogrammet i arkeologi er eit toårig studium som byggjer på bachelorgraden, med ei spesialisering i arkeologi på minimum 90 studiepoeng. Masterprogrammet har eit omfang på 120 studiepoeng, og femnar både praktisk og teoretisk arkeologi. Det tek sikte på å øve opp studentane si evne til tverrfagleg, systematisk og kritisk tenking. Gjennom kurs, seminar og det individuelle arbeidet med masteroppgåva skal studenten få god innsikt i arkeologisk problemformulering, teoridanning og forskingsmetode, og lære seg å meistre vitskapleg

analyse og tolking innan arkeologifaget.
Arkeologi ved Universitetet i Bergen har ein norsk, nordisk og internasjonal profil. Det blir lagt særleg vekt på den heimlege og nordiske fortida, som blir studert i eit vidare geografisk perspektiv i dei forskjellige periodane. Studietilbodet i Bergen skil seg ut ved at undervisningaikkje berre dekkjer norske og skandinaviske tilhøve, men dekker òg Midtausten, klassisk og afrikansk arkeologi. Arkeologane ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap er engasjert i prosjekter i Vest-Noreg, Fennoskandia, Nordvest- Russland i nord, og sørover til

Middelhavsområdet, Midtausten og ulike område i Afrika. Felles for forskinga er at lokale prosesser og hendingar blir studert i regionale og overregionale perspektiv, ofte i eit langtidsperspektiv. Studiar av rurale og urbane landskap, erverv og busettingsmønster, teknologisk utvikling og identitet er sentrale emne.

Masteroppgåva er ein vitskapleg studie av eit emne som er valt i samråd med rettleiaren. Emna kan vere basert på arkeologiske data, men kan òg ta utgangspunkt i teoretiske og faghistoriske emne, eller tema innan forvalting og formidling. Gjennom skrivinga skal studenten finne emne, formulere problemstillingar og gjennomføre ei undersøking som vitnar om god fagleg vurdering og meistring av metodar og teori. Instituttet har som mål å gje rettleiing innan dei fleste relevante fagområda, men tek atterhald om rettleiingskapasitet. Rettleiar er ein sentral støttespelar i arbeidet med masteroppgåva og ein person som har

arbeidd mykje med fagfeltet du vel. På denne måten får du hjelp til og velje tema og problemstillingar, du får hjelp til litteraturval og til kva kjelder ein bør bruke. Rettleiar blir tildelt i det første semesteret av masterprogrammet.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte:

Kunnskapar:

Masterprogrammet i arkeologi er forskingsbasert og gir ny innsikt og kunnskap om ulike faglege område, basert på analytiske metodar, faghistorisk, kritisk tilnærming og forskingsetikk. Kandidaten har kunnskap om planlegging og gjennomføring av forskingsoppgåver, og kan formulere relevante problemstillingar og omfang av aktuelt materiale. Studentane har evne til tverrfagleg, systematisk og kritisk tenking. Kandidaten har dessutan avansert kunnskap om det avgrensa område som handsamast i masteroppgåva.

Ferdigheiter:

Programmet gir grunnlag for ulike tilnærmingar til arkeologi i samfunnet som forvaltning, vern, formidling og forsking. Etter å ha delteke på kurs, seminar, og rettleiing og arbeidd individuelt med masteroppgåva har studenten god innsikt i arkeologisk problemformulering, teoridanning og forskingsmetode, og har lært seg å meistre vitskapleg analyse og tolking innan arkeologifaget. Den viktigaste delen i programmet er masteroppgåva. Ein kandidat som har skrive ei masteroppgåve i arkeologi har ny kunnskap om eit nærmare avgrensa emneområde og veit korleis forskingsbasert kunnskap ervervast og formidlast gjennom analyse og

argumentasjon.

Generell kompetanse:

Studentane kan formulere og gjennomføre ulike sjølvstendige prosjekt. Kandidatane kan formidle resultat gjennom kronikkar og vitskaplege artiklar. Dei har og kompetanse til analytiske og administrative oppgåver.

Opptakskrav

Ein godkjend bachelorgrad med spesialisering i arkeologi på minimum 90 studiepoeng.

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar i engelsk ei ein føremon.

Obligatoriske emne

Følgjande emne er obligatoriske i kursdelen:

ARK301 Arkeologisk praksis 15 stp

ARK303 Prosjektskildring 10 stp

ARK305 Arkeologisk metode 10 stp
AHKR300 Forskingsetikk 0 stp


Dessutan eitt av desse emna:

ARK304 Spesialemne knytt til mastergrad i arkeologi 10 stp

ARK314 Advanced Field and Laboratory Methods Course, 10 stp

ARK306 Teknikkar i arkeologifaget, 10 stp


Valemne:

ARK302 Landskap, kulturminne og forvalting, 15 stp (tilrådd)
ARK312 Rettleia oppgåve om eit spesialisert arkeologisk emne, 15 stp

Obligatorisk avslutting på andre studieår: ARK350 Arkeologi mastergradsoppgåve, 60 stp

Tilrådde valemne

Landskap, kulturminne og forvaltning, ARK302

Rekkefølgje for emne i studiet

Masterstudiet i arkeologi omfattar to delar: Det første året av studiet innheld ein kursdel (til saman 60 studiepoeng) medan andre året har fokus på sjølve masteroppgåva, eit ca. 70-siders skriftleg forskingsarbeid, under fagleg rettleiing (i alt 60 studiepoeng).

 

Det første haustsemesteret tek alle studentane det obligatoriske feltkurset Arkeologisk praksis (ARK301), som er eit praktisk kurs i registrering, utgravingsmetodar, dokumentasjon og rapportarbeid. Dei fleste studentar tek òg valemnet Landskap, kulturminne og forvalting (ARK302) som gir innsikt i lovverket og i ulike verneteoriar. Dette emnet gir praktisk trening i å vurdere kulturminne i ulike landskap, og dessutan i å formidle kunnskap om dei. Masterstudentar kan òg velje emnet Rettleia oppgåve om eit spesialisert arkeologisk emne (ARK312).

 

Vårsemesteret omfattar tre emne, alle på 10 studiepoeng. Alle studentane må skrive ei prosjektskildring for masteroppgåva (ARK303). Vidare må alle ta emnet Arkeologiske metode (ARK305: obligatorisk) som omhandlar ulike arkeologiske analysemetodar, mellom anna GIS, datering, distribusjon og klassifikasjon, der studentane òg får praktiske oppgåver. I tillegg skal studentane velje eit tredje emne, i høve til kva tema dei planlegg å skrive masteroppgåve om. De kan vere eit spesialemne knytt til temaet for masteroppgåva (ARK304), der dei enten skriv ein artikkel eller held eit foredrag, for å utvide kunnskapsgrunnlaget i forkant av masteroppgåva. Alternativt kan dei ta et emne om teknikkar i arkeologifaget (ARK306) eller delta på eit feltarbeid i Sør-Afrika (ARK314).

 

Det siste året handlar om sjølve forskingsprosjektet til studenten, masteroppgåva (ARK350). Studentane arbeider individuelt og får rettleiing i utforminga av masteroppgåva. Masteroppgåva er ofte basert på primære kjelde av ulike typar. Dette kan vere arkeologiske materiale i museum, monument i landskapet, arkivmateriale, skriftlege tekstar eller intervjumateriale. Temaet blir valt og avgrensa i samråd med fagleg rettleiar, som studenten får tildelt i første semester av masterstudiet. Under studiet blir det arrangert seminar, der studentane legg fram prosjektskissene eller delar av prosjekta sine. Arbeid med forskingsproblem og kjelder kan føre til kortare eller lengre oppheld på feltarbeid eller ved museum, arkiv eller ved andre forskingsinstitusjonar i Noreg eller i utlandet.

 

Eit masterprogram i arkeologi med start i haustsemesteret kan sjå slik ut:

1. semester:

ARK301 - Arkeologisk praksis (obligatorisk emne, 15 stp)

ARK302 - Landskap, kulturminne og forvalting (15 stp)/ Tilrådd *

 

2. semester:

ARK303 - Prosjektskildring (obligatorisk emne, 10 stp)

ARK305 - Arkeologisk metode (obligatorisk emne, 10 stp)
AHKR300 - Forskingsetikk (obligatorisk emne, 0 stp)

 

og eit av følgjande valemne:

 

ARK304 - Spesialemne knytt til mastergrad i arkeologi (10 stp)

ARK306 - Teknikkar i arkeologifaget (10 stp)

ARK314 - Advanced Field and Laboratory Methods Course (10 stp)

 

3. og 4. semester:

Masteroppgåva 60 stp

 

* Kan erstattas med ARK312 Rettleia oppgåve om eit spesialisert arkeologisk emne

stp= studiepoeng

Krav til progresjon i studiet

Det er eit krav at masterstudenten har gjennomført kursdelen på 60 studiepoeng, før han/ho leverer masteroppgåva (ARK350, 60 stp) til sensur.

Delstudium i utlandet

Fagmiljøet kan etter søknad godkjenne at relevante emne for masteroppgåva ved universitet i utlandet kan utgjere inntil 30 stp av kursdelen i mastergraden. Eit opphald ved eit utanlandsk universitet kan gje både breidde og djupne i læringsutbyttet til studiet, i tillegg til språkkunnskapar og verdifull internasjonal røynsle. UiB har utvekslingsavtalar med universitet i hele verda. Eksempel på avtaler som programmet vil trekke fram er University of Durham, Christian-Albrechts-Universität zu Kiel og Universitetet i Lund.

 

Eit utanlandsopphald bør planleggjast i god tid på førehand, og studiekonsulent på programmet rettleiar gjerne i prosessen. Sjå www.uib.no/utveksling

Undervisningsmetodar

Masterstudentane skal bli kjent med sentrale metodar innan arkeologisk forsking, til dømes typologi, klassifikasjon og romleg distribusjon, etnoarkeologi, tekst og materiell kultur. I tillegg til at studenten skal bruke arkeologiske metodar praktisk i arbeidet med masteroppgåva.

Vurderingsformer

I løpet av masterstudiet vil studentane gjennomgå ulike vurderingsformer. I kursdelen vil dei utarbeide prosjektskisse, skrive foredrag eller artikkel, skrive rapport frå feltarbeid, og gje framføringar. Studiet blir avslutta ved vurdering av den skriftlege masteroppgåva, med påfølgjande munnleg eksaminasjon.

Karakterskala

Vi har to karakterskalaer:
1) A-F der F er stryk


2) Greidd/ikkje greidd


Begge karakterskalaer blir nytta i studieprogrammet.

Grunnlag for vidare studium

Etter endt mastergrad i arkeologi kan du også søke opptak til postmasteremnene AHKR391 Forskningsfordypning etter mastergrad og AHKR392 Historieformidling etter mastergrad.

http://www.uib.no/emne/AHKR391Trykk her for informasjon om AHKR391

http://www.uib.no/emne/AHKR392Trykk her for informasjon om AHKR392

Ein mastergrad i arkeologi kan også kvalifisere for opptak på Phd- studiar i arkeologi.

Relevans for arbeidsliv

Masterprogrammet i arkeologi kvalifiserer for arbeid som arkeolog innan ulike felt, særleg knytt til forvalting og formidling, innan institusjonar som: fylkeskommune, museum og universitet, og dessutan Riksantikvaren og NIKU . Sidan det er den nordeuropeiske arkeologien som har stått sterkast her i landet, er det også her dei fleste stillingane har vore.
Arbeidsplassar for ikkje-europeisk og klassisk arkeologi finn ein først og fremst på universiteta, dersom ein ikkje vil arbeide i utlandet. I tillegg finn ein arkeologar i andre stillingar innan offentleg forvalting, innan arkivarbeid, media og journalistikk, kulturarbeid i vid forstand og undervisning.

Evaluering

Masterprogrammet i arkeologi blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Utval for undervisning og internasjonalisering ved AHKR har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet v/Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål:

Studierettleiar@ahkr.uib.no

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det humanistiske fakultet.

Søknadsfristen er 15. april for studiestart i august.

Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på http://link.uib.no/?1QO0l

Mål og innhald

Studiet er normert til 4 semester full tid. Normal studieprogresjon inneber gjennomføring av Arkeologisk praksis (ARK301), valfritt emne (ARK302/Alternative 300emne) og formalisering av rettleiing i løpet av førstesemester. Prosjektskildring (ARK303), metodeprøve (ARK304) og spesialemne (ARK305 eller ARK306) andre semester og skriving av masteroppgåve(ARK350) i tredje- og fjerdesemester. Prosjektførebuing og spesialemne er knytt til masteroppgåve, slik at arbeidet med masteroppgåva startar 2.semester. For studentar med oppstart i vårsemesteret, blir det tilrådd å starte med prosjektførebuiing, spesialemne og metode i førstesemester, og å fortsetje med Arkeologisk praksis/valfritt emne i haustsemesteret.

Opptaksgrunnlag

Ein treårig bachelorgrad med godkjend spesialisering

(fordjuping) i arkeologi. Annan avslutta utdanning på

minimum 3 år, samt spesialisering i arkeologi, er også

godkjend opptaksgrunnlag. Kva emne som inngår i

spesialiseringa på bachelornivå, styrer val av emnet for

masteroppgåva.

Metode

Du skal bli kjent med sentrale metodar innan arkeologisk forsking, til dømes typologi, klassifi kasjon og romleg distribusjon, etnoarkeologi, tekst og materiell kultur. Dette vil bli teke opp i eit eige emne, i tillegg til at du skal bruke metoden praktisk i arbeidet med masteroppgåva.

Masteroppgåve

Masteroppgåva er ei vitskapleg undersøking av eit emne som du vel i samråd med rettleiaren. Emna kan vere basert på arkeologiske data, men kan også ta utgangspunkt i teoretiske og faghistoriske emne, eller tema innan forvalting og formidling. Du skal gjennom skrivinga finne emne, formulere problemstillingar og gjennomføre ei undersøking som vitnar om god fagleg vurdering og praktisk meistring av metodar og teori. Instituttet har som mål å kunne tilby rettleiing innan dei fl este relevante fagområda, men må ta atterhald om rettleiingskapasitet.

Rettleiaren er ein sentral samtalepartnar og støttespelar i arbeidet med masteroppgåva og ein person som har arbeidd mykje med fagfeltet du vel. På denne måten får du hjelp til å velje tema og problemstilling, du får hjelp til litteraturval og til kva kjelder du bør bruke. Du får tildelt rettleiar i det første semesteret av masterprogrammet.

Oppbygging av studiet

Det første året tar du ulike emne, til dømes eit praksiskurs i arkeologiske feltundersøkingar, og emne

innan prosjektskildring og metode. Det siste året er hovudsakleg konsentrert omkring masteroppgåva.

Eit masterprogram i arkeologi med start i haustsemesteret kan sjå slik ut:

 

1. semester:

Ark 301 - Arkeologisk praksis (15 stp)

Ark 302 -Landskap, kulturminne, forvalting (15stp)

 

2. semester:

Ark 303 - Prosjektskildring (10 stp)

Ark 304 - Spesialemne (10stp)

Ark 305 - Metode (10stp)

Ark 306 - Teknikkar i arkeologifaget

3. og 4. semester:

ARK350 Masteroppgåva 60 stp

 

stp= studiepoeng

Fageining og spesialisering

ARK 301 Arkeologisk praksis 15 stp

ARK 303 Prosjektskildring 10 stp

ARK 304 Spesialemne knytt til mastergrad i arkeologi 10 stp

ARK 305 Arkeologisk metode 10 stp

ARK 306 Teknikkar i arkeologifaget, 10 stp

ARK 350 Masteroppgåve i arkeologi 60 stp

 

Valfritt emne

ARK 302 Landskap, kulturminne og forvaltning 15 stp

 

Dei emna som blir omtala nedanfor er emne/kurs som vert halde av Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap, ikkje emne frå andre fag som kan inngå som eit valfritt emne. Feltskulen i Sør- Afrika, kan erstatte både valfritt emne og ARK 301. Likeeins kan tverrfagleg emne innan klassiske studier, der instituttet deltek, inngå som eit valfritt emne i ein mastergrad.

 

 

Yrkesvegar

Masterprogrammet i arkeologi kvalifiserer for arbeid som arkeolog. Det er særleg tre stader der arkeologar arbeider: i fylkeskommunar, i museum og på universitet. Sidan det er den nordeuropeiske arkeologien som har stått sterkast her i Noreg, er det også her dei fleste jobbene har vore.

Arbeidsplassar for ikkje-europeisk og antikk arkeologi finn ein først og fremst på universiteta, dersom ein ikkje skal arbeide i utlandet. I tillegg finn ein arkeologar i andre stillingar innan offentleg forvalting, innan media og journalistikk, kulturarbeid i vidare forstand og undervisning.

 

Oppstart

Haust. Det kan bli aktuelt å ta opp studentar også til vårsemesteret. Ta kontakt for informasjon.