Studieprogram: MAHF-ENG Masterprogram i engelsk - Høst 2019




Fulltid/deltid

Fulltid

Om du vil ta heile eller delar av studiet som eit 50% deltidsstudium må du levere formell søknad til instituttet. Les meir om dette i Rutinar for masterstudiet ved HF.

Mål og innhald

Mastergrad i engelsk er eit fulltidsstudium over fire semester. Det utgjer 120 studiepoeng og er samansett av to hovuddelar, ein kursdel og ei masteroppgåve på 60 studiepoeng. Emna i kursdelen kan veljast mellom dei tilboda som instituttet gir i dei ulike semestra. Minst 30 studiepoeng må vere i same disiplin som masteroppgåva.

Masteremne i same disiplin skal representere ulike område i disiplinen. Studentane blir oppmoda til å finne eit tema for masteroppgåva og skrive under ein rettleiingskontrakt så tidleg som mogleg i andre semester.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

- har utdjupa kunnskapane som han/ho har med seg frå tidlegare engelskstudium gjennom spesialiserte studium i engelsk lingvistikk, engelskspråkleg litteratur eller kultur

- har utvikla ei kritisk og sjølvstendig haldning gjennom teoretisk og metodisk skolering i dei einskilde kursemna

- har kjennskap til nyare forsking innan dei ulike emna

- har utvikla spesialisert dybdekunnskap om eit sjølvvalt område innan engelskstudium gjennom masteroppgåva

- kan formidle og problematisere sentralt fagstoff

 

Ferdigheiter

Kandidaten

- har gode språkferdigheiter i munnleg og skriftleg akademisk engelsk

- meistrar relevant fagleg terminologi, ulike teoriar, verktøy og teknikkar

- kan reflektere over eigne ferdigheiter og fagleg utvikling

- kan bruke fagleg kunnskap og relevante resultat frå forsking i arbeid med engelsk lingvistiske eller litterære problemstillingar

- kan kritisk innhente og bruke relevant fagstoff om engelsk lingvistikk eller litteratur/kultur

 

Generell kompetanse

Kandidaten

- kan formulere ei problemstilling eller eit forskingsspørsmål som kan føre til ny kunnskap

- kan gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt under rettleiing

- kan bruke ulike forskingsverktøy for å undersøke et forskingsfelt

- kan følgje forskingsetiske normer, til dømes normer for bruk og sitering av kjelder

- kan organisere og produsere eit omfattande skriftleg dokument i tråd med spesifiserte krav og retningslinjer.

 

For å nå desse måla må studenten arbeide sjølvstendig med faglitteraturen og ta aktivt del i dei seminara dei deltek i. Særleg arbeidet med masteroppgåva krev sjølvstendig og målretta arbeid.

Opptakskrav

Søkjarar med utdanning frå Noreg
Mastergradsstudiet i engelsk føreset bachelorgrad med spesialisering i engelsk på minst 80 studiepoeng, med snittkarakter C eller betre på dei emna som inngår i spesialiseringa.

Søkjarar med utdanning frå utlandet
Søkjarar med utdanning frå utlandet må ha fullført og greidd ein lågare grad (Bachelor) på tre eller fire år frå ein godkjend høgare utdanningsinstitusjon. Bachelorgraden må innehalde ei spesialisering i engelsk tilsvarande om lag 1 ½ års fulltidsstudium.

Språkkravet for å bli tatt opp på studiet er:
IELTS: minimum 7
TOEFL:
- Internet-based test (iBT): 90
- Paper-based test (PBT): 560
University of Cambrigde examinations:
- First Certificate in English: Grade A
- Certificate in Advanced English: Grade C
- Certificate of Proficiency in English: Level C1
ETS - TOEIC Listening and Reading Test:
- TOEIC Listening: 490
- TOEIC Reading: 455

Er du morsmålsbrukar av engelsk, treng du ikke dokumentere språknivå med testresultat. Du blir rekna som morsmålsbrukar av engelsk om du er frå Australia, Canada, Irland, New Zealand, Singapore, Storbrittania, USA eller Sør-Afrika.

Testresultatet kan ikkje vere eldre enn tre år på søkjartidspunktet. Søkjarar vert vurderte ut frå oppnådde resultat i tidlegare studium.

Tilrådde forkunnskapar

Ikkje relevant.

Innføringsemne

Det er ingen innføringsemne til masterstudiet.

Obligatoriske emne

Ein kan ta spesialisering i masterprogram i engelsk innanfor områda lingvistikk eller litteratur/kultur.

Spesialisering i lingvistikk
ENG339 Masteremne i lingvistikk I (10 stp) (H)
ENG341 Masteremne i lingvistikk II (10 stp) (H)
ENG343 Masteremne i lingvistikk III (10 stp) (H)
ENG345 Masteremne i lingvistikk IV (10 stp) (V)
ENG349 Masteremne i lingvistikk VI (10 stp) (V)
LING311 Metode for språklege mastergrader (10 stp) (V)

Spesialisering i litteratur/kultur
Vel tre av emna
ENG331 Masteremne i engelskspråkleg litteratur/kultur I (10 stp). (H)
ENG332 Masteremne i engelskspråkleg litteratur/kultur II (10 stp).(H)
ENG333 Masteremne i engelskspråkleg litteratur/kultur III (10 stp).(H)
ENG334 Masteremne i engelskspråkleg litteratur/kultur IV (10 stp). (H)
ALLV221 Litteraturteori (10 stp.) (H)

Vel to av emna
ENG335 Masteremne i engelskspråkleg litteratur/kultur IV (10 stp) (V)
ENG336 Masteremne i engelskspråkleg litteratur/kultur V (10 stp) (V)
ENG337 Masteremne i engelskspråkleg litteratur/kultur VI (10 stp) (V)

Obligatorisk emne
ENG340 Namn på emnet (10 stp) (V)

Obligatorisk for begge spesialiseringar
ENG350 Masteroppgåve i engelsk (60 stp) (H/V)

Når ressursane tillèt det vert tilleggsemna ENG334 og ENG338 tilbodne som valalternativ om hausten og våren. Studentane tek då tre av fire litteraturemne per semester.

Minst 30 studiepoeng må vere i same disiplin som masteroppgåva, og desse må som hovudregel takast ved Institutt for framandspråk, Universitetet i Bergen. Studentar må søkje om individuell innpassing av eksamenar som er tekne ved eit anna institutt eller ein annan institusjon.

Studentane blir oppmoda til å finne eit tema for masteroppgåva så tidleg som mogleg i andre semester. Masteroppgåva blir til vanleg skriven i løpet av det tredje og fjerde semesteret.

Studentane får rettleiing under arbeidet med masteroppgåva. Ein rettleiingskontrakt som gjer nærare greie for rettar og plikter, skal skrivast under av student, rettleiar og instituttstyrar.

Dersom ein student bruker meir enn to semester på å ferdigstille masteroppgåva si, blir rettleiinga redusert. Studentar i sitt femte eller sjette semester på masteroppgåva har rett på ei gjennomlesing av heile masteroppgåva dersom den blir levert til rettleiar innan to veker før aktuell innleveringsfrist.

Studentar skal som ledd i arbeidet med masteroppgåva ta aktivt del i Work-in-progress seminara innanfor den valde disiplinen (sjå ENG350 for detaljar).

 

Tilrådde valemne

Rekkefølgje for emne i studiet

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Semester 1, haust
ENG339 Masteremne i engelsk lingvistikk I 10 stp.
ENG341 Masteremne i engelsk lingvistikk II 10 stp.
ENG343 Masteremne i engelsk lingvistikk III 10 stp.
ENG331 Masteremne i engelskspråkleg litteratur/kultur I 10 stp.*
ENG332 Masteremne i engelskspråkleg litteratur/kultur II 10 stp.*
ENG333 Masteremne i engelskspråkleg litteratur/kultur III 10 stp.*
ENG334 Masteremne i engelskspråkleg litteratur/kultur IV 10 stp.*
Work-in-progress seminar i lingvistikk, litteratur/kultur eller fagdidaktikk

*Tre av dei fire kursa i engelspråkleg litteratur/kultur (ENG331-334) blir tilbydde kvart haustsemester.

Semester 2, vår
ENG345 Masteremne i engelsk lingvistikk IV 10 stp.
LING311 Metode for språklege mastergrader 10 stp.
ENG349 Masteremne i engelsk lingvistikk VI 10 stp.
ENG335 Masteremne i engelskspråkleg litteratur/kultur V 10 stp.*
ENG336 Masteremne i engelskspråkleg litteratur/kultur VI 10 stp.*
ENG337 Masteremne i engelskspråkleg litteratur/kultur VII 10 stp.*
ENG340 Førebuing til masteroppgåveskriving i engelsk litteratur og kultur 10 stp.
Work-in-progress seminar i lingvistikk, litteratur/kultur eller fagdidaktikk


*To av dei tre kursa i engelspråkleg litteratur/kultur (ENG335-337) blir tilbydde kvart vårsemester.

Masterstudentar som vel å fokusere på litteratur kan ta emnet ALLV221(10 studiepoeng) som eit valemne i haustsemesteret. Emnet vil då erstatte eitt av dei andre ENG300-emna i litteratur tilbudt om hausten.

Alle emna i kursdelen (totalt 60 stp) må være fullførte før innlevering av masteroppgåva.

Semester 3 og 4, haust og vår
ENG350 Masteroppgåve i engelsk
Work-in-progress seminar i lingvistikk, litteratur/kultur eller fagdidaktikk

Krav til progresjon i studiet

Normal studieprogresjon (30 stp/semester)

Delstudium i utlandet

Studentar kan ta masteremne ved utanlandske lærestader og få desse godkjente som ein del av mastergraden (jfr. Obligatoriske emne/spesialisering).

Det er sterkt tilrådd og tilrettelagt for at studentane tek delar av programmet som utvekslingsstudent i eit anna land.

Tilrådde utvekslingsstader finn ein på nettsida til studieprogrammet.

Ein kan òg velje frå Universitetet i Bergen sine avtaler med studiestader i heile verda. All informasjon om utveksling finn ein på www.uib.no/utveksling.

Undervisningsmetodar

Gjennom ulike undervisingsformer får studentane moglegheit til å studere og nærme seg faget på ulike måtar. Undervisninga er forskingsbasert og føreset aktiv deltaking frå studentane.

Arbeidsmetodar og undervisingsformer kan vere førelesingar, seminar, gruppearbeid, skriftlege og munnlege presentasjonar, omgreps- og problemfokuserte oppgåver, problembasert læring, rettleiing og praktisk bruk av digitale verktøy.

For nærare informasjon, sjå dei einskilde emneplanane.

Vurderingsformer

Gjennom studiet møter studentane ulike vurderingsformer. Til dømes skriftleg skuleeksamen, rettleidd oppgåve, heimeeksamen, munnleg presentasjon, munnleg prøve og mappevurdering.

Vurderingsformene er tilpassa læringsutbyttet i dei ulike emna.

For nærare informasjon om vurderingsformer, sjå dei einskilde emneplanane.

Studiet blir avslutta med ein munnleg eksamen der masteroppgåva blir diskutert.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Fullført masterprogram med gode resultat kvalifiserer til å søkje om opptak på doktorgradsstudium i relevante fag.

Studentar som planlegg å ta PPU, må sørgje for å få dekka opptakskrava i løpet av studieløpet sitt. Informasjon finn ein på www.uib.no/studieprogram/PRAPED

Relevans for arbeidsliv

Kandidatar med mastergrad i engelsk er ei relativt ettertrakta gruppe på arbeidsmarknaden. Mange arbeider i skolen, men stadig fleire går til anna offentleg verksemd og til næringslivet. Universitet, høgskolar og forskingsinstitutt rekrutterer òg mange med master i språkfag.

Evaluering

Masterprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Skikkavurdering og autorisasjon

Programmet har ikkje krav om skikkavurdering eller autorisasjon.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet v/ Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Studierettleiar@if.uib.no

Tlf 55 58 22 98

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det humanistiske fakultet. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på http://link.uib.no/?1QO0l

Mål og innhald

Mastergradsstudiet i engelsk har som mål å utdjupe kunnskapane som studenten har med seg frå tidlegare engelskstudium gjennom eit spesialisert studium i engelsk språk, og i engelskspråkleg litteratur eller kultur. Dei enkelte emna og arbeidet med masteroppgåva skal bidra til å utvikle ei kritisk og sjølvstendig haldning gjennom teoretisk og metodisk skolering, og dessutan vidareutvikle dugleiken i skriftleg og munnleg engelsk. For å nå desse måla må studenten arbeide sjølvstendig med faglitteraturen og ta aktivt del i seminar som blir haldne. Særleg arbeidet med masteroppgåva krev sjølvstendig og målretta arbeid.

Eit masterprogram i engelsk kan sjå slik ut:

1. semester:
ENG301 Masteremne i engelsk lingvistikk I eller ENG302 Masteremne i engelskspråkleg litteratur I
ENG303 Masteremne i engelsk lingvistikk II eller ENG304 Masteremne i engelskspråkleg litteratur/kultur II

2. semester:
ENG305 Masteremne i engelsk lingvistikk III eller ENG306 Masteremne i engelskspråkleg litteratur/kultur III
ENG309 Masteremne i engelsk lingvistikk IV eller ENG307 Masteremne i engelsk lingvistikk V eller engelskspråkleg litteratur/kultur IV

3. og 4. semester:
Masteroppgåve

Opptaksgrunnlag

Mastergradsstudiet i engelsk føreset bachelorgrad med spesialisering i engelsk.

Krav til forkunnskapar

Mastergradsstudiet i engelsk føreset bachelorgrad med spesialisering i engelsk.

Metode

Instituttet sine innføringskurs i teori og metode gir ein solid metodisk basis for arbeidet med masteroppgåva.

Masteroppgåve

Masteroppgåva er eit vitskapleg arbeid i spesialdisiplinen din. Oppgåva skal vise at du er godt orientert i forskinga i det valde emnet, at du har sett seg inn i relevante teoretiske og metodologiske problemstillingar, og at du har tileigna deg ein vitskapleg arbeidsmåte. Du får rettleiing under arbeidet med masteroppgåva og blir oppmoda om å finne eit tema for oppgåva så tidleg som mogleg i andre semester. Masteroppgåva skal skrivast på engelsk og vere på mellom 70 og 110 sider.

Oppbygging av studiet

Masterprogrammet består av to hovuddelar, ein kursdel som inneheld fire emne, kvart på 15 stp, og ei masteroppgåve på 60 stp. Eitt masteremne i engelsk lingvistikk kan bytast ut med fellesemnet LINGMET og eitt masteremne i engelsk litteratur/kultur kan bytast ut med fellesemnet LITTEHF. Dei andre emna i kursdelen kan veljast fritt mellom dei tilboda som instituttet gir i dei ulike semestra. Du kan også ta delar av masterprogrammet ved ein utanlandsk lærestad.

Eit masterprogram i engelsk kan sjå slik ut:

1. semester:
ENG301 Masteremne i engelsk lingvistikk I eller ENG302 Masteremne i engelskspråkleg litteratur I
ENG303 Masteremne i engelsk lingvistikk II eller ENG304 Masteremne i engelskspråkleg litteratur/kultur II

2. semester:
ENG305 Masteremne i engelsk lingvistikk III eller ENG306 Masteremne i engelskspråkleg litteratur/kultur III
ENG309 Masteremne i engelsk lingvistikk IV eller ENG307 Masteremne i engelsk lingvistikk V eller engelskspråkleg litteratur/kultur IV

3. og 4. semester:
Masteroppgåve

Studentane blir oppmoda til å finne eit tema for masteroppgåva og skrive under ein rettleiingskontrakt så tidleg som mogleg i andre semester.

Eitt masteremne i engelsk lingvistikk kan bytast ut med fellesemnet LINGMET og eitt masteremne i engelsk litteratur/kultur kan bytast ut med fellesemnet LITTEHF.

Eitt emne på 200-nivå kan erstatte eit av masteremna dersom det ikkje allereie inngår i eller delvis overlappar med ein del av studenten sin bachelorgrad. Dersom kurs på 200-nivå skal godkjennast som masteremne, må pensum i kurset utvidast og vanskegraden justerast i samråd med faglærar. Studentar på 300-nivå som tek kurs på 200-nivå, må avleggje skoleeksamen.

Minst to av emna i kursdelen skal som hovudregel takast ved Institutt for framandspråk, Universitetet i Bergen. Studentar må søkje om individuell innpassing av eksamenar som er tatt ved eit anna institutt eller ein annan institusjon.

Fageining og spesialisering

Mastergradsstudiet er eit fulltidsstudium over fire semester. Det består av to hovuddelar, ein kursdel som omfattar fire emne, kvart på 15 studiepoeng, og ei masteroppgåve på 60 studiepoeng. Emna i kursdelen kan veljast mellom dei tilboda som instituttet gir i dei ulike semestra. Minst eitt masteremne må vere i same disiplin som masteroppgåva. Masteremne i same disiplin skal representere ulike område i disiplinen.

Kvart emne blir avslutta med ein skriftleg eksamen. Dei eksamensformene som blir nytta er gjort greie for under kvart einskild emne. Studiet blir avslutta med ein munnleg eksamen der masteroppgåva blir diskutert.

Hovudopptaket til masternivå i engelsk er i haustsemesteret. Normal studieprogresjon for studentar med oppstart i haustsemesteret er som følgjer

1. semester ENG301 eller ENG302 + ENG303 eller ENG304
2. semester ENG305 eller ENG306 + ENG307 eller ENG309
3. semester Masteroppgåve
4. semester Masteroppgåve

Normal studieprogresjon for studentar med oppstart i vårsemesteret er:

1. semester ENG305 eller ENG306 + ENG307 eller ENG309
2. semester ENG301 eller ENG302 + ENG303 eller ENG304
3. semester Masteroppgåve
4. semester Masteroppgåve

Studentane blir oppmoda til å finne eit tema for masteroppgåva og skrive under ein rettleiingskontrakt så tidleg som mogleg i andre semester.

Eitt masteremne i engelsk lingvistikk kan bytast ut med fellesemnet LINGMET.

ENG302 kan bytast ut med fellesemnet LITTEHF.

Eitt emne på 200-nivå kan erstatte eit av masteremna dersom det ikkje allereie inngår i eller delvis overlappar med ein del av studenten sin bachelorgrad. Dersom kurs på 200-nivå skal godkjennast som masteremne, må pensum i kurset utvidast og vanskegraden justerast i samråd med faglærar. Studentar på 300-nivå som tek kurs på 200-nivå, må avleggje skoleeksamen.

Minst to av emna i kursdelen skal som hovudregel takast ved Institutt for framandspråk, Universitetet i Bergen. Studentar må søkje om individuell innpassing av eksamenar som er tatt ved eit anna institutt eller ein annan institusjon.

Yrkesvegar

Masterprogrammet i engelsk kvalifiserer for undervisning på alle nivå innanfor skoleverket og for anna arbeid både i offentleg og privat sektor der kunnskap om språk, litteratur og kultur er viktig. Dette kan for eksempel vere innan informasjonsarbeid, media, reiseliv, omsetjing og eksportretta verksemd. Studiet kan dessutan danne grunnlag for seinare forskarutdanning innan engelsk språk- eller litteraturvitskap.

Læremiddelomtale

Litteraturliste finn ein på det einskilde emnet si nettside. Litteraturlista skal vere klar innan 01.06. for haustsemesteret, og innan 01.12. for vårsemesteret.

 

NB: Merk at det ikkje finst litteraturlister til alle emne - i nokre emne skal studentane til dømes sjølv velje litteratur i samråd med lærar eller rettleiar.

Delstudium i utlandet

Studentar kan ta masteremne ved utenlandske lærestader og få desse godkjente som ein del av mastergraden.

Oppstart

Haust. Det kan bli aktuelt å ta opp studentar også til vårsemesteret. Ta kontakt for informasjon.

Planforslag

Hovudopptaket til masternivå i engelsk er i haustsemesteret. Normal studieprogresjon for studentar med oppstart i haustsemesteret er som følgjer

1. semester ENG301 eller ENG302 + ENG303 eller ENG304
2. semester ENG305 eller ENG306 + ENG307 eller ENG309
3. semester Masteroppgåve
4. semester Masteroppgåve

Normal studieprogresjon for studentar med oppstart i vårsemesteret er:

1. semester ENG305 eller ENG306 + ENG307 eller ENG309
2. semester ENG301 eller ENG302 + ENG303 eller ENG304
3. semester Masteroppgåve
4. semester Masteroppgåve

Meir informasjon

studierettleiar@if.uib.no Tlf.: 55 58 23 83