Studieprogram: MAHF-FRAN Masterprogram i fransk - Vår 2019




Omfang og studiepoeng

Studiet har eit omfang på 120 studiepoeng og er normert til to år på full tid.

Fulltid/deltid

Fulltid

Om du vil ta heile eller delar av studiet som eit 50% deltidsstudium må du levere formell søknad til instituttet. Les meir om dette i http://www.uib.no/hf/22765/rutinar-masterstudiet-ved-hfRutinar for masterstudiet ved HF.

Undervisningsspråk

Sjå den einskilde emneplanen for emna som inngår i programmet.

Studiestart - semester

Haust. Det kan vere aktuelt å ta opp studentar også til vårsemesteret. Ta kontakt med studierettleiar ved spørsmål om opptak.

Mål og innhald

Fransk masterstudium har som mål å gje kunnskapar på høgt nivå i fransk lingvistikk og franskspråkleg litteratur samstundes som det skal gje stor dugleik i munnleg og skriftleg bruk av moderne fransk. Masterstudiet siktar dessutan mot å utvikla ei kritisk og sjølvstendig haldning til problem og metodar innan dei vitskaplege disiplinane i faget.

 

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta program ha føljande læringsutbytte:

Kunnskap:

Studenten

Ferdigheter:

Studenten

Generell kompetanse:

Studenten

Opptakskrav

Grunnlaget for opptak til masterstudiet er bachelorgrad med spesialisering på minst 80 studiepoeng i framandspråket, med snittkarakter C eller betre, i dei emna som inngår i spesialiseringa. 

Studentar som ønskjer å søkje opptak til masterprogrammet på anna grunnlag, vert oppmoda til å søkje om godkjenning innan 1.mars for opptak i haustsemesteret. Søknaden må innehalde karakterutskrift/vitnemål, pensumliste og emneskildringar for dei emna søkjaren meiner skal koma i staden for ei ordinær spesialisering. Godkjenninga må leggjast ved søknaden til masterprogrammet. Sjå den enkelte studieprogramsida for meir informasjon og fristar.

Tilrådde forkunnskapar

Ikkje relevant.

Innføringsemne

Det er ingen innføringsemne til masterstudiet.

Obligatoriske emne

Studentar som ikkje har norsk som morsmål, med studierett på masterprogrammet i fransk ved Universitetet i Bergen, kan kan bytte ut FRAN309/Grammatikk og omsetjing/omsetjingsteori, V (15 stp.) med FRAN311 Grammatikk og litteratur, V (15 stp.)

Emna kan delast inn i tre delar:

- ein basisdel på 30 studiepoeng (FRA3100 og FRAN309 eller FRAN311)

- ein spesialdel på 30 studiepoeng (FRAN307 og FRAN308)

- masteroppgåva på 60 studiepoeng (FRAN350)

Når det gjeld dei to emna i spesialdelen, har dei høvesvis eit lingvistisk (FRAN307) og litteraturvitskapleg (FRAN308) innhald.

Spesialisering

Tilrådde valemne

Det er ingen innføringsemne til masterstudiet.

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkjefølgje for emne i studiet:

 

1. semester (haust)

 

 

2. semester (vår)

 

 

3. semester (haust) og 4. semester (vår)

 

 

Alle emna i kursdelen (totalt 60 stp) må være fullførte før innlevering av masteroppgåva.

Krav til progresjon i studiet

Delstudium i utlandet

Det er sterkt tilrådd og tilrettelagt for at studentane tar delar av programmet som utvekslingsstudent i eit anna land.

 

Tilrådde utvekslingsstader finn ein på nettsida til studieprogrammet: http://www.uib.no/studieprogram/MAHF-FRAN#uib-tabs-utvekslinghttp://www.uib.no/studieprogram/MAHF-FRAN#uib-tabs-utveksling

 

Ein kan òg velje frå Universitetet i Bergen sine avtaler med studiestader i heile verda. All informasjon om utveksling finn ein på http://www.uib.no/utvekslingwww.uib.no/utveksling.

Arbeids- og undervisningsformer

Gjennom ulike undervisingsformer får studentane moglegheit til å studere og nærme seg disiplinane på ulike måtar. Undervisninga er forskingsbasert og føreset aktiv deltaking frå studentane.

Arbeidsmetodar og undervisingsformer kan vere førelesingar, seminar, gruppearbeid, skriftlege og munnlege presentasjonar, omgreps- og problemfokuserte oppgåver, problembasert læring, rettleiing og praktisk bruk av digitale verktøy.

For nærare informasjon, sjå dei einskilde emneplanane.

Undervisningsmetodar

Undervisninga er forskingsbasert og omhandlar det teoretiske grunnlaget for faget, så vel som metodar knytte til faget. Undervisning består t.d. av førelesingar, seminar, individuell rettleiing og skriftlege og munnlege presentasjonar. For nærare informasjon, sjå dei einskilde emneplanane.

Vurderingsformer

Gjennom studiet møter studentane ulike vurderingsformer. Til dømes skriftleg skuleeksamen, rettleidd oppgåve,  heimeeksamen, munnleg presentasjon, munnleg prøve og mappevurdering.

 

Vurderingsformene er tilpassa læringsutbyttet i dei ulike emna.

 

For nærare informasjon om vurderingsformer, sjå dei einskilde emneplanane. 

Karakterskala

Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

 

 

Sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål og vitnemålstillegg blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Fullført masterprogram med gode resultat kvalifiserer til å søkje om opptak på doktorgradsstudium i relevante fag.

Studentar som planlegg å ta PPU, må sørge for å få dekka opptakskrava i løpet av studieløpet sitt. Informasjon finn ein på www.uib.no/studieprogram/PRAPED

Relevans for arbeidsliv

Ein mastergrad i fransk gjev god bakgrunn for undervisningsoppgåver på høgre nivå og for arbeid både i offentleg sektor og innan privat verksemd på felt der det internasjonaliserte samfunnet stiller store krav til språk- og kulturkunnskapar. Fransk masterstudium er òg utgangspunkt for forskarutdanning innan fransk lingvistikk og litteraturvitskap. Normert studietid for fransk masterstudium er fire semester.

Evaluering

Masterprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Skikkavurdering og autorisasjon

Programmet har ikkje krav om skikkavurdering eller autorisasjon.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet

Administrativt ansvarleg

Institutt for framandspråk ved Det humanistiske fakultet har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

mailto:Studierettleiar@if.uib.no

mailto:Studierettleiar@if.uib.noStudierettleiar@if.uib.no

Tlf 55 58 23 40

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det humanistiske fakultet. Søknadsfristen er 1. juni for studiestart i august. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på http://studere.uib.no/master-hf.

Mål og innhald

Eit masterstudium i fransk gjev god bakgrunn for undervisningsoppgåver på høgre nivå og for arbeid både i offentleg sektor og innan privat verksemd på felt der det internasjonaliserte samfunnet stiller store krav til språk- og kulturkunnskapar. Fransk masterstudium er òg utgangspunkt for forskarutdanning innan fransk lingvistikk og litteraturvitskap. Normert studietid for fransk masterstudium er fire semester.
Fransk masterstudium har som mål å gje kunnskapar på høgt nivå i fransk språk og franskspråkleg litteratur samstundes som det skal gje stor dugleik i munnleg og skriftleg bruk av moderne fransk. Masterstudiet siktar dessutan mot å utvikla ei kritisk og sjølvstendig haldning til problem og metodar innan dei vitskaplege disiplinane i faget.

Opptaksgrunnlag

Masterstudiet byggjer normalt på bachelorgrad med 90 poeng spesialisering i fransk eller liknande utdanning.
Studentar som ønskjer å søkje opptak til masterprogram i fransk på anna grunnlag enn det som er oppgitt å vere godkjent spesialisering i faget (sjå studieplanen for fransk), må søkje om godkjenning på førehand, seinast innan 1. mai. Slike søknader må innehelde karakterutskrift/vitnemål, pensumliste og beskriving av dei emna søkjaren meiner skal erstatte ei ordinær spesialisering. Ei eventuell godkjenning må leggjas ved søknaden til masterprogrammet.

Tilrådde forkunnskaper

Masterstudiet byggjer normalt på bachelorgrad med 90 poeng spesialisering i fransk eller liknande utdanning.

Metode

Masterprogrammet i fransk skal gi innsikt i sentral lingvistisk og litteraturvitskapleg metode. I masteroppgåva vel du å spesialisere deg i språk eller litteratur, og emnet for oppgåva vil vere avgjerande for metoden du nyttar deg av.

Masteroppgåve

Masteroppgåva skal skrivast på fransk og er ei prøve på vitskapleg arbeid innan språk eller litteratur. Omfanget av oppgåva vil normalt vere på 70-100 sider. Du vel emnet for masteroppgåva i samråd med faglærar seinast i byrjinga av det andre semesteret. Du har rett til individuell rettleiing på grunnlag av rettleiingskontrakt.

Oppbygging av studiet

Masterprogrammet er sett saman av desse emna:

FRAN301 - Teori, metode og litterære verk (15 stp, haust)
FRAN302 - Grammatikk, omsetjing og mellomalderfransk (15 stp, vår)
FRAN303 - Språkleg eller litterært seminaremne, skriftleg eksamen (15 stp, vår og haust)
FRAN304 (15 stp) - Språkleg eller litterært seminaremne, munnleg eksamen (15 stp, vår og haust)
FRAN350 (60 stp) - Masteroppgåve

Fageining og spesialisering

Fransk masterstudium (120 studiepoeng) er samansett av tre delar:

- ein basisdel på 30 studiepoeng (FRAN301 og FRAN302)
- ein spesialdel på 30 studiepoeng (FRAN303 og FRAN304)
- masteroppgåva, som representerer 60 studiepoeng (FRAN350)

Spesialdelen inneheld til saman 30 studiepoeng og har to emne, kvart på 15 studiepoeng. Ein kan, etter val, gje emna eit lingvistisk og/eller litteraturvitskapleg innhald. For dei to emna til saman må både skriftleg og munnlig eksamensform nyttast.

FRAN303 og/eller FRAN304 kan byttast ut med eit tverrfagleg fakultetsseminar av tilsvarande type med tilhøyrande eksamen, eller, etter søknad, av eit anna passande emne ved Universitetet i Bergen eller ein annan utdanningsinstitusjon.

Yrkesvegar

Masterstudiet i fransk gir ein solid kompetanse i fransk språk og innsikt i korleis moderne fransk er blitt til. Saman med kunnskap om variantar av fransk utanom Frankrike og om fransk historie og samfunn frå bachelortrinnet, vil studiet vere relevant for arbeid både i offentlege og private verksemder og organisasjonar der dette er etterspurt. Studiet gir god kjennskap til franskspråkleg litteratur og teoretisk litteraturkunnskap. Dette er relevant innan produksjon og formidling av litteratur til dømes i forlag, tidsskrift og media. Språk er òg ein etterspurt kvalifikasjon innan privat og offentleg kulturformidling, i eksportretta verksemder og sjølvsagt i teknisk og litterær omsetjing. Masterstudiet i fransk gir dessutan god bakgrunn for undervisningsoppgåver i skulen og på høgare nivå. Ein mastergrad i fransk er òg eit utgangspunkt for forskarutdanning innan fransk lingvistikk og litteraturvitskap.

Oppstart

Haust.
Det kan bli aktuelt å ta opp studentar også til vårsemesteret. Ta kontakt for informasjon.

Planforslag

Masterstudiet er organisert som eit heiltidsstudium som strekkjer seg over fire semester. Hovudopptaket til studiet er i haustsemesteret, men det er óg mogleg å søkje opptak til vårsemesteret.
For studentar som startar i haustsemesteret vil ein normal progresjon i studiet kunne vere som følgjer:

1. semester:
FRAN301 - Teori, metode og litterære verk, 15 st
FRAN303 eller FRAN304 - Språkleg eller litterært særemne, 15 sp

2. semester:
FRAN302 - Grammatikk, omsetjing og mellomalderfransk, 15 sp
FRAN303 eller FRAN304 - Språkleg eller litterært særemne, 15 sp

3. og 4. semester:
FRAN350 - Masteroppgåva, 60 stp

Studentar som startar i vårsemesteret vil normalt ta FRAN302 i staden for FRAN301 i sitt første semester. Ut over dette vil ein normal progresjon vere lik den som går fram av planen over.

Meir informasjon

studierettleiar@if.uib.no/55 58 84 38