Studieprogram: MAHF-ITAL Masterprogram i italiensk - Høst 2019




Omfang og studiepoeng

Studiet har eit omfang på 120 studiepoeng og er normert til to år på full tid.

Fulltid/deltid

Fulltid

Om du vil ta heile eller delar av studiet som eit 50% deltidsstudium, må du levere formell søknad til instituttet. Les meir om dette i http://www.uib.no/hf/22765/rutinar-masterstudiet-ved-hfRutinar for masterstudiet ved HF.

Undervisningsspråk

Sjå den einskilde emneplanen for emna som inngår i programmet.

Mål og innhald

Italiensk masterstudium vil normalt vera eit 4 semesters fulltidsstudium som representerer ei fagleg fordjuping bygd på italiensk frå bachelorstudiet. Masterstudiet femner om fire emne (ITAL301-302 + 304 + valemne) på til saman 60 stp og ei masteroppgåve (ITAL350) på 60 stp.

Masterstudiet i italiensk skal gje høve til spesialisering i språkvitskapleg eller litteraturvitskapleg lei. Spesialiseringa skal tuftast på eit breitt og inngåande oversyn over dei viktigaste fagdisiplinane og har som føresetnad at den munnlege og skriftlege dugleiken i italiensk språk stendig vert utvida med basis i kjennskap til den italienske kulturen i notid og fortid.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Etter fullført studium:

Kunnskapar:

Kandidaten

 

Ferdigheiter:

Kandidaten

 

Generell kompetanse:

Kandidaten

Opptakskrav

Grunnlaget for opptak til masterstudiet er bachelorgrad med spesialisering i italiensk, med snittkarakter C eller betre på dei emna som inngår i spesialiseringa. 

 

Studentar som ønskjer å søkje opptak til masterprogrammet på anna grunnlag, blir oppmoda til å søkje om godkjenning innan 1.mars for opptak i haustsemesteret. Søknaden må innehalde karakterutskrift/vitnemål, pensumliste og emneskildringar for dei emna søkjaren meiner skal koma i staden for ei ordinær spesialisering. Godkjenninga må leggjast ved søknaden til masterprogrammet. Sjå den enkelte studieprogramsida for meir informasjon og fristar.

Tilrådde forkunnskapar

Ikkje relevant.

Obligatoriske emne

ITAL301/Italiensk språkhistorie og språkleg variasjon (H, 15 stp),

ITAL302/Italiensk tekstudium og litteraturteori (H, 15 stp)

ITAL304/Italiensk teoriemne (V, 15 stp)

ITAL350/ Italiensk masteroppgåve (60 stp)

 

Studentane vel i tillegg valemne på til saman 15 stp, sjå nærare spesifikasjonar under «Tilrådde valemne».

Tilrådde valemne

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkjefølgje for emne i studiet:

 

1. semester (haust)

Italiensk tekstudium og litteraturteori (15 stp)

 

2. semester (vår)

 

3. semester (haust)

 

4. semester (vår)

 

Alle emna i kursdelen (totalt 60 stp) må være fullførte før innlevering av masteroppgåva.

Krav til progresjon i studiet

Emna ITAL303 og ITAL304 byggjer på emna ITAL301 og ITAL302.

Student og rettleiar må teikna rettleiingskontrakt seinast i løpet av det andre semesteret i masterstudiet.

Delstudium i utlandet

Det er sterkt tilrådd og tilrettelagt for at studentane tar delar av programmet som utvekslingsstudent i eit anna land.

Tilrådde utvekslingsstader finn ein på nettsida til studieprogrammet www.uib.no/studieprogram/MAHF-ITAL.

 

Ein kan òg velje frå Universitetet i Bergen sine avtaler med studiestader i heile verda. All informasjon om utveksling finn ein på http://www.uib.no/utvekslingwww.uib.no/utveksling.

 

 

Studentane kan reise på utveksling og ta valemne og/eller ITAL304 i utlandet. Det er òg høve til å reise på feltarbeid i samband med masteroppgåva.

Undervisningsmetodar

Gjennom ulike undervisingsformer får studentane høve til å studere og nærme seg faget på ulike måtar. Undervisninga er forskingsbasert og føreset aktiv deltaking frå studentane. 

Arbeidsmetodar og undervisingsformer kan vere førelesingar, seminar, gruppearbeid, skriftlege og munnlege presentasjonar, omgreps- og problemfokuserte oppgåver, problembasert læring, rettleiing og praktisk bruk av digitale verktøy.

For nærare informasjon, sjå dei einskilde emneplanane.

Vurderingsformer

Gjennom studiet møter studentane ulike vurderingsformer. Til dømes skriftleg skuleeksamen, rettleidd oppgåve,  heimeeksamen, munnleg presentasjon, munnleg prøve og mappevurdering.

Vurderingsformene er tilpassa læringsutbyttet i dei ulike emna.

For nærare informasjon om vurderingsformer, sjå dei einskilde emneplanane.

Karakterskala

Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

1) A-F, der F er stryk

2) Greidd/ikkje greidd

Sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål og vitnemålstillegg blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Fullført masterprogram med gode resultat kvalifiserer til å søkje om opptak på doktorgradsstudium i relevante fag.

 

Studentar som planlegg å ta PPU, må sørge for å få dekka opptakskrava i løpet av studieløpet sitt. Informasjon finn ein på www.uib.no/studieprogram/PRAPED

Relevans for arbeidsliv

Ein mastergrad i italiensk gjev god bakgrunn for undervisnings- oppgåver på høgre nivå og for arbeid både i offentleg sektor og innan privat verksemd på felt der det internasjonaliserte samfunnet stiller store krav til språk- og kulturkunnskapar. Italiensk masterstudium er òg utgangspunkt for forskarutdanning innan italiensk lingvistikk og litteraturvitskap.

Evaluering

Masterprogrammet blir kontinuereig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no.

Skikkavurdering og autorisasjon

Programmet har ikkje krav om skikkavurdering eller autorisasjon.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Institutt for framandspråk ved Det humanistiske fakultet har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det humanistiske fakultet. Søknadsfristen er 1. juni for studiestart i august. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på http://link.uib.no/?1QO0l

Mål og innhald

Italiensk masterstudium vil normalt vere eit 4 semesters fulltidsstudium som representerer ei fagleg fordjuping bygd på italiensk frå bachelorstudiet. Masterstudiet femner om fire emne (ITAL301-304) på til saman 60 sp. og ei masteroppgåve (ITAL350) på 60 sp.

Masterstudiet i italiensk skal gje høve til spesialisering i språkvitskapleg eller litteraturvitskapleg lei. Spesialiseringa skal tuftast på eit breitt og inngåande oversyn over dei viktigaste fagdisiplinane og har som føresetnad at den munnlege og skriftlege dugleiken i italiensk språk stendig vert utvida med basis i kjennskap til den italienske kulturen i notid og fortid.

Opptaksgrunnlag

Masterprogrammet byggjer normalt på avslutta treårig bachelorgrad med godkjend spesialisering (fordjuping) i italiensk (60 studiepoeng på 100-nivå, 30 studiepoeng på 200-nivå) eller liknande utdanning. Dersom du har studert ved ein lærestad som har krav om minimum 80 studiepoeng med spesialisering (fordjuping), vil dette bli akseptert som opptaksgrunnlag.

Studentar som ønskjer å søkje opptak til masterprogram i italiensk på anna grunnlag enn det som er oppgitt å vere godkjent spesialisering i faget (sjå studieplanen for italiensk), må søkje om godkjenning på førehand, seinast innan 1. mai. Slike søknader må innehelde karakterutskrift/vitnemål, pensumliste og beskriving av dei emna søkjaren meiner skal erstatte ei ordinær spesialisering. Ei eventuell godkjenning må leggjas ved søknaden til masterprogrammet.

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad med spesialisering i italiensk.

Metode

Masterprogrammet i italiensk skal gi innsikt i sentral lingvistisk og litteraturvitskapleg metode. I masteroppgåva vel du å spesialisere seg i språk, litteratur eller kultur, og emnet for oppgåva vil vere avgjerande for metoden du nyttar deg av.

Masteroppgåve

Masteroppgåva skal vere eit vitskapleg prega arbeid som du utfører under rettleiing. Omfanget av oppgåva, som skal skrivast på italiensk, vil normalt variere mellom 70 og 110 sider. Temaet for oppgåva, som skal fastsetjast i samråd med rettleiar, kan vere henta frå italiensk lingvistikk eller litteraturvitskap. Det kan også vere av samanliknande karakter eller ha eit tverrfagleg preg. Dersom tilfredsstillande rettleiing blir gitt, vil også kulturvitskaplege masteroppgåver kunne godkjennast. Du har rett til individuell rettleiing på grunnlag av rettleiingskontrakt.

Oppbygging av studiet

Italiensk masterstudium vil normalt vera eit 4 semesters fulltidsstudium som byggjer på ei fagleg fordjuping i italiensk på 90 stp frå bachelorstudiet. Masterstudiet femner om ein kursdel på til saman 60 stp og ei masteroppgåve på 60 stp. Mykje av undervisninga kan verta gjeven i form av individuell rettleiing.

Emna ITAL301 og ITAL302 er i første semester, ITAL303 og ITAL304 i andre semester. ITAL303 har status som valemne og kan altså òg hentast frå andre fag eller andre institusjonar i inn- eller utland etter eit opplegg som i kvart einskilt høve må godkjennast av seksjonen.
Arbeidet med masteroppgåva (ITAL350) utgjer normalt det andre året i masterstudiet, men i samråd med rettleiar bør studenten byrja å planleggja oppgåva allereie i kursdelen av studiet. Når emnet for oppgåva er fastsett, gjerne i første semester, skal student og rettleiar teikna rettleiingskontrakt.

Yrkesvegar

Masterprogrammet i italiensk gir god bakgrunn for undervisningsoppgåver på høgare nivå, og for arbeid både i offentleg sektor og innan privat verksemd på felt der det internasjonaliserte samfunnet stiller store krav til språk- og kulturkunnskapar. Masterprogrammet i italiensk er også utgangspunkt for forskarutdanning innan italiensk lingvistikk og litteraturvitskap.

Læremiddelomtale

Litteraturliste finn ein på det einskilde emnet si nettside. Litteraturlista skal være klar innan 01.06 for haustsemesteret, og innan 01.12 for vårsemesteret.

NB: Merk at det ikkje finst litteraturlister til alle emne i nokre emne skal studentane til dømes sjølv velje litteratur i samråd med lærar eller rettleiar.

Delstudium i utlandet

Studentane kan reisa på utveksling og ta emna ITAL303 og/eller ITAL304 i utlandet. Det er òg høve til å reisa på feltarbeid i samband med masteroppgåva.

Oppstart

Opptak haust.

Planforslag

Eit masterprogram i italiensk kan sjå slik ut:

1. semester:
ITAL301 Italiensk språkhistorie og omsetjing, 15 stp
ITAL302 Italiensk litteraturhistorie og tekststudium, 15 stp

2. semester
ITAL303 Italiensk valemne, 15 stp
ITAL304 Italiensk teoriemne, 15 stp

3. og 4. semester
ITAL350 Masteroppgåve, 60 stp

Meir informasjon

studierettleiar@if.uib.no