Studieprogram: MAHF-LING Masterprogram i lingvistikk - Høst 2019




Omfang og studiepoeng

120 studiepoeng. Studiet er normert til to år og består av ein kursdel på 60 studiepoeng og ei masteroppgåve på 60 studiepoeng.

Fulltid/deltid

Programmet er organisert som eit fulltidsstudium, men kan etter søknad også takast som eit 50 % deltidsstudium.

Undervisningsspråk

Normalt norsk, engelsk ved behov.

Studiestart - semester

Haust. Det kan bli aktuelt å ta opp studentar også til vårsemesteret. Ta kontakt for informasjon.

Mål og innhald

Lingvistikk er vitskapen om menneskeleg språk og språkbruk (naturlege språk). Faget søkjer etter svar på kva som karakteriserer språk som ein kognitiv dugleik hos mennesket, som eit system for kommunikasjon, og som eit viktig kulturfenomen. Studiet gir ei innføring i metodar for analyse og beskriving av språk og i teoriar om språkleg struktur og om likskap og skilnader mellom språka i verda.

 

Masterprogrammet i lingvistikk gir utdjupande innsikt i moderne grammatisk og semantisk teori, psykolingvistikk, vitskapsteori og induktive, kvantitative og datamaskinelle metodar.

Læringsutbyte

Nårt programmet er avslutta, skal kandidaten ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

Kandidaten...

 

Ferdigheiter

Kandidaten...

 

 

Generell kompetanse

Kandidaten...

Opptakskrav

Masterprogrammet byggjer på ein bachelorgrad Språkvitskap. Det blir sterkt tilrådd at studenten har minst 60 studiepoeng frå eit språkfag i bachelorgraden. Ein føreset at studenten har ein slik grad av innsyn i norsk, engelsk og minst eitt anna språk at han/ho kan arbeide med døme frå desse språka.

 

Viss kandidaten har studert ved ein lærestad som har krav om minimum 80 studiepoeng med spesialisering/fordjuping, vil dette bli akseptert som opptaksgrunnlag.

 

Karakteren C eller betre i gjennomsnitt.

 

Studentar som ønskjer å søkje opptak til masterprogram i lingvistikk på anna grunnlag enn det som er oppgitt må søkje om godkjenning på førehand, seinast innan 15. mars (for opptak til hausten), eller 1. oktober (for eventuelt suppleringsopptak til våren). Slike søknader må innehalde karakterutskrift/vitnemål, pensumliste og beskriving av dei emna søkjaren meiner skal erstatte ei ordinær spesialisering. Ei eventuell godkjenning må leggjast ved søknaden til masterprogrammet.

Obligatoriske emne

LINGMET - Vitskapsteori og metode for språklege mastergradar (15 stp.)

DASP307 - Språkvitskapleg skriving for master- og PhD-studentar (5 stp.)

LING350 - Lingvistikk mastergradsoppgåve (60 stp.)

DASP309 - Avansert statistisk metode (10 stp.)

LING310 - Datalingvistiske modellar og bruksområde (15 stp.)

 

Minst eitt av følgjande emne (desse emna vert ikkje tilbydd ikkje kvart år, men minst eitt av desse emna vert tilbydd kvart år)

 

LING305 - Moderne grammatisk og semantisk teori (15 stp.)

LING306 - Eksperimentell psykolingvistikk (15 stp.)

 

Obligatoriske emne kan erstattast med tilsvarande emne frå eit annet lærested ved søknad.

Tilrådde valemne

Omfang masteroppgåva

Masteroppgåva skal vere på mellom 50 - 120 sider.

 

Rekkefølgje for emne i studiet

Eit masterprogram i lingvistikk kan sjå slik ut:

 

1. semester (haust):

LING310 - Datalingvistiske modellar og bruksområde (15 stp.)

 

Valg mellom:

 

LING305 - Moderne grammatisk og semantisk teori (15 stp.)

eller

LING306 - Eksperimentell psykolingvistikk (15 stp.)

 

2. semester (vår):

LINGMET - Vitskapsteori og metode for språklege mastergradar

(15 stp.)

DASP309 - Avansert statistisk metode (10 stp.)

DASP307 - Språkvitskapleg skriving for master- og PhD-studentar (5 stp.)

 

3. og 4. semester:

LING350 Lingvistikk mastergradsoppgåve (60 stp.)

Krav til progresjon i studiet

Normalprogresjon er 30 studiepoeng i semesteret.

Delstudium i utlandet

Det er mogleg å ta delar av studiet ved institusjonar i utlandet.

Nærare informasjon hos studierettleiar.

Undervisningsmetodar

Masterprogrammet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes førelesing, seminar, gruppeundervisning, øvingar og individuell rettleiing.

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for kvart emne.

Vurderingsformer

LING350: Mastergradsoppgåve med avsluttande munnleg prøve. Masteroppgåva skal vere på mellom 70 - 110 sider (pluss ev. vedlegg).

 

Andre emne: Skriftlege og munnlege prøver, semesteroppgåve.

 

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Karakterskala

Ved sensur kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

 

1) Karakterskala A-F

2) Bestått/ikkje bestått

 

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Studiet kan gje grunnlag for vidare ph.d.-utdanning innanfor lingvistikk eller andre språkrelaterte forskingsområde. Dette krev gjennomgåande gode karakterar på studiet.

Relevans for arbeidsliv

Mastergraden i lingvistikk kan gi grunnlag for arbeid med forsking og undervisning, og for arbeid innanfor andre felt der språk står sentralt: forlagsarbeid, til dømes i arbeid med ordbøker og fagbøker; omsetjingsarbeid og språkleg rådgjeving; reklame -og informasjonsbransjen; språk i offentleg forvalting og i informasjonsteknologi.

Evaluering

Studieprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret for lingvistiske fag for lingvistiske fag har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet v/ institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studierettleiar@lle.uib.no.

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det humanistiske fakultet. Søknadsfristen er 1. juni for studiestart i august.
Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på http://link.uib.no/?1QO0l

Mål og innhald

Masterprogrammet i lingvistikk er eit vidarekome studium i språkvitskap. Masterprogrammet i lingvistikk skal gi studenten ei grundig fordjuping i utvalde emne innan lingvistikken, som for eksempel fonologi, syntaks, semantikk eller språktileigning. Ei innføring i vitskapsteori skal gi grunnlag for forskingskompetanse innanfor faget.

Opptaksgrunnlag

Masterprogrammet byggjer på ein bachelorgrad med spesialisering i lingvistikk. Det blir sterkt tilrådd at studenten har minst 60 sp frå eit språkfag i bachelorgraden. Ein føreset at studenten har ein slik grad av innsyn i norsk, engelsk og minst eitt anna europeisk språk at han/ho kan arbeide med døme frå desse språka.

Viss ein har studert ved ein lærestad som har krav om minimum 80 sp med spesialisering/fordjuping, vil dette bli akseptert som opptaksgrunnlag.

Studentar som ønskjer å søkje opptak til masterprogram i allmenn lingvistikk på anna grunnlag enn det som er oppgitt å vere godkjent spesialisering i allmenn lingvistikk (sjå studieplanen for det aktuelle faget), må søkje om godkjenning på førehand, seinast innan 15. mars. Slike søknader må innehelde karakterutskrift/vitnemål, pensumliste og beskriving av dei emna søkjaren meiner skal erstatte ei ordinær spesialisering. Ei eventuell godkjenning må leggjast ved søknaden til masterprogrammet.

Metode

Forskingsmetodane i lingvistikk er varierte, for eksempel bruk av tekstkorpus, bruk av informantar, eksperimentalpsykologiske metodar (f.eks. reaksjonstidseksperiment, ERP-målingar), konseptuell og formell analyse.

Masteroppgåve

Masteroppgåva skal kvalifisere studenten til å drive forsking innan lingvistiske emne.

Studenten vel eit lingvistisk emne som han/ho vil undersøkje vitskapleg. Resultatet av undersøkinga skal leggjast fram i form av ei masteroppgåve. Oppgåva treng ikkje leggje fram nytt materiale eller føre til nye originale konklusjonar for å bli godkjend, men det blir stilt krav til vitskapleg metode og handsaming av stoffet. Storleiken vil vere sterkt avhengig av emnet, men som normalt kan ein indikere 50-120 sider.

Val av emne for masteroppgåva må godkjennast av faggruppa Det må falle innanfor dei lingvistiske disiplinane der faggruppa sjølv har eller kan skaffe den naudsynte kompetansen. I arbeidet med masteroppgåva har studenten krav på å få tildelt ein fagleg rettleiar. Student og rettleiar skriv begge under på ein rettleiingskontrakt. Faggruppa avgjer kven som skal vere rettleiar.

Oppbygging av studiet

Normert studietid er fire semester, og studiet inkluderer skriving av ei masteroppgåve. Kursdelen av masterprogrammet innheld desse emna: LING305 Moderne grammatisk og semantisk teori, LING306 Eksperimentell psykolingvistikk, LINGMET Vitskapsteori og metode for språklege mastergradar, DASP302 Statistisk metode og DASP307 Språkvitskapleg skriving for master- og PhD-studentar.

Eit masterprogram i lingvistikk kan sjå slik ut:

1. semester:

LING305 - Moderne grammatisk og semantisk teori 15 sp

LING306 - Eksperimentell psykolingvistikk 15 sp

2. semester:

LINGMET - Vitskapsteori og metode for språklege mastergradar 15 sp

DASP302 - Statistisk metode 10 sp

DASP307 Språkvitskapleg skriving for master- og PhD-studentar 5sp

3. og 4. semester:

LING350 Masteroppgåve 60 sp

sp = studiepoeng

Yrkesvegar

Masterprogrammet i lingvistikk vil generelt gi kompetanse-grunnlag for planleggings- og utgreiingsarbeid relatert til arbeidsoppgåver innan språk og språkleg kommunikasjon. Spesialiseringa avgjer kva for arbeidsoppgåver som er spesielt aktuelle. Særleg gir graden eit godt utgangspunkt for vidare forskarutdanning innanfor lingvistikk eller andre språkrelaterte forskingsområde.

Oppstart

Haust. Det kan bli aktuelt å ta opp studentar også til

vårsemesteret. Ta kontakt for informasjon.

Planforslag

Oppbygging og progresjon

Kandidatar må søkje om opptak til masterstudiet ved fakultetet. Hovudopptak skjer i haustsemesterett, men ein kan ta til både i vår- og haustsemesteret. Studentar som er tekne opp til masterstudiet, må underskrive ein rettleiingskontrakt. Dei ulike emna kan takast i kva for rekkjefølgje som helst.

Meir informasjon

studere.uib.no/sprak
studierettleiar@lle.uib.no / 55 58 23 95