Studieprogram: MAHF-NOFI Masterprogram i norrøn filologi - Vår 2019



Omfang og studiepoeng

120 studiepoeng

Fulltid/deltid

Fulltid

Deltid etter søknad

Undervisningsspråk

Skandinavisk. Etter behov kan undervisninga gjevast på engelsk.

Studiestart - semester

Haust og vår

Mål og innhald

Studiet i norrøn filologi skal kvalifisere kandidatane til forsking, undervisning og formidling i norrøn filologi og tilstøytande emne. Studiet har som mål å formidle vitskapleg teori og metode og historia til faget, og dei studerande skal under studiet utvikle ei sjølvstendig og kritisk haldning til kjeldemateriale og vitskaplege framstillingar.

Studiet er eit forskingsretta studium med høve til konsentrasjon kring språklege, litterære eller kulturhistoriske emne - t.d. diakrone eller synkrone språklege emne, saga- og lærdomslitteratur, norrøn mytologi og religion eller nordisk faglitteratur i mellomalderen og tidleg moderne tid. Samtidig skal studiet gjennomførast innanfor eit breitt og interdisiplinært fagspektrum, t.d. i samband med studiar i mellomalderlatin. Studiet skal gje kandidatane grunnlag for å halde fram med kompetanseutvikling og spesialisering på eiga hand.

Læringsutbyte

Kunnskap

Kandidaten

- har avansert kunnskap om historia til den norrøne litteraturen og dei systematiske hovudområda i den norrøne filologien

- har spesialiserte kunnskapar innanfor eige spesialfelt (masteroppgåva)

- har avansert kunnskap om mellomalderfilologiske teoriar og forskingsmetodar

- har god forståing for dei vitskapsteoretiske problemstillingane i norrøn filologi

- kjenner til den aktuelle debatten om sentrale problemstillingar innanfor norrøn filologi

- har grunnleggjande kjennskap til forskings- og yrkesetiske spørsmål innanfor filologi og mellomalderforsking

 

Ferdigheiter

Kandidaten

- kan planleggje og gjennomføre eit større sjølvstendig forskingsprosjekt innanfor norrøn filologi under rettleiing

- kan bruke aktuelle teoriar og metodar til sjølvstendig forsking innanfor fagområda i den norrøne filologien

- kan analysere og granske kritisk etablerte mellomalderfilologiske teoriar, metodar og forståingsrammer

- kan analysere og ha ei kritisk haldning til både norrøne kjeldetekstar og vitskaplege arbeid om dei - kan formidle innsikt i alle grunnleggjande delar av den norrøne filologien, både språklege og litterære emne.

 

Generell kompetanse

Kandidaten

- kan uttrykkje seg klart, terminologisk korrekt og velstrukturert om faglege emne, både skriftleg og munnleg

- kan lese faglitteratur på skandinaviske språk og engelsk, har også kompetanse i å lese tekstar på andre språk enn desse

- kan drøfte mellomalderfilologiske problemstillingar og ta sjølvstendig standpunkt

- kan halde fram med kompetanseutvikling og spesialisering på eiga hand

- kan kommunisere med både spesialistar og ålmenta om faglege problemstillingar frå norrøn filologi og i ein viss grad frå relaterte felt innanfor mellomalderforskinga

Opptakskrav

Bachelorgrad i norrøn filologi eller tilsvarande utdanning.

Karakteren C eller betre i gjennomsnitt på dei emna som inngår i spesialiseringa.

Studentar som ønskjer å søkje opptak til programmet på anna grunnlag, må søkje fakultetet om godkjenning i god tid på førehand. Slike søknader må innehalde karakterutskrift/vitnemål, pensumliste og beskriving av dei emna søkjaren meiner skal erstatte ei ordinær spesialisering. Ei eventuell godkjenning må leggjast ved søknaden til masterprogrammet.

Obligatoriske emne

Alle emne er på 15 studiepoeng om ikkje anna er opplyst.

Tilrådde valemne

Ingen

Omfang masteroppgåva

60 studiepoeng.

Rekkefølgje for emne i studiet

Krav til progresjon i studiet

Full studieprogresjon er 30 studiepoeng kvart semester.

Delstudium i utlandet

Det er mogleg å ta delar av studiet ved institusjonar i utlandet. Det er særleg universitet i dei nordiske landa som er aktuelle. Spesielt tilrådde utvekslingsstader er Universitetet i København og Universitetet i Reykjavík (Háskóli Íslands). Mange andre lærestader i Norden og i Europa kan også vere eigna, men med tanke på slik utveksling bør studenten ta kontakt med studierettleiar og faglærar for rådgjeving slik at vedkomande kan bli betre kjend med den profilen desse lærestadene har.

Undervisningsmetodar

Undervisninga har form av førelesingar og seminar der det er forventa at studentane deltek aktivt. På somme emne har studentane ansvar for avgrensa delar av undervisninga eller for å lage kortversjonar av pensum til deling med medstudentar (som obligatorisk aktivitet).

Rettleiing på semesteroppgåver og på masteroppgåva.

Vurderingsformer

Karakterskala

A-F.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Mastergrad i norrøn filologi kan gi grunnlag for opptak til ph.d-studium.

Relevans for arbeidsliv

Masterprogrammet i norrøn filologi kvalifiserer mellom anna for arbeid innanfor undervisning og opplæring, informasjonsverksemd og kulturformidling, og for arbeid ved forskingsinstitusjonar på høgare nivå. Ein master i norrøn filologi er eit godt grunnlag for den som får administrative oppgåver knytte til analyse, saksbehandling, rettleiing og rådgjeving. Studiet kvalifiserer til arbeid i både offentlig administrasjon (t.d. i kulturforvaltning og -formidling, museum og samlingar) og i det private næringslivet (t.d. i mediebransjen).

Evaluering

Masterprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultetet ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det humanistiske fakultet. Søknadsfristen er 1. juni for studiestart i august.

Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på http://link.uib.no/?1QO0l

Mål og innhald

Mastergraden i norrøn filologi er eit forskingsretta studium med høve til konsentrasjon kring språklege, litterære eller kulturhistoriske emne. Studiet skal kvalifisere kandidatane til forsking, undervisning og formidling i norrøn filologi og tilstøytande emne. Dei skal setje seg inn i vitskapleg teori og metode og i historia til faget, og dei skal utvikle ei sjølvstendig og kritisk haldning til kjeldematerialet og vitskaplege framstillingar.

Opptaksgrunnlag

Opptaksgrunnlaget er ei spesialisering på 90 studiepoeng i norrøn filologi frå Universitetet i Bergen, eller tilsvarande godkjend spesialisering i norrøn filologi frå anna universitet og/eller høgskule, og oppnådd bachelorgrad.

Studentar som ønskjer å søkje opptak til masterprogram i norrøn filologi på anna grunnlag enn det som er oppgitt å vere godkjent spesialisering i norrøn filologi (sjå studieplanen for det aktuelle faget), må søkje fakultetet om godkjenning på førehand, seinast innan 1. mai. Slike søknader må innehelde karakterutskrift/vitnemål, pensumliste og beskriving av dei emna søkjaren meiner skal erstatte ei ordinær spesialisering. Ei eventuell godkjenning må leggjas ved søknaden til masterprogrammet.

Krav til forkunnskapar

Studiet byggjer på fullført bachelorgrad eller tilsvarande utdanning. Bachelorstudiet må omfatte ei spesialisering i norrøn filologi på minst 90 studiepoeng. Studentar kan søkje instituttet om å få godkjent inntil 30 av desse studiepoenga frå nærskylde fagområde eller frå fag som støttar opp om kjeldestudiet i norrøn filologi.

Anna startgrunnlag kan vurderast etter særskild søknad til instituttet i forkant av søknaden om opptak.

Metode

Masteroppgåva i norrøn filologi kan skrivast i litteraturvitskaplege, språkvitskaplege og kulturhistoriske emne,
og ein vil da bruke eit tilsvarande spekter av metodar.

Masteroppgåve

Masteroppgåva skal skrivast om eit sjølvvalt emne som skal endeleg godkjennast av rettleiar. Oppgåva skal vere ei vitskapleg gransking basert på norrønt primærmateriale, men det er også rom for å skrive forskingshistoriske arbeid. I oppgåva må du dokumentere evne til sjølvstendig, kritisk og metodisk arbeid og meistre den framstillings- og dokumentasjonsteknikken som høver for emnet. Etter avtale kan masteroppgåva skrivast på andre språk enn norsk (for tida også svensk, dansk, islandsk, engelsk eller tysk).


Omfanget er normalt på 70-110 sider. Rettleiing i masteroppgåva er obligatorisk. Instituttet tilbyr rettleiing i eit
breitt spekter av emne, men må ta atterhald om at det ikkje er kapasitet til å gi rettleiing i alle emne. Det er høve til å velje semesteroppgåve både i NOFI302 og NOFI304, og da vil det vere tilbod om rettleiing også på desse kursa.

Oppbygging av studiet

Studiet har fem komponentar: Prosjektførebuande emne, to spesialiserte kurs, ei prøveførelesing og ei masteroppgåve. Eit masterprogram i norrøn filologi kan sjå slik ut:

1. semester:

NOFI302 - Spesialisert kurs I

NOLISP300 - Prosjektførebuande emne

2. semester:

NOFI304 - Spesialisert kurs II
NOFI350 - Masteroppgåve

3. og 4. semester

NOFI303 - Prøveførelesing
NOFI350 - Masteroppgåve

Fageining og spesialisering

Mastergraden i norrøn filologi omfattar fem emne:

NOLISP300 - Prosjektførebuande emne, 15 stp.

NOFI302 - Spesialisert emne i norrøn filologi, 15 stp.

NOFI304 - Spesialisert emne i norrøn filologi, 15 stp.

NOFI303 - Prøveførelesing i norrøn filologi, 15 stp.

NOFI350 - Masteroppgåve i norrøn filologi, 60 stp.

Etter søknad til instituttet kan emna NOFI302 og/eller NOFI304 skiftast ut med tilsvarande emne på same nivå.

Vurdering / Eksamensformer

Det blir halde separate eksamenar i kvart av dei fire emna. Det blir ikkje utrekna nokon samla karakter for heile mastergraden.

Instituttet legg stor vekt på at undervisning, formidling og utvikling av faget skal gå føre seg i eit samspel mellom lærarar og studentar. Det er derfor ein viktig del av studieopplegget at studentane skal ha høve til å evaluere fagtilbodet og undervisninga. Tilbakemelding kan skje til dømes i direkte dialog med faglærarane eller gjennom studentevaluering organisert av instituttet.

Yrkesvegar

Masterprogrammet i norrøn filologi vil kvalifisere for arbeid innanfor museums- og formidlingssektoren og forskingsinstitusjonar på høgare nivå.

Planforslag

Mastergraden i norrøn filologi er eit fulltidsstudium over 4 semester og skal normalt fullførast innanfor denne tidsramma. Hovudopptaket til studiet er om hausten.

Ved starten av det første semesteret skriv studenten ein kontrakt med instituttet, der han/ho får tildelt ein fagleg rettleiar og der arbeidstittelen på masteroppgåva blir fastsett. Skifte av rettleiar kan seinare gjerast etter retningslinjer som er fastsette i kontrakten. Denne kontrakten kjem i tillegg til den som studenten skriv med fakultetet.

Prøveførelesinga blir halden i det avsluttande semesteret, etter at masteroppgåva er innlevert. Tidspunktet for dei to spesialiserte emna vil kunne skifte avhengig av undervisningstilbodet. Arbeidet med masteroppgåva bør ta til alt i det første semesteret, og instituttet rår derfor til at studentane følgjer kurset NOLISP 300, som er felles med masterprogrammet i nordisk. Avhengig av undervisningstilbodet kan det første spesialiserte kurset takast i det første eller andre semesteret, medan det andre kurset bør takast i det andre eller tredje semesteret. I nokre tilfelle kan det vere aktuelt å vurdere dei allmenne kursa LINGMET eller LITTEHF som alternativ til det eine av dei to spesialiserte kursa. Ein høveleg progresjon kan dermed sjå slik ut:

1. semester:

NOLISP300 - Prosjektførebuande emne

NOFI302 - Spesialisert emne i norrøn filologi

2. semester:

NOFI304 - Spesialisert emne i norrøn filologi (event. LINGMET eller LITTEHF)

NOFI350 - Masteroppgåve: Empirisk og metodisk grunnlagsarbeid

3. semester:

NOFI350 - Masteroppgåve: Første gongs gjennomskriving av dei enkelte kapitla

4. semester:

NOFI303 - Prøveførelesing i norrøn filologi

NOFI350 - Masteroppgåve: Revisjon og korrektur av oppgåva

Meir informasjon

studierettleiar@lle.uib.no