Studieprogram: MAHF-TEAT Masterprogram i teatervitenskap - Høst 2019




Omfang og studiepoeng

Masterprogrammet i teatervitskap har eit omfang på 120 studiepoeng og er normert til to år. Masterprogrammet er bygd opp med ein kursdel på 60 studiepoeng og ei masteroppgåve på 60 studiepoeng. I kursdelen er 45 studiepoeng knytt til obligatoriske emne og 15 studiepoeng knytt til valemne.

Fulltid/deltid

Masterprogrammet er organisert som eit fulltidsstudium, men kan etter søknad også takast som eit 50 % deltidsstudium.

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart - semester

Hovudoppstart er om hausten, med eventuelt suppleringsopptak om våren.

Mål og innhald

Masterstudiet i teatervitskap er forankra i ein humanvitskapleg og estetisk-hermeneutisk fagtradisjon. Gjennom studiet skal studenten få fordjupa forståing for teater som kunstnarisk uttrykk i samfunnet. Studiet skal gi god innsikt i vitskaplege problemstillingar og metodar i høve til dei systematiske områda i faget: dramaturgi, skodespelarkunst, regi, scenografi og teaterkritikk. Studiet skal gi innsikt i og fortrulegheit med nyare teoriar og metodar i teatervitskapen.

Undervisinga som vert gitt skal i størst mogleg grad vere forskingsbasert, fagleg oppdatert og tilpassa teaterfeltet og kultursektoren sine behov for kunnskap.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Etter fullført mastergrad har studenten

 

Ferdigheiter

Etter fullført mastergrad kan studenten

 

Generell kompetanse

Etter fullført mastergrad kan studenten

Opptakskrav

Masterstudiet i teatervitskap bygger på oppnådd bachelorgrad med 90 studiepoeng spesialisering i teatervitskap eller tilsvarande. For informasjon om krava til ei spesialisering i teatervitskap, sjå studieplanen for bachelorprogrammet i teatervitskap. Studentar som har oppnådd bachelorgraden med ei anna studiebakgrunn, kan søkje om særskilt opptak til masterprogrammet i teatervitskap.

Tilrådde forkunnskapar

Det er ein fordel om studentane i tillegg til engelsk meistrar eit minimum av tysk og/eller fransk.

Obligatoriske emne

Dei obligatoriske emna er:
http://www.uib.no/emne/TEAT301TEAT301: Teaterhistorie, historiografi og vitskapsteori
http://www.uib.no/emne/TEAT302TEAT302: Teatervitskap: Prosjektskildring
http://www.uib.no/emne/TEAT303TEAT303: Teatervitskap: Teoretisk fordjuping i eit systematisk område

Tilrådde valemne

Studenten skal velje eitt av to valemne:

TEAT310: Yrkesrelatert praksis

TEAT311: Seminarinnlegg innan eit sjølvvalt område

 

Valemnet kan bytast ut med emne på masternivå frå andre fag eller universitet. Innpass av slike emne må godkjennast av fagmiljøet før emnet kan takast inn i programmet.

Rekkefølgje for emne i studiet

Studiestader

Bergen

Delstudium i utlandet

Teatervitskap har eigne Erasmus-utvekslingsavtalar med teatervitskaplege fagmiljø ved Vytautas Magnus-Universitetet i Kaunas (Litauen), Justus-Liebig-Universitetet i Giessen (Tyskland), Hildesheim Universitet (Tyskland), Universitetet i Antwerpen (Belgia), Universitetet i Louvain (Belgia) og Universitetet i Pelopones (Hellas). Vidare har vi Norplus-avtale med Dramaturgi ved Århus Universitet. Studentane kan dessutan nytte andre utvekslingsavtalar mellom UiB og universitet rundt om i verda. Utvekslingsopplegg skal godkjennast av instituttet i forkant av utvekslinga.

Undervisningsmetodar

Undervisingsformene omfattar forelesingar, seminarer, munnlege studentframlegg, rettleiing, arbeid med emneoppgåver og masteroppgåve.

Vurderingsformer

For dei obligatoriske emna og valemna vert ulike vurderingsformer som heimeeksamen, semesteroppgåve, praksisrapport og munnleg presentasjon/prøveforelesning nytta.

Masteroppgåva skal vere på mellom 70 og 110 sider. Etter innlevering og sensur av masteroppgåva, framstiller kandidaten seg for ei justerande munnleg prøve.

Sjå dei einskilde emneplanane for meir informasjon.

Karakterskala

Karakterskala på emna i programmet er anten bestått/ikkje bestått eller bokstavkarakterar A-F. Sjå emneomtalen for det einskilde emnet for nærare informasjon.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Masterstudiet i teatervitskap kan danne grunnlag for ei vidare forskarutdanning (ph.d) innanfor dei teatervitskaplege fagområda.

Relevans for arbeidsliv

Masterprogrammet i teatervitskap gir avansert kompetanse i teaterhistorie, vitskapsteori, dei systematiske områda i teater og teatervitskap: skådespelarkonst, dramaturgi, regikunst, teaterproduksjon og formidling. Teatervitskapelig kompetanse er etterspurd i teaterinstitusjonar og det frie scenekunstfeltet, i offentleg kulturforvaltning, mediebransjen og innan undervisning og opplæring. Gjennom utdanninga får studentane høve til å knyte kontaktar med det utøvande scenekunstfeltet, som kan vera av stor nytte i høve til framtidig karriereutvikling.

Studiet gi kandidatane grunnlag for livslang læring og spesialisering innanfor teater og teatervitskap.

Evaluering

Masterprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringer finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret for teatervitskap har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det humanistiske fakultet. Søknadsfristen er 15. april for studiestart i august. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på http://link.uib.no/?1QO0l

Mål og innhald

Masterstudiet i teatervitskap skal være forankra i ei humanvitskapleg og estetisk-hermeneutisk fagtradisjon. Gjennom studiet skal studenten få fordjupa forståing for teater som kunstnarisk uttrykk i samfunnet. Studiet skal gje innsikt i og forståing av nyare teoriar og metodar i teatervitskapen. Studiet skal gje god innsikt i vitskaplege problemstillingar og metodar i forhold til faget sine systematiske område.

Opptaksgrunnlag

Studiet byggjer på fullført bachelorgrad eller tilsvarande utdanning teken i Noreg eller utlandet. Bachelorstudiet må omfatte ei spesialisering i teatervitskap på minst 90 studiepoeng. Du kan søkje instituttet om å få godkjent inntil 30 av desse studiepoenga frå nærliggjande fagområde.

Metode

Masteroppgåva i teatervitskap kan omhandle eit historisk, praktisk-dramaturgisk, framsyningsanalytisk eller teoretisk emne, og ein må nytte seg av adekvate metodar i oppgåva.

Masteroppgåve

Masteroppgåva skal skrivast innanfor eit sjølvvald emne og byggjer på bestått TEAT302 Prosjektskildring. Rettleiaren skal følgje skriveprosessen og gi råd og tilbakemeldingar etter avtale, men du skal sjølvstendig, kritisk og metodisk arbeide masteroppgåva fram til eit vitskapleg bidrag til faget. Omfanget av oppgåva er normalt på 70-110 sider. Rettleiing i masteroppgåva er obligatorisk.

Oppbygging av studiet

Masterprogrammet i teatervitskap er bygd opp med ein kursdel på 60 sp og ei masteroppgåve på 60 sp. I kursdelen er det 45 sp med obligatoriske emne og 15 sp med eit valfritt emne.Obligatoriske emne er TEAT301 Teaterhistorie, historiografi og vitskapsteori, TEAT302 Prosjektskildring, TEAT303 Teoretisk fordjuping i eit systematisk område og TEAT350 Masteroppgåve. Masteroppgåva skal vere basert på bestått TEAT302 Prosjektskildring og rettleiar vert tildelt etter bestått eksamen på emnet. Valfrie emne er TEAT311 Seminarinnlegg innafor sjølvvalt område, TEAT312 Innlegg på ekskursjon organisert av seksjonen, og TEAT313 Prosjektarbeid i feltet.

Eit masterprogram i teatervitskap kan sjå slik ut:

1. semester:

TEAT301 - Teaterhistorie, historiografi og vitskapsteori, 15 sp

TEAT302 - Prosjektskildring 15 sp

2. semester:

TEAT303 - Teoretisk fordjuping i eit systematisk område 15 sp

Valfritt emne:TEAT313 - Prosjektarbeid i feltet eller

TEAT312 - Innlegg på ekskursjon organisert av seksjonen 15 sp

3. og 4. semester:

TEAT350 - Masteroppgåva. 60 sp

Yrkesvegar

Masterprogrammet i teatervitskap kvalifiserer blant anna for arbeid innan praktisk teaterarbeid, undervisning, forsking og kulturadministrasjon.

Oppstart

Haust. Det kan bli aktuelt å ta opp studentar også til vårsemesteret. Kontakt instituttet for informasjon.

Planforslag

Studentar som vert tekne opp som masterstudentar skal underteikne kontrakt med det historisk-filosofiske fakultet. Kontraktane regulerer studenten sine rettar og plikter som masterstudent. Studentar som vert tatt opp på masterstudiet plikter å sette seg inn i kontraktvilkåra.

Masterstudiet er eit fulltids studium over fire semester.

Når studentane har avlagt eksamen i TEAT302 får dei tildelt rettleiar. Tildeling av rettleiar skal normalt finne stad ved slutten av fyrste semester. Studentane har rett og plikt til å ta imot rettleiing i inntil fire semester. Vilkåra for rettleiing finn ein i ein eigen kontrakt som student og rettleiar underskriv.

Organisering av dei enkelte studiekomponentar i studieløp over fire semester vert foreslått slik ved opptak om hausten:

1.semester HAUST: TEAT301, TEAT302

2.semester VÅR: TEAT303, TEAT350

3.semester HAUST: TEAT3XX, TEAT350

4.semester VÅR: TEAT350

Alternativt studieløp for studentar som tas opp om våren:

1.semester VÅR: TEAT303, TEAT3XX

2.semester HAUST: TEAT301, TEAT302

3.semester VÅR: TEAT350

4.semester HAUST: TEAT350

Meir informasjon

studierettleiar@lle.uib.no / 55 58 93 81