Studieprogram: MAHF-TYS Masterprogram i tysk - Vår 2019




Fulltid/deltid

Fulltid

Mål og innhald

Mastergradsstudiet i tysk skal gi grundig innsikt i sentrale tema innanfor tysk språkvitskap og tyskspråkleg litteratur. Fagdidaktikk kan inngå i studiet. Ein legg samstundes stor vekt på å auke studentane sin dugleik i bruken av moderne tysk, både gjennom eit eige tilbod i praktisk tysk og gjennom arbeid med varierte skriftlege og munnlege oppgåver i samband med pensum i alle emna. I løpet av studiet skal studentane utvikle evne til kritisk refleksjon omkring sentrale teoretiske og metodiske problemstillingar innanfor den delen av faget dei spesialiserer seg i. Dette er særleg viktig med omsyn til arbeidet med masteroppgåva.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

KUNNSKAPAR

Kandidaten

DUGLEIKAR

Kandidaten

GENERELL KOMPETANSE

Kandidaten

Opptakskrav

Mastergradsstudiet i tysk byggjer normalt på bachelorgrad med spesialisering i tysk på minst 90 studiepoeng eller ei tilsvarande utdanning. Om kandidaten har studert ved ein lærestad som har krav om minimum 80 studiepoeng med spesialisering/fordjuping, vil dette bli akseptert som opptaksgrunnlag.

Obligatoriske emne

Emna TYS307, TYS311, TYS308, TSAK318 eller TSAK319 og TYS350

 

TSAK319 Masteremne i tysk språkvitskap 15 sp om UiB har emneansvar. Om NTNU har emneansvar heiter emnet TYSK3600 Moderne tysk språkvitenskap. Semester: Haust. Anbefalt for studentar som skriv språkleg masteroppgåve.
TSAK318 Masteremne i tyskspråkleg litteratur 15 sp om UiB har emneansvar. Om NTNU har emneansvar heiter emnet TYSK3700 Felles seminaremne i tyskspråklig litteratur. Semester: Haust. Anbefalt for studentar som skriv masteroppgåve i litteratur.

Fullstendig oversikt over innhaldet i emna finn ein under emneomtalane.

Tilrådde valemne

Rekkefølgje for emne i studiet

Masterprogrammet i tysk er eit fulltidsstudium over fire semester. Det består av ein kursdel på 60 studiepoeng og ei masteroppgåve på 60 studiepoeng. I kursdelen inngår emna TYS307 og TSAK318/TYSK3700 eller TSAK319/TYSK3600 (i første semester) og emna TYS311 og TYS308 (i andre semester).

 

 

Eit masterprogram i tysk kan sjå slik ut:

 

1. semester:

TYS307 Tysk språk- og litteraturvitskap

TSAK319 Masteremne i tysk språkvitskap/ TYSK3600 Moderne tysk språkvitenskap

eller

TSAK318 Masteremne i tyskspråkleg litteratur/ TYSK3700 Felles seminaremne i tyskspråklig litteratur

 

2. semester:

TYS311 Moderne tysk språk og litteratur

TYS308 Litteratur, interpretasjon og omsetjing

 

3. og 4. semester:

Masteroppgåve

Masteroppgåva er ei prøve på vitskapleg arbeid innanfor språk, litteratur eller fagdidaktikk. Oppgåva skal vise at du er godt orientert i forskinga på det området du har valt og er i stand til å behandle ei problemstilling på ein vitskapleg måte. Du bør orientere deg mot eit emne for masteroppgåva så tidleg som mogleg i studiet. Du får rettleiing under arbeidet med oppgåva og skal normalt underskrive ein rettleiingskontrakt i byrjinga av det andre semesteret. Masteroppgåva skal skrivast på tysk og vere mellom 70 og 110 sider.

Krav til progresjon i studiet

For ein fulltidsstudent er normal studieprogresjon 30 studiepoeng kvart semester.

Studiestader

Bergen. For emna TSAK318 og TSAK319: Oppstartseminar ved ein av lærestadene NTNU/UiB, nettundervisning og lokale seminar ved NTNU og UiB.

Delstudium i utlandet

Ein kan få godkjend heile det første året frå ein utanlandsk lærestad som ein del av mastergraden.

Undervisningsmetodar

Førelesingar, seminar, individuell rettleiing. Undervisinga knytt til emna TSAK318, TYSK3700, TYSK3600 og TSAK319 kan bli nettbasert.

Vurderingsformer

Kvart emne blir avslutta med ein eksamen. Dei eksamensformene som blir nytta, er gjort greie for under kvart emne.

Masterstudiet blir avslutta med ein munnleg eksamen om masteroppgåva.

Karakterskala

Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

1) A-F, der F er stryk

2) Greidd/ikkje greidd

 

Sjå planane for dei einskilde emna.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Mastergrad i tysk kan gi kompetanse for PhD-studium.

Evaluering

Masterprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Administrativt ansvarleg

Institutt for framandspråk

Epost: studierettleiar@if.uib.no.

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det humanistiske fakultet. Søknadsfristen er 1. juni for studiestart i august. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på http://link.uib.no/?1QO0l

Mål og innhald

Mastergradsstudiet i tysk skal gi grundig innsikt i tysk språk og tyskspråkleg litteratur. Ein legg samstundes stor vekt på å auke studentane sin dugleik i bruken av moderne tysk, både gjennom eit eige tilbod i praktisk tysk og gjennom arbeid med varierte skriftlege og munnlege oppgåver i samband med pensum i alle emna. I løpet av studiet skal studentane utvikle evne til kritisk refleksjon omkring sentrale teoretiske og metodiske problemstillingar innanfor den delen av faget dei spesialiserer seg i. Dette er særleg viktig med omsyn til arbeidet med masteroppgåva.

Emneoversikt
TYS311 Moderne tysk språk, litteratur og kultur, 15 sp, Semester: Haust. Obligatorisk: Ja
TSAK319: Masteremne i tysk språkvitskap, 15 sp, Semester: Haust. Obligatorisk: Ja, for studentar som skriv masteroppgåve i språk
TSAK318: Felles seminaremne i tyskspråkleg litteratur,15 sp. Semester: Haust. Obligatorisk: Ja, for studentar som skriv masteroppgåve i litteratur
TYS314 Seminaremne II i tysk språk,15 sp. Semester: Vår. Valfri
TYS315 Seminaremne II i tyskspråkleg litteratur, 15 sp. Semester: Vår. Valfri
TYS316 Seminaremne i tysk språkvitskap, 15 sp. Semester: Vår. Valfri
TYS317 Seminaremne i tysk litteraturvitskap, 15 sp. Semester: Vår. Valfri

Fullstendig oversikt over innhaldet i emna finn ein under emneomtalane.

Opptaksgrunnlag

Masterprogrammet i tysk byggjer normalt på bachelorgrad med spesialisering i tysk på minst 90 studiepoeng eller ei tilsvarande utdanning.

Krav til forkunnskapar

Masterprogrammet i tysk byggjer normalt på bachelorgrad med spesialisering i tysk på minst 90 studiepoeng eller ei tilsvarande utdanning.

Metode

Instituttet har eigne fordjupingskurs i litteratur- og språkvitskapleg teori og metode, der ulike spesialfelt er representerte. Fordjupingskursa skal gi ein solid basis for det påfølgjande arbeidet med masteroppgåva.

Masteroppgåve

Masteroppgåva er ei prøve på vitskapleg arbeid innanfor språk eller litteratur. Oppgåva skal vise at du er godt orientert i forskinga på det området du har valt og er i stand til å behandle ei problemstilling på ein vitskapleg måte. Du bør orientere deg mot eit emne for masteroppgåva så tidleg som mogleg i studiet. Du får rettleiing under arbeidet med oppgåva og skal normalt underskrive ein rettleiingskontrakt i byrjinga av det andre semesteret. Masteroppgåva skal skrivast på tysk og vere mellom 70 og 110 sider.

Oppbygging av studiet

Masterprogrammet i tysk er eit fulltidsstudium over fire semester. Det består av ein kursdel på 60 studiepoeng og ei masteroppgåve på 60 studiepoeng. I kursdelen inngår ein basisdel i språk og litteratur (1. semester) og ein spesialdel i anten språk eller litteratur (2. semester). Det blir tilrådd at du vel slik at spesialdel og tema for masteroppgåva ligg innan same hovuddisiplin.

Eit masterprogram i tysk kan sjå slik ut:

1. semester:
TYS311 Moderne tysk språk, litteratur og kultur
TSAK319 Masteremne i tysk språkvitskap eller
TSAK318 Felles seminaremne i tyskspråkleg litteratur

2. semester:
TYS314 Seminaremne II i tysk språk eller TYS315 Seminaremne II i tyskspråkleg litteratur
TYS316 Seminaremne i tysk språkvitskap eller TYS317 Seminaremne i tysk litteraturvitskap

3. og 4. semester:
Masteroppgåve

Yrkesvegar

Masterprogrammet i tysk kvalifiserer for undervisning på alle nivå innanfor skoleverket og for anna arbeid både i offentleg og privat sektor der kunnskap om språk, litteratur og kultur er viktig.

Læremiddelomtale

Litteraturlister finn ein på Mitt UiB

 

Listene for det komande semesteret er klare innan 01.06. / 01.12. 

Delstudium i utlandet

Studentar kan ta inntil to av masteremna det første året ved utenlandske lærestader og få desse godkjente som ein del av mastergraden.

Oppstart

Haust. Det kan bli aktuelt å ta opp studentar også til vårsemesteret. Ta kontakt for informasjon.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet

Administrativt ansvarleg

Det humanistisk fakultet v/ Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Planforslag

Den normale studieprogresjonen for studentar med oppstart i haustsemesteret er slik:

1. semester: TYS311 og TSAK319 eller TSAK318

2. semester: TYS314 eller TYS315 og TYS316 eller TYS317

3. semester: Masteroppgåve

4. semester: Masteroppgåve

Meir informasjon

studierettleiar@if.uib.no Tlf.: 55 58 23 83