Studieprogrammet tillèt dei med bachelorgrad i psykologi å tileigne seg ekspertkunnskap og relevant dugleik innan eit av tre fagfelt innan psykologifaget, med studieretningar innan «arbeids- og organisasjonspsykologi», «sosial- og kognitiv psykologi», eller «åtferd- og nevrovitskap». Kandidatane sett seg inn i aktuelle faglege perspektiv i psykologisk forsking, lærer relevant vitskapsteori og forskingsmetode, og har fordjupingsemne om moderne forsking som er relevant for kvar av dei tre studieretningane. Mot slutten av studiet skriv kandidatane ei masteroppgåve innan si retning som utgjer eit sjølvstendig bidrag til forskingslitteraturen.
Studieprogrammet skal byggje på forsking og ekspertise i basale og bruksretta felt i psykologi, og dei ferdige kandidatane har høg kompetanse innan fagfeltet. Studiet kvalifiserer for ei rekkje typar arbeid der informasjonskompetanse, kritisk tenking, akademisk skriving, formidling og evna til å arbeide både sjølvstendig og i lag er etterspurde evner. Studiet legg òg grunnlaget for vidare forsking, anten som ei akademisk karriere (ph.d.-studium), eller innan andre yrke der forsking inngår som ei av aktivitetane.
Studieretning arbeids- og organisasjonspsykologi:
Studiet har som mål å gje deg forskingsbasert kunnskap om korleis ein kan forstå og utvikle enkeltmenneske, grupper og organisasjonar i ein arbeidsmessig samanheng. Det vil bli særskilt fokusert på rolla som endringsagent, og på kartleggings- og intervensjonsmetodar for leiar-, gruppe- og organisasjonsutvikling.
Studieretning sosial og kognitiv psykologi:
Studieretninga gjer deg ei grundig forståing av dei prosesser og mekanismar som formar vår åtferd, som enkeltindivid og i grupper. Slik kunnskap vil la oss handtera sentrale utfordringar i samfunnet, slik som spørsmål knytt til global og teknologisk utvikling, kulturmøter, integrering og konflikt, klimaendringar og berekraft, sikkerheit og beredskap. Nokre av dei tema som dekkast, er mangfald i samfunn og arbeidsliv, tryggleik og risikovurderingar i arbeid og fritid, turismeopplevingar, klima og berekraft, medvitne og umedvitne prosessar, HMS, feilhandlingar og pålitelegheit, og korleis språk og kultur påverkar kognisjon. Kandidatane skal ta aktivt del i eit eller fleire forskingsmiljø gjennom heile programmet, og det leggjest opp til masteroppgåve med egen datainnsamling. Det er mogleg med utveksling i tredje semester.Studiet gjer deg i stand til å forstå sosiale og kognitive fenomen, mekanismar og prosessa å kritisk vurdere og bidra til forsking, og å anvende kunnskap frå forsking i ulike samfunnsområder.
Studieretning Åtferd og nevrovitskap
Studieprogrammet byggjer på fullført bachelorgrad i psykologi (med biologisk psykologi som ein føresetnad). Føremålet med programmet er å gi ei oversikt over samanhengen mellom hjernen til mennesket og åtferd og kognisjon. Fordjupingsemna gjev eit innblikk i teorigrunnlaget for grunnleggjande forsking på menneskehjernen, i tillegg til forsking knytt til psykiatriske, nevrologiske og andre kliniske tilstandar. Laboratorieøvingar og praktiske demonstrasjonar gir kompetanse i forskingsmetodar i nevrovitskap, inkludert nevroradiologi.
Kunnskap:
Kandidaten skal ved fullført grad:
Dugleik:
Kandidaten skal ved fullført grad kunne:
Generell kompetanse:
Kandidaten skal ved fullført grad kunne:
Opptaksgrunnlaget til master i psykologi er:
Dei tre studieretningane har spesifikke opptakskrav: Sjå
Masterprogrammet i psykologi med tre studieretningar har fått revidert studieløp for studentar som får opptak og startar hausten 2018. Meir informasjon finn du 0lt;a href="http://www.uib.no/psyfa/104817/nytt-studiel%C3%B8p-nye-masterstudentar-i-psykologi-hausten-2018>her</a>
første semester undervisast det i MAPSYK301 og dei første fordjupingsemna for vald
studieretning (MAPSYK321, MAPSYK303, eller MAPSYK319B)
andre semester undervisast det i MAPSYK302 og dei neste fordjupingsemna for vald
studieretting (MAPSYK322, MAPSYK304, eller MAPSYK319A)
tredje og fjerde semester arbeidast det med masteroppgåve (MAPSYK330, MAPSYK345 eller
MAPSYK360). Kandidatar på studierettinga «arbeids- og organisasjonspsykologi» har
valemne eller utveksling på tredje eller fjerde semester (MAPSYK323 undervisast på fjerde
semester). På tredje semester er det utveksling for kandidatar på studierettinga «psykologisk
sosial- og kognitiv psykologi» som vel å skrive 30 sp. masteroppgåve. a
Emna MAPSYK301 og MAPSYK302 må være greidde før ein kan gå vidare på arbeidet med
masteroppgåva.
Ein kandidat som vel 30 sp. mastergradsoppgåve kan gjennomføre inntil 30 sp.
studiespesialisering i utlandet. Ein kandidat som vel 45 sp. mastergradsoppgåve kan gjennomføre
inntil 15 sp. valemne eller studiespesialisering i utlandet.
Undervisningsforma for einskildemna som inngår i kursdelen, er omtalt i emneskildringa. Det er
mellom anna forelesingar, seminar, gruppearbeid, case-arbeid, diskusjon av forskingslitteratur,
skriftleg og munnleg presentasjon, prosjektarbeid, bedriftsbesøk og samarbeid med næringsliv, og
offentlige og private institusjonar.a.
Vurderingsforma for einskildemna som inngår i masterprogrammet, er nærare omtalt i
emneskildringane. Det vert nytta ulike vurderingsformer som skuleeksamen og heimeeksamen.
Studierettleiar kan kontaktast på:
E-post: studierettleiar.psyfa@uib.no
Telefon: 55 58 27 10
Litteraturliste finn du på våre nettsider.
Lista vil vere klar innan 01.06/01.12 for det komande året.