Haust
Masterprogrammet i manusutvikling for seriar er ei spesialisert utdanning i manusskriving for serieformat, det vil seie forteljingar som er stykka opp i episodar, på høgste nivå. Det inkluderer fiksjonsseriar for tv (både drama og komedie), dokumentarseriar og webseriar. Studiet skal styrke studentane sine teoretiske, historiske og analytiske dugleikar om ulike serieformat samt gjere dei i stand til sjølvstendig å utvikle idear og manus for slike produksjonar.
Masterprogrammet i manusutviking for seriar byggjer på bachelorgraden i tv-produksjon. Studiet legg vekt på vekselverknadene mellom teoretisk og praktisk kunnskap. Den handverksmessige kompetansen er forankra i akademisk kunnskap om forteljingar, sjangrar, tekstanalyse, film- og tv-historie, kreativitetsstudiar og produksjonsstudiar.
Masterprosjektet går ut på å utvikle manus til ein dokumentarserie eller ein fiksjonsserie, med ein tilhøyrande produksjonsrapport som reflekterer over det praktiske arbeidet. Studiet er undervisingsintensivt, med tett oppfølging frå fagleg stab, praksislærarar og høgt kvalifiserte gjesteførelesarar. Det er eit heiltidsstudium, og det er ei føresetjing at studentane har høve til å ta aktivt del i undervisning/seminar/diskusjonar/tilbakemelding. Undervisninga er lokalisert i Media City Bergen.
Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:
Kunnskap
Kandidaten
Dugleikar
Kandidaten
Generell kompetanse
Kandidaten
Søkjarar kan kvalifisere til opptak til masterprogrammet i manusutvikling for seriar anten på fagleg grunnlag eller på grunnlag av yrkeserfaring/praksis/arbeidsprøve/tilleggsutdanning. I alle tilfelle må søkjaren ha ein bachelorgrad eller tilsvarande grad (til dømes cand.mag), med minimum C som gjennomsnittskarakter i det som er bachelorgraden sin faglege spesialisering. Søkjarar som ikkje har tatt ein bachelorgrad ved UiB, må leggje ved eit skriv om kva emner i bachelorgraden som inngår i den faglege spesialiseringa.
Søkjarar med fagrelevant bachelorgrad
Søkjarar utan fagrelevant bachelorgrad
Arbeidsprøve
Døme på arbeidsprøve er:
Skjønnlitterære tekstar kan også vurderast.
Arbeidsprøven bør ikkje overstige 50 sider totalt.
Yrkeserfaring/praksis
Ved yrkeserfaring er det ønskeleg med CV og attest(ar), i tillegg til ei skildring (1-2 A4-sider) av arbeidets innhald og omfang. Det er ein fordel om søkjaren kan grunngje den faglege relevansen som yrkeserfaringa har for manusutvikling.
Tilleggsutdanning
Ved relevant tilleggsutdanning må søkjaren dokumentere utdanninga, og skildre det faglege innhaldet. Relevant tilleggsutdanning kan til dømes vere forfattarstudium, kreative skrivekurs eller liknande.
Vurdering
Opptakskomiteen gjer ei heilheitleg vurdering av kvar søkjar, basert på kvar einskild sitt søkjargrunnlag. Alle søkjarar blir rangerte etter heilheitsvurderinga før det blir gitt tilbod om studieplass.
Praktisk informasjon
Masterprogram i manusutvikling blir undervist på norsk. Utenlandske søkere må derfor legge ved
Spørsmål om opptakskrava kan rettast til: studiekonsulent.praktiskinfomedia@uib.no
Bachelorprogrammet blir kontinuerelig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no
Kvart emne vert evaluert av studentane kvart 3.år, av faglærer kvart år.
Programmet vert evaluert av ekstern programsensor over ein fireårsperiode.