Studiet er regulert gjennom
Mål og innhald
Mål:
Emnet har som mål at kunstnere og designere utviklar kunnskap om deira fags tyding, posisjon, relevans, progresjon og verdi, i eit bredt spekter av undervisnings- og formidlingsformer. Dette gjeld i forhold i skolen, og i ein større samfunnsmessig samanheng.
Emnet skal medverke til at kandidatane utviklar innsikt i den prosessen det er å planlegge, tilrettelegge og vurdere og reflektere over undervisning og formidling i kunst- og designfagene Emnet fokuserer særskild på undervisning i grunnskolen.
Kandidatene skal tilegne seg kunnskap om sentrale aspekt ved læringsprosesser i kunst og design, og kunne reflektere over samanhengen mellom eigen kunnskap, undervisning og elevenes læring. I løpet av studiet skal dei reflektere over paradokser og dilemmaer som kan knyte seg til det å være kunstnar/designar og lærar i kunst og design.
Emnet skal skape forståing for samtidskunstens og -designens betydning og potensiale som kilde for erfaringar, opplevelse og læring for elevene.
Gjennom studiet skal kandidatene få kjennskap til lovverk og planer som regulerer utdanningsfeltet for kunst og designfagene, og kritisk kunne analysere og vurdere plassen som faga har i skolen.
Sentrale tema
* Undervisingsplanlegging 5-10.trinn
* Læringsprosessar i kunst og design
* Grupper og gruppeprosesser
* Prosjektarbeid
* Vurderingsarbeid i kunst og design, spesielt retta mot grunnskolen
* Rollen som lærar i relasjon til rollen som kunstnar/ designar
Læringsutbytte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
har brei kunnskap om kunst -og designfagenes plass, begrunnelse og progresjon i skolen, basert på eit felles verdigrunnlag om demokrati, kulturelt og sosialt mangfold, bærekraftig utvikling, likestilling og likeverd, har kunnskap om de ulike aspekta ved kunst-og designlæraryrket, og korleis desse kan utviklast, har brei kunnskap om barn og unges utvikling, og forståelse for de ulike prosessene som påverkar elevenes motivasjon og læring i kunst og design, har brei kunnskap om lov- og planverk, skolen som organisasjon, rammebetingingar og styringsstruktur.
Ferdigheiter
Studenten
kan planlegge, gjennomføre, reflektere over og vurdere undervisning i kunst og design, på relevante trinn og læringsarenaer, basert på læreplanar, forskning, kunstnerisk utviklingsarbeid og eigen erfaring, kan differensiere relevante og varierte arbeidsmåter og arbeidsmetoder som motiverar, utfordrar og inkluderer elevar, og kan tilpasse opplæringa til interessene som eleven har, og til læringstempo og kunnskapsnivå, kan skape gode læringssituasjonar, kjenneteikna ved dialog, toleranse, respekt og omsorg for elevane, kan beskrive kjenneteikn på kompetanse til elevane, vurdere underveis, og kommunisere vurderingsarbeidet til elever/foresatte og kollegaer.
Generell kompetanse
Studenten
innehar en profesjonell holdning, og kan kritisk reflektere over faglige, profesjonsetiske og fag- og utdanningspolitiske spørsmål, kan vidareutvikle eigen kompetanse og bidra til både kollegers og skolens utvikling.
Pedagogikk (30 sp)
Studenten får innføring i sosiale og kulturelle føresetnadar for læring og undervising, læringsprosessar, undervisingsmetodikk og sosiale prosessar.
Fagdidaktikk (30 sp)
Denne delen vert vinkla frå kunstnarriske og designfaglege perspektiv på undervisingas formål, innhald og grunngjeving. Didaktikken drøfter også metodikk, praktisk tilrettelegging og vurderingsarbeid.
Praksis (60 dagar)
Studiet inneheld to praksisperiodar der studentane, anten individuelt eller i par, skal observere, vere medlærar og sjølvstendig gjennomføre eigne undervisingsopplegg i grunnskule og vidaregåande. Praksis er ein integrert del av dei øvrig emna, og genererer ikkje studiepoeng i seg sjølv.
Haust
Vår
Arbeids- og undervisningsformer
I emnet vert det lagt vekt på studentaktive arbeids -og undervisningsformer, i førelesningar, på seminar, i gruppearbeid og i workshops.
Studentane lærer i høg grad av kvarandre, og medstudentvegleidning er mykje brukt i samband med oppgåver som skal løysast eller skrivast.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er krav om 80 % frammøte på undervisning, og all undervisning er obligatorisk.
Det er to obligatoriske arbeidskrav i emnet, i form av oppgåver som skal leverast.