Studieprogram: PPU-KMD Praktisk pedagogisk utdanning - Vår 2019




Namn på grad

Årsstudium i Praktisk-pedagogisk utdanning for kunstnarar og designarar

Omfang og studiepoeng

Studieprogrammet for Praktisk-pedagogisk utdanning har eit omfang på 60 sp, tilsvarande 2 semester normert studietid.

Fulltid/deltid

Studiet vert teke som fulltidsstudium.

Undervisningsspråk

Undervisinga går føre seg fortrinnsvis på norsk. Praksis går òg føre seg i skular og institusjonar der undervisingsspråket er norsk. For å kunne ta del i undervisinga, samarbeidsprosjekta og praksis må søkarane meistre norsk tilsvarande nivået for Bergenstesten. Litteratur og somme foredrag kan vere på engelsk. Det vil difor vere ein fordel å kunne forstå engelsk munnleg og skriftleg.

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Studiet er regulert gjennom https://www.regjeringen.no/contentassets/0af748b886b64375bb877b33ac466ba8/forskrift_om_rammeplan_for_praktisk_pedagogisk_utdanning.pdfRammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning.

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål at kunstnere og designere utviklar kunnskap om deira fags tyding, posisjon, relevans, progresjon og verdi, i eit bredt spekter av undervisnings- og formidlingsformer. Dette gjeld i forhold i skolen, og i ein større samfunnsmessig samanheng.

Emnet skal medverke til at kandidatane utviklar innsikt i den prosessen det er å planlegge, tilrettelegge og vurdere og reflektere over undervisning og formidling i kunst- og designfagene Emnet fokuserer særskild på undervisning i grunnskolen.

Kandidatene skal tilegne seg kunnskap om sentrale aspekt ved læringsprosesser i kunst og design, og kunne reflektere over samanhengen mellom eigen kunnskap, undervisning og elevenes læring. I løpet av studiet skal dei reflektere over paradokser og dilemmaer som kan knyte seg til det å være kunstnar/designar og lærar i kunst og design.

Emnet skal skape forståing for samtidskunstens og -designens betydning og potensiale som kilde for erfaringar, opplevelse og læring for elevene.

Gjennom studiet skal kandidatene få kjennskap til lovverk og planer som regulerer utdanningsfeltet for kunst og designfagene, og kritisk kunne analysere og vurdere plassen som faga har i skolen.

Sentrale tema

* Undervisingsplanlegging 5-10.trinn

* Læringsprosessar i kunst og design

* Grupper og gruppeprosesser

* Prosjektarbeid

* Vurderingsarbeid i kunst og design, spesielt retta mot grunnskolen

* Rollen som lærar i relasjon til rollen som kunstnar/ designar

Læringsutbyte

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

har brei kunnskap om kunst -og designfagenes plass, begrunnelse og progresjon i skolen, basert på eit felles verdigrunnlag om demokrati, kulturelt og sosialt mangfold, bærekraftig utvikling, likestilling og likeverd, har kunnskap om de ulike aspekta ved kunst-og designlæraryrket, og korleis desse kan utviklast, har brei kunnskap om barn og unges utvikling, og forståelse for de ulike prosessene som påverkar elevenes motivasjon og læring i kunst og design, har brei kunnskap om lov- og planverk, skolen som organisasjon, rammebetingingar og styringsstruktur.

 

Ferdigheiter

Studenten

kan planlegge, gjennomføre, reflektere over og vurdere undervisning i kunst og design, på relevante trinn og læringsarenaer, basert på læreplanar, forskning, kunstnerisk utviklingsarbeid og eigen erfaring, kan differensiere relevante og varierte arbeidsmåter og arbeidsmetoder som motiverar, utfordrar og inkluderer elevar, og kan tilpasse opplæringa til interessene som eleven har, og til læringstempo og kunnskapsnivå, kan skape gode læringssituasjonar, kjenneteikna ved dialog, toleranse, respekt og omsorg for elevane, kan beskrive kjenneteikn på kompetanse til elevane, vurdere underveis, og kommunisere vurderingsarbeidet til elever/foresatte og kollegaer.

Generell kompetanse

Studenten

innehar en profesjonell holdning, og kan kritisk reflektere over faglige, profesjonsetiske og fag- og utdanningspolitiske spørsmål, kan vidareutvikle eigen kompetanse og bidra til både kollegers og skolens utvikling.

Opptakskrav

Det krevst bachelorgrad eller tilsvarande innafor visuell kunst eller design. Søkarane vert vurderte utifrå utdanning, erfaring, portfolio og motivasjonsbrev. Søkarar med master i kunst eller design og/eller undervisingserfaring vert prioritert.

Obligatoriske emne

Pedagogikk (30 sp)

Studenten får innføring i sosiale og kulturelle føresetnadar for læring og undervising, læringsprosessar, undervisingsmetodikk og sosiale prosessar.

 

Fagdidaktikk (30 sp)

Denne delen vert vinkla frå kunstnarriske og designfaglege perspektiv på undervisingas formål, innhald og grunngjeving. Didaktikken drøfter også metodikk, praktisk tilrettelegging og vurderingsarbeid.

 

Praksis (60 dagar)

Studiet inneheld to praksisperiodar der studentane, anten individuelt eller i par, skal observere, vere medlærar og sjølvstendig gjennomføre eigne undervisingsopplegg i grunnskule og vidaregåande. Praksis er ein integrert del av dei øvrig emna, og genererer ikkje studiepoeng i seg sjølv.

Rekkefølgje for emne i studiet

Haust

 

Vår

Arbeids- og undervisningsformer

Arbeids- og undervisningsformer

I emnet vert det lagt vekt på studentaktive arbeids -og undervisningsformer, i førelesningar, på seminar, i gruppearbeid og i workshops.

Studentane lærer i høg grad av kvarandre, og medstudentvegleidning er mykje brukt i samband med oppgåver som skal løysast eller skrivast.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er krav om 80 % frammøte på undervisning, og all undervisning er obligatorisk.

Det er to obligatoriske arbeidskrav i emnet, i form av oppgåver som skal leverast.

Vurderingsformer

Kvart av dei tre emna som inngår i studiet har eigne vurderingsformer og kriterier, med undervegs- og sluttvurdering. Emna har arbeidskrav undervegs i semesteret som skal godkjennast før studentane kan ta eksamen. I sluttvurderinga vert det nytta ulike kombinasjonar av heimeeksamen/mappeinnlevering og munnleg eksamen. Praksis vert gjennomført og vurdert i tråd med studiets praksisplan.

Karakterskala

Emna på haustsemesteret vert karaktersett med "bestått" / "ikkje bestått". Emna på vårsemesteret vert karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Relevans for arbeidsliv

Praktisk-pedagogisk utdanning byggjer på studentane sitt individuelle arbeidsfelt innanfor kunst- eller design og kvalifisererer for arbeid i grunnskule, vidaregåande opplæring, vaksenopplæring og andre aktuelle læringareanaar. Etter ferdig utdanning skal kandidatane kunne arbeide med elevgrupper innanfor eit stort aldersspenn og eit vidt spekter av evner, interessar, sosial og kulturell bakgrunn. Studiet rettar seg særskild mot arbeid med dei eldste elevane i grunnskulen og elevene i vidaregående opplæring. Det vil også vere relevant for arbeid i kulturskuler og på alle arenaar der det vert drive med opplæring i kunst eller design.

Evaluering

Studieprogrammet vert kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no.

Skikkavurdering og autorisasjon

Studiet har skikkavurdering og krav om politiattest.

Administrativt ansvarleg

Institutt for design v/ Fakultet for kunst, musikk og design har det administrative ansvaret for studieprogrammet.