Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) er eit yrkesretta, praksisbasert studium. Studiet er for søkjarar som har utdanning frå universitet og/eller høgskule, og som vil utdanne seg til å bli lærar. I studiet inngår pedagogikk, fagdidaktikk i undervisningsfaga og praksis. Studentane er til vanleg i praksis både i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen.
PPU skal gjennom undervisning i pedagogikk og fagdidaktikk utdanne lærarar som kan leggje til rette for, planleggje, gjennomføre og vurdere undervisning og læringsfremjande aktivitetar med utgangspunkt i forskings- og erfaringsbasert kunnskap. Eit anna viktig mål er at studentane får eit fundament for si faglege og profesjonelle utvikling, basert på teoretisk og metodisk innsikt så vel som evne til kritisk refleksjon kring fag, undervisning og læring. Studiet skal vidare kvalifisere studentane til å utvikle skulen som institusjon for læring og danning i eit demokratisk og fleirkulturelt samfunn.
Praksisopplæringa er læringsarena, forskingsområde og utprøvingsfelt for både pedagogikk og fagdidaktikk i undervisningsfaga, og må sjåast som ein integrert del av studiet. Eit viktig mål er å aktivere studentane si teoretiske innsikt i praksis, samt å forstå erfaringar frå praksis i lys av teori.
Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Kandidaten...
Ferdigheiter
Kandidaten...
Generell kompetanse
Kandidaten
For opptak krev ein følgjande:
Sjå elles eigne forskrifter om opptak til PPU, kor også rangeringa av søkarar vert omtala: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2018-02-15-241
Utfyllande informasjon om fagdidaktikktilbod, undervisningsfag og opptakskrav finn du på denne nettsida: https://www.uib.no/utdanning/laerer
Det er opptak til studiet kvar haust med søknadsfrist 15. april. Ein søkjer om opptak lokalt ved UiB gjennom Søknadsweb.
Alle emne som inngår i den enkelte student si utdanningsplan, inkludert praksis, er obligatoriske.
Studiet går over to semester, med oppstart om hausten. Pedagogikk, fagdidaktikk og praksis er likt fordelt på dei to semestera.
Studiet er lagt opp slik at det er progresjon i emna frå første til andre semester. Emna må difor normalt takast i intendert rekkefølgje.
For å kunne gå vidare frå første til andre semester må studenten ha:
- greidd praksis i første semester
- bestått tilstrekkelig progresjon i pedagogikk/fagdidaktikk i første semester. Normalt inneber det at minst to emne må være bestått, men enkelte fag kan ha eigne reglar.
Undervisinga er lagt opp som førelesingar, gruppeundervisning og seminar. I tillegg til teoriundervisninga er praksis ein viktig læringsarena.
Emna som inngår i studieløpet nyttar ulike kombinasjonar av vurderingsformer. Sjå dei enkelte emnebeskrivelsane for nærare detaljar om vurderingsform.
Avsluttande vurdering i PPU omfattar to hovudområde av studiet: praktisk lærardugleik, og skriftleg og munnleg eksamensarbeid. Vurderinga av den samla kompetansen inneber også ei vurdering av om studenten eignar seg for læraryrket («skikkethetsvurdering»). Sjå følgjande nettside: http://www.uib.no/utdanning/laerer
Studiet kvalifiserer for å arbeide som lærar i grunnskulen (særleg ungdomsskulen, men også mellomtrinnet), vidaregåande skule eller innan vaksenopplæringa. Saman med fagutdanning kvalifiserer praktisk-pedagogisk utdanning for stilling som lektor, adjunkt eller faglærar.
Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet om du har spørsmål: studierettleiar@psyfa.uib.no
Tlf. 55 58 27 10
Praktisk-pedagogisk utdanning er eit yrkesretta, praksisbasert studium. I studiet inngår pedagogikk, fagdidaktikk i to fag og praksisopplæring. Siktemålet med studiet er å utdanne lærarar som kan leggje til rette, planleggje, gjennomføre og vurdere undervisning gjennom refleksjon over elevane si læring. Instituttet vil leggje til rette for at studentane, i tillegg til teoretisk forståing og kunnskap om læring, kan tilegne seg praktiske, pedagogiske røynsler og evner, og skape eit utgangspunkt for vidare utvikling i yrket.
Studieprogrammet er knytt til Det psykologiske fakultet ved Universitetet i Bergen. Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) er eit studium for studentar som har utdanning frå universitet og/eller høgskule, og som vil utdanne seg til lærar. Studiet er sett saman av pedagogikk, fagdidaktikk i to fag og praksis.
Pedagogikk
Pedagogikk er vitskapen om læring, undervisning og oppseding. For å utvikle kunnskap om dei sosiale og kulturelle føresetnadene for og konsekvensane av desse prosessane, er ein i pedagogikken oppteken av sosialiseringsprosessar generelt. På makronivå studerer ein kunnskapsgenerering, kunnskapsforvaltning og kunnskapsutvikling i samfunnet. På mikronivå studerer ein utvikling, læring og meistring hos individet.
Fagdidaktikk
Fagdidaktikk kan definerast som refleksjonar kring eit fag og kring undervisning i faget. Dette inneber eit metaperspektiv på fag og kunnskapsutvikling. Kjernen i fagdidaktikken er spørsmålet om legitimering av faget, og andre sentrale spørsmål handlar om innhald, danning og metode. Innføring i praktiske grep, metodar og teknikkar ein kan nytte i undervisninga i eit fag, er også ein del av fagdidaktikken, og sameleis drøfting og problematisering av slike teknikkar. I den praktisk-pedagogiske utdanninga må ein sjå slike spørsmål i samanheng med formidling av faget til ulike elevgrupper i ein opplæringssituasjon.
Praksis
Praksisopplæringa er læringsarena, forskingsområde og utprøvingsfelt for både pedagogikk og fagdidaktikk, og må sjåast som ein integrert del av studiet. Studentane er vanlegvis i praksis i ungdomsskulen og/eller den vidaregåande skulen.
UiB kan tilby fagdidaktikk og praksisopplæring i sentrale skulefag som språkfag, samfunns- og idéfag og realfag.
Opptak til Praktisk-pedagogisk utdanning byggjer på følgjande utdanningsbakgrunn:
Sjå elles eige opptaksreglement.
Du må vere kvalifisert for å følgje to av fagdidaktikkemnene som UiB har tilbod i for å kunne byrje på PPU. Utfyllande informasjon om fagdidaktikktilbod, undervisningsfag og opptakskrav finn du på denne nettsida:
http://www.psyfa.uib.no/index.php?valg=nysql&id)4Det er opptak til studiet kvart semester, med frist 15. april for haustsemesteret, og 15. oktober for vårsemesteret. Ein søkjer om opptak lokalt ved UIB gjennom Søknadsweb. Informasjon om søknadsprosedyrer:http://www.psyfa.uib.no/index.php?valg=nysql&id)4
Undervisninga er lagt opp som førelesingar, gruppeundervisning og seminar. I tillegg til teoriundervisninga er praksis ein viktig læringsarena.
Tilbodet vil variere frå opptak til opptak. Informasjon om fagdidaktikktilbod kommande haust:
https://www.uib.no/utdanning/laerer/studietilbud/opptak/opptak-til-praktisk-pedagogisk-utdanning/fagdidaktisk-tilbod-i-ppu
For innhald og læringsmål i dei einskilde faga sjå studieplanar tilhøyrande dei einskilde emnekodane.
Praksis er obligatorisk. Innanfor nokon kurs vil det vere obligatorisk frammøte (sjå planene for einskilde fag). Innføringskursa i første semester er obligatorisk for alle studentar. Nokon fag stiller krav om obligatoriske arbeidsoppgåver som studentane må ha fullført for å få gå opp til eksamen.
2 av 3 emner samt praksis i første semester av PRAPED må vere greidd for at studenten skal kunne halde fram på andre semester. I begge semester er orienteringsmøtet og all undervisning den første veka obligatorisk. Einskilde didaktikkfag har også obligatoriske aktivitetar. Det er 100% obligatorisk frammøte til seminara i pedagogikk, og 100 % obligatorisk frammøte til praksisopplæringa.
Avsluttande vurdering i PPU omfattar to hovudområde av studiet: praktisk lærardugleik, og skriftleg og munnleg eksamensarbeid. Vurderinga av den samla kompetansen inneber også ei vurdering av om studenten eignar seg for læraryrket («skikkethets.vurdering»). Sjå nettsidene til Det psykologiske fakultet, eller studieplanen, for meir informasjon om vurdering: http://www.psyfa.uib.no/index.php?valg=nysql&id)3&sub7&sub2)3
Studiet kvalifiserer for å arbeide som lærar i grunnskulen (særleg ungdomsskulen, men også mellomtrinnet), vidaregåande skule eller innan vaksenopplæringa. Saman med fagutdanning kvalifiserer praktisk-pedagogisk utdanning for stilling som lektor, adjunkt eller faglærar.
Det er ikkje lagt opp til delstudium i utlandet i løpet av studiet.