Studieprogram: ÅRHF-FILO Årsstudium i filosofi - Vår 2019




Omfang og studiepoeng

60 studiepoeng.

Undervisningsspråk

Norsk og engelsk.

Studiestart - semester

Haust og vår.

Mål og innhald

Filosofien har ein lang tradisjon og mange sentrale berøringspunkt med andre vitskapar, samstundes som den og tek opp meir allmenne spørsmål som til dømes tilhøvet mellom vitskap, teknologi og kultur, tru og viten, språket og verda, individ og samfunn, makt og legitimitet osb. Det er eit særskild kjenneteikn ved filosofi som fag at god innsikt i dets eige historie er ein sentral del av faget sjølv. Gjennom arbeid med grunnleggjande filosofiske problemstillingar like frå antikken til vår ega tid vil studentane få forståing av filosofien sin eigenart, med tema frå både teoretisk filosofi (kunnskapsteori, metafysikk, vitskapsfilosofi med meir) og praktisk filosofi (etikk, politisk filosofi, estetikk med meir).

Årsstudiet er særleg retta mot lærarar i den vidaregåande skulen som skal undervise i faget "Historie og filosofi" og mot lærarstudentar som ynskjer eit år med filosofi i utdanninga si.

Studiet vil og høve godt for dei som ynskjer ei innføring i filosofi, men som ikkje er interessert i å ta ein full bachelorgrad.

Studenten vil få trening i å lese og fortolke filosofiske originaltekstar. Samstundes står oppøving av skriftleg og munnleg formidling sentralt.

Årsstudium i filosofi gjev grunnlag for opptak til praktisk pedagogisk utdanning - PPU.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Ein student med fullført årsstudium i filosofi skal ha

Dugleik:

Ein student med fullført årsstudium i filosofi skal kunne

Kompetanse:

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Tilrådde forkunnskapar

 Examen Philosophicum

Obligatoriske emne

Årsstudiet i filosofi har eit omfang på 60 studiepoeng (1 år). 50 av studiepoenga er følgjande obligatoriske emne:

 

Dei 10 valfrie studiepoenga i årsstudiet kan veljast frå følgjande emne:

Tilrådde valemne

Gjennom dei valfrie emna får studenten mellom anna høve til å fordjupe seg i eit eller to filosofiske særområde eller -retningar, anten frå nyare eller frå eldre tid. Døme på slike kan vere politisk filosofi, etikk, erkjenningsteori, metafysikk, eksistensialisme, fenomenologi, fransk samtidsfilosofi, etc.

Det er og høve til å velje anten oversynsemne eller fordjupningsemne innan idéhsitorie.

Her må studenten velje mellom dei emna som instituttet tilbyr undervisning i.

Når det gjeld dei opne emna på 200-nivå, vil tilbodet variere frå semester til semester. Nokre av emna byggjer på delar av 100-emna, men mange av dei vil og høve bra for studentar som tek spesialiseringa si i eit anna fag og som ønskjer seg eit filosofisk perspektiv på dette.

Sjå emneoversyn for alle valemne i filosofi.

Rekkefølgje for emne i studiet

Det vanlege er å byrje på årsstudiet i filosofi om våren. Anbefalt progresjon i studiet:

Det er også mogeleg å byrje på årsstudiet om hausten. Studentar som ynskjer dette må kontakte studierettleiar@fof.uib.no på førehand.

Krav til progresjon i studiet

For ein fulltidsstudent er normal studieprogresjon 30 studiepoeng kvart semester.

Studiestader

Bergen

Undervisningsmetodar

Programmet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes forelesingar, seminar, individuell rettleiing og grupperettleiing.

Sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vurderingsformer

Gjennom programmet blir studentane prøvd på ulike måtar, eksempelvis ved skuleeksamen, heimeeksamen, rettleia oppgåve og munnleg prøve.

Sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Grunnlag for vidare studium

Årsstudiet tilsvarer den obligatoriske delen av spesialiseringa i en bachelorgrad i filosofi.

Relevans for arbeidsliv

Årsstudiet i filosofi gjev gode allmennkunnskapar som kan nyttast i ei rekkje yrke.

Programmet er særskild retta mot lærarar i faget "Historie og filosofi" i den vidaregåande skulen, men i kombinasjon med eit eller fleire andre sentrale skulefag, vil ein og kunne gå inn som undervisar på ulike trinn i skuleverket.

Meir generelt gjer programmet deg skikka til å analysere og tolke tekstar og dokument. Du blir øvd opp til å argumentere og til å gje munnlege og skriftlege presentasjonar der du ser ei sak frå fleire sider.

Evaluering

Spesialiseringa og dei einskilde emna vert evaluerte med jamne mellomrom.

Programansvarleg

Institutt for filosofi og førstesemesterstudiar

Administrativt ansvarleg

Institutt for filosofi og førstesemesterstudier