Studieprogram: ÅRHF-FRAN Årsstudium i fransk - Høst 2019




Mål og innhald

Studenten skal øve opp evna til å skjøne og bruke moderne fransk skriftleg og munnleg. Studenten skal òg skaffe seg kjennskap til fransk språk- og litteraturvitskap. Det er lagt vekt på tileigning av kunnskapar og praktiske evner, men det er òg viktig at studentane byggjer opp ei sjølvstendig og reflekterande haldning til stoffet. Gode språkkunnskapar trengst for å skjøne dei litterære verka, og inngåande kjennskap til eit representativt utval tekster er ein føresetnad for ei nyansert forståing av det franske språket. Det høyrer òg med ei innføring i kultur og samfunnstilhøve i Frankrike og andre fransktalande land. Kulturkunnskapsdisiplinen dannar ein naudsynleg bakgrunn for språk- og litteraturstudiet.

Tilrådde forkunnskaper

Franskkunnskapar tilsvarande nivå 2 frå vidaregåande skole.

Undervisning

Undervisningsformene på dei fire emna i årsstudiet femner om både førelesingar og gruppeundervisning. For nærare opplysningar, sjå studieplanane for dei einskilde emna.

Fageining og spesialisering

Årsstudiet i fransk er bygd opp av disiplinar i språk, litteratur, kultur og historie. Dei ulike disiplinane er gruppert under fire emne på 15 studiepoeng kvar:

FRAN101: Fransk grammatikk

FRAN102: Fransk litteratur

FRAN103: Fransk kulturkunnskap og omsetjing fransk-norsk

FRAN115: Fonetikk/samfunnskunnskap

Årsstudiet i fransk kan gå inn i ein bachelorgrad, anten som del av ei spesialisering i fransk eller som støttefag i bachelorgraden. Ei spesialisering i fransk (grunnlag for opptak til masterstudium) skal, i tillegg til dei 60 studiepoenga på 100-nivå (årsstudiet), innehalde 30 studiepoeng på 200-nivå.

Vurdering / Eksamensformer

Sjå emneplanane for dei einskilde emna.

Oppstart

Årsstudiet i fransk startar opp kvart vårsemester.
Det vert ikkje tilrådd at franskstudentane startar på 100-nivåstudiet i haustsemesteret.

Administrativt ansvarleg

Institutt for framandspråk (studierettleiar@if.uib.no)

Planforslag

Årsstudiet i fransk er eit fulltidsstudium, med undervisning og eksamen i to parallelle emne kvart semester. I første semester (vårsemesteret) tar du FRAN101: Fransk grammatikk og FRAN103: Fransk kulturkunnskap og omsetjing fransk-norsk. I andre semester (haustsemesteret) tar du FRAN102: Fransk litteratur og FRAN115: Fonetikk/samfunnskunnskap.