Emner: ALLV112 Allmenn litteraturvitenskap: Eldre litteratur og poetikk fra middelalder/renessanse til opplysningstiden/romantikken - Høst 2019




Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk 

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

 Emnet består av ei rekke litterære hovudverk og eit utval sentrale tekstar om grunnlagsproblem i eldre litteraturteori (historisk poetikk) frå mellomalder/renessanse til opplysningstida/romantikken.

Utvalde sekundærlitterære tolkingar av sentrale pensumverk inngår òg i studiet.

ALLV112 er ein obligatorisk del av spesialiseringa i allmenn litteraturvitskap.

Læringsutbyte

 Kunnskapar

Etter fullført emne har studenten

 

Ferdigheiter

Etter fullført emne kan studenten

 

Generell kompetanse

Etter fullført emne kan studenten

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen 

Studiepoengsreduksjon

Overlapp ALLV102 10 studiepoeng og ALLV103 5 studiepoeng

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen. 

Arbeids- og undervisningsformer

 Undervisninga blir gitt i form av førelesingar og diskusjon samt praktiske skriveøvingar i kollokvium. Normalt omfang er fire til seks undervisningstimar og to kollokvietimar per uke i undervisningsperioden.

 

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å møte til minimum ei rettleiing.

Vurderingsformer

 Skriftleg semesteroppgåve på 3000-3500 ord og munnleg eksamen.

Oppgåva skal leverast til oppsett frist på slutten av semesteret. Til munnleg eksamen kan ein bli eksaminert i heile pensum.

 

Kandidaten må greie begge eksamensdelane i same semester. Kvar del tel 50% av den samla karakteren.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Karakterskala A - F.

Vurderingssemester

Vår. Det er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar.

Litteraturliste

Emnet består av episk (narrativ) litteratur, lyrikk, drama og essay og eldre litteraturteori. Pensumet er samansett både av skjønnlitteratur og av teoretiske tekstar.

Studentar som vil gjere endringar i høve til standard pensum, må levere inn og få godkjent pensumliste for emnet. Opplysningar om innleveringsfristar står på Mi Side eller blir opplyst ved instituttet.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for litteraturvitskap

Emneansvarleg

Fagmiljøet i allmenn litteraturvitskap

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no